rCharts: Meininga med livet?

Eg har lett etter den ultimate R-pakka for journalistar. rCharts kjem nær.
Skjermbilde 2013-11-11 kl. 13.16.24

rCharts er laga for å lage, modifisere og publisere javascript-visualiseringar. Mannen bak er ein smart fyr som heiter Ramnath Vaidyanathan. Github-sida hans gjev nokre gode døme på kva som er mogleg å få til med rCharts.

Det geniale med rCharts er at Vaidyanathan har ambisjon om å koble seg på dei feitaste javascript-biblioteka som finst, deriblant Highcharts og den heilage gralen, D3. Denne vesle økonomigrafen har Vaidyanathan til dømes laga ved å bruke MorrisJS.

For å teste kor gøy og lett rCharts er, lasta eg ned ein csv-fil frå ssb.no med statistikk over norsk migrasjon (altså immi- og emi-) sidan 1960.

Eg lasta inn csv-filen i R på standard måte og endra nokre kolonnenamn:
mig <- read.table('migrasjon.csv', header=TRUE, sep=";", stringsAsFactors=FALSE)
colnames(mig) <- c('År', 'Inn', 'Ut', 'Netto', 'Nor_inn', 'Nor_ut', 'Utl_inn', 'Utl_ut', 'X')
mig$X <- NULL

Deretter ville eg publisere data som viser nettoinnvandring år for år. Eg lasta inn eigen farge frå RColorBrewer og nytta rCharts til å publisere ved hjelp av det utruleg vakre js-biblioteket NVD3.

library(RColorBrewer)
require(devtools)
install_github('rCharts', 'ramnathv')

help.search("RColorBrewer")
display.brewer.all(n=10, exact.n=FALSE)
mycolors <- brewer.pal(5, "Greens")
mycolors <- rev(mycolors)
mig2 <- nPlot(Netto ~ År, data=mig, type = 'multiBarChart')
mig2$chart(color=mycolors)

print(mig2)

Fordelane med R og med rCharts er mange: Du må kunne minimalt med kode. rCharts spyttar ut fiks ferdig HTML, og resultatet ser slik ut (klikk for interaktivitet):
Skjermbilde 2013-11-11 kl. 14.00.56