All posts by Hilde Sandvik

  • Ein debattleiars vedkjenning

    86,6 prosent av Firda.nos lesarar (i ei særs lite representativ undersøkjing, må seiast) svarte nyleg nei på spørsmålet om valkampen kom til å avgjere kva parti dei skulle stemme på.

    (kva ville du svart? svar gjerne i kommentarfeltet).

    Då er det ikkje så rart at lokalpolitiske livedebattar kan vere tunge å jazze opp. Difor vil eg berre for ein liten augneblink, vende blikket mot debattleiarane i det ganske land som no sit og førebur seg. Som ikkje har NRK eller TV2 sine researchteam i ryggen, som ikkje har sminkedamene og friske fruktfat på bakrommet: Lokalavisjournalistar, rektorar, samfunnsengasjerte bibliotekarar eller prestar. De er valde, ikkje berre til å vere Skavlan eller Bjørn Hansen. De skal få det til å svinge rundt ordførarkandidatar utan så mykje som litt pudder, vegsikkerheitsproblematikk, kommunebudsjett, eldre, uføre og inneklimaet på skulen. Så pass mykje har folk sett på Oddvar Stenstrøm og Nina Owing at dei stiller urimelege krav.

    Det skal dei vite: Det er ikkje ein lett jobb de har tatt på dykk!

    Ein debattleiar eg kjenner, sovna ein gong midt i debatten han leia, Sjøl har eg sett svarte svevande ufoar framfor augo mine medan eg prøvde å fokusere på ein politikar, eg trur det var Janne Håland Matlary,  utan snøring på kva det var vi snakka om. Hadde ho sagt noko? Skulle eg respondere? Ho konkluderte, sikkert heilt korrekt, med at ho nok hadde fått betre spørsmål i utlandet.

    Det er i det heile tatt mykje å bli sett ut av om ein brått skulle miste konsentrasjonen (av mannen som snorkar på første rad, ho som snakkar høgt med naboen, eller, det må innrømmast, lange poenglause og kjedelige innlegg ein ikkje greier å bryte av tidsnok).

    Så: Lukke til. ikkje sov på vakt, og hald gjerne augo opne for debattdödare. Her er eit knippe å høyre etter, både som publikum og deltakar.

    Stråmannsargumentasjon: Ta motstandarens argument, forstørr, forvreng – og så angrip.

    Detaljisten: Legg debatten på eit detaljnivå som tvinger 95 prosent av debattdeltakarane til kapitulasjon og overlet resten til kverrulantar og nerdar.

    Mistenkeleggjering av motiv.

    Spel sutra og foruretta.  Det minner om filming i fotball og er like effektivt for å stanse spelet.

    Ta mannen, ikkje ballen

    Og så den vanlegaste teknikken: la vere å svare på det ein spør om.

    I kveld er det partileiardebatt på tv.