Bleik, men fatta (Starten)

Foto: Marita Aarekol

Det er det eg er. Bleik, men fatta. Eg veit kva som står framfor meg: 10. september i år skal eg springe Medoc Marathon. 42 kilometer. Det skal eg, det. Det er ikkje spørsmål om det. Det som blir spanande å sjå, er korleis det vil bli å komme seg dit.

Kvifor Medoc Maraton? Kvifor velge eit maratonløp, når kvar muskelfiber eg har i kroppen er laga for sprint og spenst? Jau, fordi det tvingar meg til å gå drastisk ned i vekt. Eg har det siste året bevist at å gå på høge fjell og sykle lange motbakkeritt, det lar seg gjere sjølv om du er 120 kilo (Eg var faktisk nede i det ei stund). Det er berre å trene nok, det. Og eg likar å trene. Så det gjekk fint. Heile den historia kan du forresten lese her, viss du er interessert.

Men å springe, det kan ikkje folk på 120 kilo gjere. Då knuser dei anklar og kne og hofter og det som er, og det ganske fort og. Så eg må ned i vekt, og det hastar. For skal ein ha håp om å gjennomføre eit maraton, må ein drive ganske hard løpstrening dei siste tre månadane før løpet. 10. juni er det tre månader til maratonet, og då må eg vere komt ned i 100 kilo.

Kan det gå? Ja, det kan det. Det er berre å trene nok, og ete rett, så seier alle ekspertar (dei eg har snakka med, i allle fall) at det kan gå heilt fint.

Treningsbiten er eg ikkje redd for. Eg sit alt no og gledar meg ved tanken på at det neste halvåret skal tre-fire timar trening kvar dag vere jobben min. Snakk om drømmejobb!

Men kosthaldet? Der er eg litt bekymra. For det veit eg for lite om. Det er jo derfor eg er der eg er i dag.

Eg les jo mirakelhistorier om folk som proppar seg med fett, og rasar ned i vekt. På den annen side, så veit eg av erfaring korleis kroppen min reagerer når eg har fått i meg for lite karbohydrat: Eg begynner å skjelve, og så kjenner eg meg heilt tappa for krefter, og all ork renn burt som i ein bekk, for å sitere Oddvar Torsheim.

Og slik vil eg ikkje ha det. Så planen er, inntil vidare, å ete magert, litt av alt, og i passelige porsjonar. Så skal eg begrense øl- og chipskosen til lørdagskveldar. Det er ein litt tynn plan, eg er med på det. Men det får duge inntil vidare.

Og vil du bli litt bedre kjent med meg, så sjekk heimevideoen min her (OBS! Sterke scener):

[youtube]http://www.youtube.com/watch?v=7hD8njtpTTI[/youtube]

Kommentarer