Tafatte politikarar

Har vi eigentleg lov å klage over at det ikkje sikkert vert ei kvit jul, når det er vi sjølve som skapar problema?

Protest: Greenpeace under toppmøtet i Durban. Foto: Reuters

Klimatoppmøtet i Durban vart avslutta på overtid, og ein av dei få tinga verdas leiarar vart einige om var ein klimaavtale som skal bli forhandla fram innan 2015. Avtalen skal ikkje tre i kraft før i 2020, om drygt åtte år. Mitt spørsmål til desse politikarane er: Har vi eigentleg så god tid? Er ikkje tida inne for handling dersom vi vil redde jorda vår for oss sjølve og dei framtidige generasjonane?

Les også: Verden trenger oss

Eg meiner dette er eit klassisk eksempel på utsetjing – som har blitt så vanleg i politikken. Det er trist at vi ikkje klarar å gripe fatt i dei problema vi har i dag. Det er ikkje store omveltingar samfunnet må gjennom for at verda skal bli meir miljøvenleg. Det er heller ikkje tiltak som er umoglege for staten å gjennomføre. Den haldninga mange av politikarane viser i dag, vitnar berre om låg handlingskraft og motvilje.

Les også: Vi velger å ødelegge

Dei aller fleste har høyrt om klimaproblema vi står ovanfor i dag. Likevel er det eit tjukt lag av egoisme kvar og ein av oss må skrelle av oss. Som sagt, har vi rett til å klage på ting vi sjølv har bidrege til? Utan at vi greier å sjå dei langsiktige fordelane for heile verda ved å kutte utslepp, trur eg det vert vanskeleg å få ned utsleppa til det nivået det må vere.

Les mer fra BTbatt på Facebook og Twitter

Som det alltid er ved verdsomspennande kriser, er det dei aller mest sårbare som vert hardast ramma. I dette tilfellet er det også dei som har minst skuld. Dette er eit viktig poeng for meg i denne problemstillinga. Når det er vi i industrilanda som stort sett har påført jorda dette problemet, er det vi som må ta ansvar å rydde opp. Dette ser ut som det er vanskeleg å forstå for toppolitikarane i desse landa. Det fekk vi sjå klare eksempel på i Durban.

Kommentarer

  • John Pitt-Rivers

    Arild Haaland var en ekte filosof, ikke som dagens lønnsmottagere ved UiB.