Elevar har sjudagars veke

Sju dagar. Fem av dei med skule og lekser heime. Det er ikkje rart ungdom vil ha to dagar der me ikkje stressar med skulearbeid.

Illustrasjon: Øivind Hovland

Ungdom har ein meir stressande kvardag enn vaksne. Det er min påstand. Grunnen er at me har mykje lekser som må gjerast når me kjem heim frå skulen.

Leksene har som oftast ein tidsfrist, og det kan ta fleire timar å gjera dei ferdig – av og til heile dagen. Elevar prøvar gjerne å jobbe mest med dei store prosjekta, men det er ikkje alltid lett når lekser me må gjera for å skjønne noko i timane kjem i tillegg.

Leksefri helgar er ikkje berre bra for elevane, det er også bra for lærarane

Forutan lekser skal me òg ha eit liv på sidan. Det betyr at me vil gjera andre ting enn lekser etter ein lang dag på skulen. Me vil vere med venner, vere ute, eller rett og slett ha to dagar der me ikkje har nokre bekymringar. Ungdommar har kanskje mykje energi, men mykje tid har me ikkje.

Les også: Ikkje ta frå oss leksene

Leksefri helgar er ikkje berre bra for elevane, det er også bra for lærarane som får elevar som er klare for ei ny veke på skulen. Ungdomstida er den beste tida vår. Me vil gjerne vere ute og lage minne i staden for å sitje heime og gjere lekser i helgane. Det fins ikkje noko verre for ungdom enn å gjera lekser når me veit me eigentleg kunne vert ute og hatt det gøy.

Lærarane ønskjer det beste for oss, men å gi oss lekser over helga er likevel ikkje riktig

På den andre sida fins det kanskje gode grunnar til at lærarar velje å gi elevar lekser over helga. Ein av dei kan vere at lærarar sjekkar om elevar klarar å jobbe sjølvstendig, utan at nokon heile tida skal minne dei på leksene. Ein anna grunn kan vere at lærarane rett og slett ikkje vil gi lekser til elevane i arbeidsdagane fordi dei veit at elevane har nok frå før.

Les meir frå BTbatt på Facebook og Twitter

Skulens viktigaste oppgåve er å førebu oss som skal studere vidare. Lærarane ønskjer som oftast det beste for oss, men å gi oss lekser over helga er likevel ikkje ein del av det.

Elevar stressar allereie fem av sju dagar i veka, at me skal få to dagar fri er ikkje mykje å be om

Elevane får for mykje lekser, spesielt i 10. klasse. Vil ein oppnå høy kompetanse og få eit bra snitt, må ein gjera leksene sine uansett om det skjer over helga. Viss me ikkje gjer dei, vil me ikkje skjønne kva som skjer i timane, me vil få merknad, og det kjem til å gå utover framtida vår. Dette veit lærarane å utnytta.

Les også: De håpløse argumentene

Men at elevane får leksefrie helgar er berre positivt. Det kan resultere at elevane er meir motiverte når dei kjem på skulen veka etter, og at dei er villige til å jobbe meir. Elevar stressar allereie fem av sju dagar i veka, at me skal få to dagar der me ikkje gjer noko skulearbeid er ikkje mykje å be om. At elevar får leksefrie helgar er også positivt for lærarane som då får meir opplagte elevar på skulen på måndagane.

Kommentarer