Ein guide til Love Actually

Har du óg sett Love Actually for 31. gong i jula? Er du framleis usikker på korleis rollefigurane eigentleg kjenner kvarandre?
la

Eg elskar Love Actually. Filmen er proppa full av somme av mine favorittskodespelarar, det er ei varm historie, godt fortald, og så likar eg filmar der mange historier er knytt saman til ei. Som Babel. Og Short Cuts. Love Actually er såleis ein perfekt film å slå i hjel julefritida med.

Det tok ei stund før eg fekk med meg alle relasjonane mellom rollefigurane i filmen. Framleis kan eg finne koblingar eg ikkje har lagt merke til før. Men så las eg denne artikkelen, der forfattaren dissekerte dei seksuelle relasjonane i Grey´s Anatomy. Og så tenkte eg å bruke litt av jula på å gjere det same med Love Actually. Kven kjenner kven? Og kva for relasjonar driv historiene framover?

Eg nytta igraph, ei open source-pakke for å lage relasjonsgrafar. igraph er mellom anna laga for R. Eg har ikkje rukke å setje meg inn i alle finessane, og igraph ser ut til å ha veldig mange fine funksjonar. Men det var ikkje mange kodelinene eg trengde for å lage kartet.

Datasettet klimpra eg ned sjølv i løpet av ei framsyning av filmen. Det er ikkje komplett, men det inneheld i alle fall alle dei viktigaste koblingane mellom menneska i filmen. Datasettet finn du her.
Eg lagra datasettet lokalt som ein .csv-fil og køyrde dette scriptet:

# Koblingar i Love Actually
library(igraph)
la.data <- read.csv('la.csv', header=TRUE, sep=",")
g <- graph.data.frame(la.data, directed=FALSE)
g$layout <- layout.fruchterman.reingold(g)
V(g)$size <- degree(g) * 2
btw <- betweenness(g)
btw.score <- round(btw) + 1
btw.colors <- rev(heat.colors(max(btw.score)))
V(g)$color <- btw.colors[ btw.score ]
V(g)$label.cex <- 0.7
plot(g)

Fruchterman-Reingold er grafar der ein ser for seg at to relasjonar er bundne saman av ein kraft mellom seg, representert ved to kular (nodar) og ein strek (kraften). Styrkeforholdet lesast ut av storleiken på nodane, avstand mellom dei, og i dette tilfellet fargen på nodane.
For dei som er særskild interessert i emnet, her er avhandlinga deira frå 1991.

Storleiken på nodane i min graf representerar talet på kolingar til den einskilde noden. Eg har òg køyrd ein «betweenness»-analyse som tel kor mange korte stiar i systemet som passerer kvar node. Det seier noko om kor lett det er å kome seg rundt i resten av systemet sett frå ein bestemt node. Jo raudare node, jo meir sentral er han.

la2

Vi ser at dei tilsette i firmaet som Harry (Alan Rickman) leiar, er navet i historia. Mark, han med plakatane, blir knytt til dei ved at galleriet hans blir utleigd til firmafesten deira. Colin (han som dreg til Amerika for å sjekke damer) jobbar i eit cateringfirma og kjem i kontakt med mange av rollefigurane. Her har eg berre tatt med dei han har samtalar med og som sjølve har ein sentral plass i historia.

Mia, som forfører Harry, viser seg å vere nabo til Natalie, som sjarmerer den britiske statsministeren (og den amerikanske presidenten), som er bror til Karen som er kona til Harry. Rufus er den keisame smykkeseljaren (Rowan Atkinson) som både irriterer Harry under juleinnkjøp og uforvarande hjelper Sam med å nå Joanna att på flyplassen.

Den gamle rockelegenden Billy Mack har ingen direkte kjennskap til nokre av dei andre, bortsett frå manager Joe, men han hjelper indirekte Sam to gonger: Han inspirerer han til å lære seg å spele trommer, og han distraherer flyplasspersonalet med å spele naken på TV slik at Sam når heilt fram til Joannas gate.

Sånn heng det i hop. No, gå og sjå filmen ein gong til!