Fattige barn

 

Talet på fattige barnefamiliar har auka sterkt den siste tiårsperioden. Om lag 74.000 barn under 18 år lever no i familiar med varig, låg inntekt. I Jens Stoltenbergs to regjeringsperiodar er det blitt 6500 fleire fattige barn, trass i løfte om intensivert kamp mot fattigdommen, særleg målbore av SV. Heller ikkje dei to Bondevik-regjeringane greidde å snu denne utviklinga. «Arbeidslina», at det skal løna seg å vera yrkesaktiv, har stått i vegen for auka offentleg støtte til dei fattige. Behovsprøvd barnetrygd kan vera ein utveg.
Veksten i talet på fattige barnefamiliar er spesielt sterk blant ikkje-vestlege innvandrarar. Det skuldast ofte ein kombinasjon av store barneflokkar og låg yrkesdeltaking blant foreldra. I familiar med bakgrunn frå Irak, Afghanistan og Somalia lever opp mot sju av ti barn i familiar med vedvarande, lav inntekt. Det er eit skremmande høgt tal, spesielt med tanke på at alle fattige barn, uavhengig av etnisitet, er ekstra utsette for å bli fattige vaksne, som igjen får fattige barn. Det er fare for at store deler av dei mest vanskelegstilte innvandrargruppene ikkje kjem seg ut av denne sirkelen.
«Arbeidslina» har lenge vore den politiske prioriteringa både for integrering av innvandrarar og kampen mot fattigdommen. Forsommarens rapport om velferd og integrering gjekk langt i å understreka kor viktig yrkesdeltaking er. Det vart framheva som uheldig at ein del velferdsordningar, som særleg kom barnerike familiar til gode, kunne gje større inntekt enn arbeid. Kontantstøtta vart tilrådd avvikla for å få fleire innvandrarkvinner i arbeid.
Det må løna seg å vera i arbeid for at velferdsstaten skal vera berekraftig. Samtidig er det vanskeleg å koma unna auka økonomisk støtte til dei foreldra som treng det mest, dersom barnefattigdommen skal reduserast. Ein utveg kan vera støtteordningar som ikkje blir inndregne ved lave arbeidsinntekter, som barnetrygd. Behovsprøvd barnetrygd ville vera eit brot med dei universelle velferdsordningane. Med behovsprøving og høgare ytingar kunne barnetrygd blitt ei viktig inntektskjelde for fattige foreldre, som gjerne ikkje får godt betalte jobbar.
Sosialhjelp, som kommunane har ansvar for, er alt behovsprøvd. Sosialhjelp må også målrettast mot barnefattigdommen. Kommunane kan dessutan sørgja for at alle skuleaktivitetar og flest mogleg fritidsaktivitetar er gratis, for ikkje å setja desse barna og foreldra deira i klemme.
Norsk fattigdom handlar ikkje minst som å kjenna seg utanfor og ikkje verdsett. Flest mogleg barn bør få sleppa den opplevinga.