Leige av sjøareal

Oppdrettsnæringa bør førebu seg på å betala leige til kommunane for sjøanlegga.

EIT AV LANDETS største selskap for oppdrett og foredling av laks og aure vil betala vertskommunane for å leggja til rette for oppdrett. Sjøtrolls konsernsjef, Hans Runshaug, seier til Bergens Tidende at ein ikkje kan venta at kommunane vil akseptera å få lite eller ingenting att for dei sjøareala som oppdrettsnæringa disponerer. Konsernsjefen har rett i den vurderinga. Leigekrava kjem truleg til å bli meir og meir høglydde inntil næringa betaler for seg på eitt eller anna vis.

STADIG FLEIRE kommunar nektar å avstå areal til oppdrett. Dersom oppdrettsanlegga ikkje medfører nye arbeidsplassar, risikerer vertskommunane å berre sitjande att med ulempene. Anlegga hindrar eller begrensar andre aktivitetar, og medfører forureining. Det er forståeleg at lokalsamfunna krev noko att for å akseptera slike inngrep i deira verdiar.Oppdrett er Noregs nest største eksportindustri, bygd opp gjennom langvarig, privat satsing, med offentleg bistand. Statleg regulering i forma av konsesjonar har vist seg å vera påkravd, ikkje berre av miljøomsyn, også for å avverga nærsynte eigeninteresser i næringa, med fare for den typen kollaps som har skjedd i Chile. Den førre fiskeriministeren, Helga Pedersen (Ap) ville innføra ein form for arealleige, slik skotske oppdrettarar må betala. Det fekk ho ikkje gjennomslag for i Regjeringa.

SLIK AREALLEIGE kan sjåast på som ein form for grunnrente, ei samfunnsavgift for fleire næringar som haustar av fellesgode, slik til dømes vasskraftnæringa gjer – og betaler kommunane for. Arealleige vil ikkje fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen (AP) uttala seg om.Ho seier ho forstår kravet om meir avkastning for lokalsamfunna, men etterlyser andre gode idear for å blidgjera kommunane. Kommunane må gjerne delta i ein slik kamp. Dei kommunane som legg best til rette for næringsutvikling, må oppleva at dei har noko att for strevet. Men fiskeriministeren gjer det for lett for seg når ho gjer arealleige til eit ikkje-spørsmål. Konsesjonstildelinga har som føremål å skaffa dei lokalitetane der oppdrett gjer minst mogleg skade, uavhengig av talet på arbeidsplassar i kjølvatnet av anlegga. Ulempene vert ikkje mindre på dei stadene der det ikkje er økonomisk grunnlag for nye arbeidsplassar.

AREALAVGIFT etter skotsk målestokk ville gje inntekter av stor betydning for mange kystkommunar. Norske kommunar må gjerne få fridom til å variera avgiftsnivået, slik dei kan med eigedomsskatten. Oppdrettsnæringa må betala for seg, om oppdrett skal sleppa å bli erklært uønskte i stadig fleire kommunar.