To see, or not to see

Kva er eigentleg talent?

VINNARANE: Kva er eigentleg talent? Ordboka Webster definerer talent som å ville, ønskje og ha lyst til. Her er eit godt døme på det: Årets Norway Cup-vinnarar frå Tertnes.

SKREIV DU nokon gong stil om korleis det ville gå med klassekameratane dine? Då eg gjekk på ungdomsskulen midt på åttitalet fekk me oppgåva «Mine klassekameratar i år 2000». Tittelen oste science fiction.

Det var vanskeleg å tenkje seg at verda ville vare over tusenårsskiftet. Endå verre å førestille seg at me, ungdommar på femten, nokon gong kunne bli så hauggamle som tretti år.

LIKEVEL. Når stilen først måtte skrivast, virka oppgåva enkel. Klassekameratane hadde eg jo kjent heilt sidan første skuledag. Me hadde med andre ord jobba i lag over halve livet. Me hadde sunge alltid freidig i kor, og spelt blokkfløyte så spyttet spruta. Krangla, kasta lappar, og blitt kryssforhøyrde i dei ti bod med forklaring. Tatt lappen i multiplikasjonstabell. Dribla og takla i utallige friminutt. Kort sagt: Me kjente kvarandre. Me burde hatt verdas beste grunnlag for å spå.

Nå, med fasiten i boks, er det berre å innrømme: Eg bomma så det suste. Eit par av mine jamnaldrande blei knallgode på område eg aldri hadde drøymt om. Den eine hadde i tenåra nærmast klippekort på sisteplassar i idretten sin, men heldt likevel fram å konkurrere. Vedkommande var den einaste av oss som blei idrettsutøvar på høgt nivå. Då hadde klassen si «barnestjerne» lagt opp for lengst.

BARNESTJERNA VAR MEG. Frå eg var 12 til 16 år fekk eg raust med spalteplass i lokalavisa, gjerne kvar gong eg hadde vunne eit idrettsstemne eller sett ein ny rekord. Merksemda var litt stas, og litt pinleg.

Det ingen skreiv, var at eg var tidleg utvaksen. Då eg i tillegg la inn ein halvtime spesifikk trening kvar dag, var det nok til å vinne. Heldigvis forsto eg sjølv at det berre var eit tidsspørsmål før dei andre tok meg igjen.

DET ER SJØLVSAGT ikkje gale å vera moden, ha god teknikk eller stor treningsiver i ung alder. Feilen er når me vaksne legg for stor vekt på slike tidlege ”talent” og deira prestasjonar. Tidlege stjerner får mest skryt, og mest speletid. Dei må jo få utvikle seg vidare. Dessutan toppar alle andre også laget. Og ungane vil jo vinne, ikkje sant?

Faren er stor for at dei kommande vinnarane er dei talenta me ikkje ser straks. Forsking på norske toppidrettsutøvarar har vist at dei beste seniorane nesten aldri var best som barn.

Grete Waitz, Vebjørn Rodal, Stig Inge Bjørnebye, Ole Gunnar Solskjær, og Therese Johaug blomstra tvert imot seint. Akkurat som Erik Huseklepp, eller min medelev med alle sisteplassane. Det er gjerne dei som vinn til slutt. Etterpå, når resultata er synlege for alle, stemplar me vinnarane som talent. Men kva betyr eigentleg det?

EKSPERTANE ER IKKJE EINIGE. Nokre ser på talent som ei ”indre” og naturgitt kraft på eit visst område, gjerne kreativt. Andre hevdar at talent også kan vere tillærde ferdigheiter.

Men det finst ei tredje interessant forklaring. Ordboka Webster definerer talent som å ville, ønskje og ha lyst til. Den som vil mest, er i så fall det største talentet. Tanken er spennande. Den forklarer kvifor me ofte bommar i vurderinga av andre. For korleis måler du styrken i eit ønskje? Og; når blir viljen synleg?

NYLEG MØTTE EG ei dyktig dame. Ho fekk sitt store gjennombrot etter at ho fylte førti. Etter å ha vore heime med fire barn, starta Gunhild sitt eige klesmerke. Kort etter blei ho kåra til årets designer i Paris. «Det aller beste er å sjå at folk vil gå i kleda mine», strålte designaren. Ho fortalte om ein tøff bransje, hektiske dagar, men først og fremst om kor kjekt det var å jobbe med det ho verkeleg ville. Ønskjet, lysta og evnene hadde alltid vore der. Talentet blei til resultat då ho bestemte seg for å satse hundre prosent.

Mannen bak eit av Skandinavias leiande motehus, Bjørn Bruun, besøkte denne veka moteveka Raff i Bergen. Hans suksessoppskrift var klar: Det viktigaste for å lukkast er vilje og ambisjonar.

Manchester United toppar ikkje laget. Ikkje Molde heller

KORLEIS KAN ME trene opp lysta til å jobbe hardt? Symjing blir rekna som ein av idrettane som krev mest trening for å bli god. I går var eg på møte i symjeklubben der dotter mi går. Trenarane, med tung toppidrettsbakgrunn, begynte med å gå gjennom klubben si hovedmålsetjing: Første punkt var å gi opplæring i grunnleggjande teknikk. Så kom det på rekkje og rad: Skape glede. Samhold. Plass for alle.

Akkurat desse ideala ryk til når ambisiøse vaksne vil sjå raske resultat. Speletid for alle blir oppfatta som motsetninga til satsing og siger. Kvifor det? Manchester United toppar ikkje laget. Ikkje Molde heller. Eller Tertnes, som vann årets Norway Cup for jentelag.

ROSENBORGS Bjørn Hansen fekk ein gong spørsmål om kva kriterier han la vekt på i jakta på unge talent. Svaret kom kontant: Glede, vilje, etikk og sosiale ferdigheter.

Mine klassekameratar viste seg å ha ambisjonar eg ikkje ante noko om. Difor eit godt råd til slutt: Ta deg godt av den dårlegaste på laget. Han eller ho kan vere den med størst talent. Akkurat slik det var i min klasse.