Vegen til 5XL

Vegen til 5XL er brulagt med løgner og sjølvbedrag. På eitt eller anna punkt skjønte eg at det som sto om tjukkasar og slanking på forsidene på vekeblada på venterommet hadde noko med oss å gjere, og så slutta eg å lese det.

Eg slutta å gå i klesbutikkar, for det var så varmt der (svetten draup på disken), det var så trangt der ( prøveromma er blitt mindre), og alle storleikar var blitt så små.

Eg begynte å gå i joggebukser eller shorts og langundik ”fordi det var så behageleg”.

Eg begynte å få ein valk nederst på magen der eg fint kunne henge ein blyant og sa at ”mange jenter kan henge blyantar under puppane før dei er ferdige med gymnaset”. Det skulle vera morsomt, det då. Humor er og ein fin måte å avlede tjukkas-snakk. Ein blir flink til det. Eg tente til og med pengar på å fortelle om det. (Sjekk fatso-nummeret i videoen nedanfor).

Eg måtte kjøpe langrennsski som var like stive som Bjørndalen sine ”fordi eg har så sterkt fraspark”. Folk på 125 kilo har gjerne det. Ellers kunne dei ikkje stått oppreist.

Eg fekk så vondt i hælane ”fordi eg har så harde sko”.To menneske i ei bukse. Ei diiger bukse. Buksa mi.

Eg gjekk til legen og skulle operere ein svull øverst, innerst på låret (tjukke folk får lett det. Bakteriar og gnissing i hudfaldar er ikkje nokon god kombinasjon), og legen snakka om å sende meg til kirurgisk avdeling. ”Inkompetent dust” sa eg til kona mi. ”Slikt gjorde pappa  (som var distriktslege) på ti minutt”. Det kunne nok denne dusten gjort og, det. Men det vart nok for ekkelt.

Eg vakna ein morgon med urinsyregikt. Venstre ankelen min verkte så sinnssjukt at det var som om nokon hadde sett han i ei skruestikke, og det no var rett før ankelen skullle knusast. Vitseteikningane med kaptein Vom som skrik i angst fordi ei fjøyr dalar ned mot foten hans, er ikkje overdrivne. ”Pasienten har typisk en panisk redsel for berøring av det angrepne sted” siterte legen frå Internett, og ville ta i foten min. Eg skreik til – i panikk.

Urinsyregikt skuldast at du får for mykje urinsyre i blodet, og det feller seg ut som små krystallar i eitt eller anna ledd. Der ligg det og gnissar, og så får du betennelse. Omtrent som ei verketann, berre 15-20 gonger verre (eg har prøvd begge deler).  Anfallet varer (i mitt tillfelle) til du får tak i Prednisolon, ein medisin som forandrar deg til ein michelinmann og på lang sikt kan drepe deg. Får du anfalla ofte nok, så blir avleiringane i leddet permanente, du får endringar i beinstrukturen, og leddet kan bli ubrukeleg.

Overskotet av urinsyre skuldast at nyrene ikkje greier å skille ut urinsyra i den takt du dannar den. Det skuldast i 90 % av tilfella nyresvikt. Nyresvikten skuldast høgt blodtrykk. Og høgt blodtrykk, det skuldast at du er for feit. Så enkelt er det.

Så der sit du, med eit utval sjukdomar som kan føre til ubrukelege ledd (gjere deg invalid), hjarteinfarkt (ein dag kjem dottra di inn på badet, og der ligg du steindaud på trynet i sluket) hjerneslag (som kan ha same virkning som ein revolver, fyrt av inn i øyret ditt) og fleire a4-ark med andre, alvorlege sjukdommar.

Og ein dag oppdagar du nevøane dine i leik med jaktbuksa di, og innser at det er plass til eit menneske i kvart av buksebeina dine. Viss ikkje du då begynner å tenke, så spørs det om du i det heile tatt har noko å tenke med.

Revy-nummeret «Slanke Blues» finn du her. Kjell Ivar Aase akkompagnerer:[youtube]http://www.youtube.com/watch?v=nMqiSgC_HFc[/youtube]

Kommentarer