Rypejakt og redningsdåd

…og brått hamna eg midt i ein redningsaksjon. I dag tek OleJ-bloggen deg med til ein kikk bak nyhenda. Korleis det eigentleg var. Les den (litt) dramatiske historia her:

Den observante lesar fekk sikkert med seg at nettstaden Firda.no (og  sikkert fleire andre betydningsfulle medier) bragte denne meldinga tysdag kveld:

REDDA SKADD RYPEJEGER

Ein rypejeger fekk problem 2 km sør for Turtagrø

Han fekk skade i eine foten, og var då to kilometer sør for Turtagrø. Jaktkameratar klarde å slepe den skadde ned til veg, der han vart teken hand om av helsepersonell. Luster Røde Kors sin snøscooterpatrulje og ambulanse deltok i redningsaksjonen.

Politiet fekk meldinga klokka 16.35 tysdag.

”Jaktkameratar”, veit du kven det var? Det var meg, det. Og eit par andre. Den tilskadekomne var fjerdemann i jaktlaget vårt.  Vi hadde gått hardt i fem timar, og han var på veg opp ei bratt li på truger, då han brått høyrde eit smell bak i hælen, og foten gav etter under han. Mest sannsynleg rauk akillessena, heilt eller delvis. Det eg opplevde som kanskje mest dramatisk, var at eg akkurat var komen inn i hytta og hadde festa eit besluttsomt blikk på vinflaska eg hadde med meg, då meldinga kom på jaktradioen om skaden. Eg pakka eit golvteppe og to soveposar i ein stor ryggsekk og gav meg i veg innover, så han skulle halde varmen viss det vart lenge å vente på redning. Vel komen inn til den tilskadekomne, viste det seg at han kunne stå på eitt bein utan uuthaldelege smerter. Ettersom dei andre og hadde vinflasker ståande, og det ville ta lenger tid før vi kunne opne dei  viss vi vart sitjande der inne og vente på ein snøskuter, (og vi var litt bekymra for at dei kunne bli gamle) bestemte vi oss for at han skulle få låne stavane mine, så han kunne hinke seg fram til vegen.  Dette syntest vi var ein overmåte god plan som også ville spare skattebetalarane for pengar til snøskuter.

Det tok ikkje lang tid før eg kom på at det var jo ikkje naudsynt at tre mann skulle gå attmed den skadde og sjå på at han hinka seg fram, når det heldt lenge med to. Eg tilbaud meg difor å gå heim og sette i gang med middagen. Komt eit par hundre meter frå ”redningsaksjonen”, stoppa eg og filma denne videoen: [youtube]http://www.youtube.com/watch?v=9iz8eiFfpbM[/youtube]

Kommentarer