Bytehandel

Skulane i Sund, Sotra og Bergen vest må inn i ein fase der fokus på endringar kjem først og fremst.

ILLUSTRASJON: ØIVIND HOVLAND

Skulestrukturen på Sotra har vore debattert i årevis, få saker gir større engasjement i lokalbefolkninga. I Sund har politikarane vist handlekraft i forhold til barnetrinnet og vedteke store endringar. I Fjell har dei også gjort endringar, men i langt mindre skala, og fleire endringar må kome.

På øyane vest for Bergen, er det moglegheiter for tidenes «bytehandel», som vil virke inn ikkje berre for Sotra, men heile region vest. Men då må politikarane tørre å handle, og det gjeld først og fremst politikarane i Sund, det er nemleg her dei sit med nøkkelen. Fjell, Øygarden, Bergen vest, men også Askøy, vil sjå fordelar med ein ny samla vidaregåande skule i Straume område.

Handelen går ut på at Sund gir frå seg den avdelinga av Sotra VGS som ligg i Sund, som berre tilbyr nokre få linjer. Om Sotra VGS kan bli slått saman til ein samla skule, vil det bli større og betre skulemiljø. Ein ny og samla Sotra VGS vil kunne tilby fleire linjer og større fagmiljø for lærarane. Reisevegen vil også bli kortare for fleirtalet av elvane som bur i regionen, og skulen vil då trekkje til seg fleire. Fylkespolitikarane, som også ønskjer færre og større einingar, vil nok seie ja til dette om kommunane vest for Sotra-brua blir einige.

Dersom politikarane i Sund tar dette initiativet, vil fylket kunne tilby Sund kommune ein nesten ny skulebygning, som kan erstatte den 60 år gamle utrangerte og i dag feilplasserte Sund ungdomsskule. Prisen blir dei sikkert einige om, og uansett er dette nok Sund sin einaste realistiske moglegheit til å få på plass ein ny ungdomsskule dei neste tiåra.

Med ein ny stor vidaregåande skule på Straume vil Fjell-politikarane bli passe møre, og dei vil nok ganske fort stå klar med ei løysning rundt grunnskulen i Søre Fjell som kan utløyse barneskule nr 3 i Sund. Det vil seie den som var planlagt i Spildepollen vest i Sund. Ein skule dei aller fleste i Sund ønskjer seg, men som dei ikkje har råd til. For Fjell betyr løysinga at de kan leggje ned Tellnes skule og flytta elevane som går der til ein utvida Skogsvåg skule. Ei slik løysing vil og medføra at Fjell kommune må bidra i utbygging og drift av Skogsvåg skule i Sund.

Så ordførar Ove Bernt Trellevik, før du forsvinn til Stortinget, ta tak i dette og få på plass ei løysning som dei fleste i region vest vil synast er fornuftig og framtidsretta, og vil bli den beste løysinga for fleirtalet. Rett nok er det eit stort prestisje nederlag for Sund å gje frå seg vidaregåande i Sund, men med betre løysningar for både barneskulane, ungdomsskule og vidaregåande skule, bør valet vera enkelt.

Kommentarer