Ein språkleg kapitulasjon

Å fjerna eigen karakter i sidemål, slik Kristin Halvorsen tek til orde for, vil bety ei avgjerande svekking av nynorsken.

KUNNSKAPSMINISTER Kristin Halvorsen vurderer å tona ned satsinga på sidemål, m.a. ved å fjerna eigen karakter i sidemål. Dette skal visstnok styrkja hovudmålet og auka innsatsen for norsk-
faget. Det minner meir om 
kapitulasjon for høgresida,
manglande respekt for stortingsvedtaket om to jamstelte målformer og endå ein spikar i kista til nynorsken. Svekking av sidemålet, som for dei fleste vil seia nynorsk, er ein underleg måte å betra norskfaget på.

Nynorsk har lenge vore under press, både i skulen og på andre samfunnsområde. Men framleis har om lag ein halv million nordmenn denne målforma som sitt fyrstespråk. Dersom 
hovudmålet i framtida skal prioriterast endå sterkare på kostnad av sidemålet, vil ei målform som alt er sterkt utsett, på lengre sikt kunna få nådestøyten og gjera oss alle fattigare. Å fjerna karakteren i nynorsk, er å fortelja umotiverte elevar at dei treng ikkje bry seg. Statsråden ser ikkje at dersom sidemålet blir borte frå den formelle dokumentasjonen på gjennomgått opplæring, vil det lett kunna forsvinna frå opplæringa. Om skulebyråden i Oslo samstundes skulle få oppfylt sitt ønskje om at kravet til tilsette i offentleg forvaltning om å beherska begge målformer må fjernast frå lova, vil unnabakken bli bratt.

TANKAR som dei statsråden no fremjar, med støtte frå Utdanningsdirektoratet, syner inga forståing for verdien av språkleg rikdom, språkleg demokrati og identitet. Derimot står dei som nok eit døme på korleis Oslo fjernar seg frå resten av landet, og korleis Kristin Halvorsen og partiet hennar berre senkar faglege krav kvar gong sytekoret vert for høglydt.

Den særs gode språkmeldinga som regjeringa Stoltenberg II la fram i 2008, slår fast at «den meirverdien det representerer for norsk kultur- og samfunnsliv å halda begge dei to skrift-
kulturane våre i hevd, er langt større enn dei praktiske utfordringane som følgjer med. Det ligg dessutan ein særleg språkpolitisk skyldnad i å vareta dei språklege rettane til nynorsk-brukarane.» I den nye språk-politikken som der vart lansert, står det eksplisitt at «tiltak til styrking av norsk språk generelt også må omfatta tiltak for å fremja nynorsk språk spesielt».

DETTE ER også gjennomgangstonen i dei raud-grøne partiprogramma og Soria Moria-erklæringa. Sistnemnde seier: «Regjeringen vil fremme tiltak som gjør det lettere å bruke nynorsk.» I SVs program står det at partiet «vil styrkje nynorskopplæringa både som hovud- og sidemål». Der heiter det likeins at partiet vil «styrkje stillinga til nynorsken i det offentlege».

Sjølv ikkje eit parti i katastrofal nedgang og ein partileiar på oppseiing kan snakka seg bort frå slike skyldnader.

Kommentarer