Ned 3,5 kilo på ei veke

Tenk deg tre og eit halvt kilo svineribbe på eit fat. Det er ganske mykje fett og kjøt.  Så mykje er kroppen min blitt mindre den siste veka. Det er ganske fascinerande.

GPS-dokumentasjon: Ein fin tur

Forrige mandag morgon gjekk eg på do, snaut meg, klipte nasehåra, klipte neglene og pusta godt ut, og så gjekk eg på vekta. 125,9 kilo. Huff. Og så sette eg i gang.

Eg har gjort nokre lure ting denne veka. Det luraste eg gjorde var heilt sikkert å notere kvart gram eg har spist, og så studere etikettar og surfe på internett for å finne næringsinnhaldet i kvar einaste matvare. Det lure er ikkje sjølve noteringa, men kva du oppdagar om maten du et. Det eg har hatt dårlegast samvet for, er den teskeia med honning eg gjerne rører ut i kvar einaste kaffikopp eg drikk, men eg oppdagar jo det, at det lurer langt fleire kaloriar i kremosten og fårepølsene eg et. Heldigvis fins det kalkunfilet med 1,5 % fett, og lett kyllingost med 4 % fett.Måltid nummer to og tre om dagen. Herlig:-)

Ein typisk dag denne veka har sett slik ut:

Frokost: 100 g First price Müsli med skumma melk og ei halv banan småskåren over. Ein kopp kaffi med melk og ei teskei honning.

Så er det avgarde på trening. Frisk gange langs vegen, eller på ski. Alt frå halvannan til nesten tre timar. Midtvegs på turen et eg ei dobbel rugbrødskive med kalkunfilet, lett kyllingost, tomat, løk og krydder, og rett etter turen ei dobbel skive til av same sort. Då er  klokka gjerne blitt halv to – to, så når det kjem til middag klokka fire er eg enno såpass mett at eg et berre ein liten porsjon, og då helst kjøt/fisk og grønsaker. Ved nitida et eg ein gong til, og då tørrsteikt kjøt eller fisk og woka grønsaker med krydder og ei spsiseskei sesamolje over. Så legg eg meg sliten, mett og god, søv som ein stein, og neste dag er det på han igjen. I går gjekk eg på vekta: 122,4 kilo. Ned 3,5 kilo på ei veke.  Eit halv kilo lettare for kvar dag.

Eg gjennomlever mitt livs spaningshistorie, og i den er det eg som er helten. Førebels syns eg helten gjer det ganske bra.

Kommentarer