Drittsekkane

Ein ting må ein passe seg for, når ein er i gang med sitt livs prosjekt, og susar langs livets landeveg på ein føhnvind av glede og suksess: Drittsekkane.

Dei som ser misunneleg på deg og prøver å trenge deg ut i grøfta. Dei som serverer omhyggeleg utspekulerte kommentarar som berre egnar seg til ein ting: Å ta motet frå deg. Eg har delt dei inn i tre typar:

1: Besserweiserane:

”Å, du har gått ned 3,5 kilo? Å ja, men det brukar som regel vere mesteparten vatn og tarminnhald.”

Til dette er det berre ein ting å seie: ”Å SOO DÅÅÅ???”

Dette er noko vi seier i Sunnfjord, for eksempel når sola skin og lauvet sprett og det er 23 grader seint i april, kjøtet fresar på grillen og safta klirrar i glaset og livet er herleg. For då er det alltid nokon som kan fortelje at  dette er noko vi bør bekymre oss for, fordi det er eit døme på den globale oppvarminga, og at dette er noko som til dømes vil føre til at Austlandet vil drukne i regn frå no og til Siv Jensen held kjeft (altså aldri). Og då tenkjer eg: Kan du ikkje berre glede deg over at alt er fint? MÅ du pisse i bassenget som eg akkurat no driv og badar i? Trur du eg bryr meg? Og so seier eg ”Og sooo dååå?”

Og så tenker den andre at eg er dum. Men det kan eg leve med. Eg veit kven som er dum. Det er han som ikkje gjekk ned nokre kilo, anten det no var vatn eller tarminnhald. Folk som seier slikt, dei er ikkje eigentleg vonde, dei er berre dumme. Og so seier dei det dei seier, fordi det dermed kan høyrast ut som om dei veit noko. Men dei veit ikkje noko om slanking. For det som er å vite der, det er at folk som skal slanke seg, dei veit alt du veit, og ganske mykje til. Dei einaste dei treng frå deg, det er oppmuntring.

2. Pessimistane:

Den andre typen, dei seier slike ting som ”Ja, det skal no bli spanande å sjå korleis det går etterpå. Om han held vekta.” Og so kjem ei historie om dei sjølve, eller nokon dei kjenner, som gjekk ned 30 kilo, og som no er i ferd med å bli tjukk igjen.

Ja vel. No må vi gjere noko som kan vere litt intellektuelt krevande, og som kanskje berre motiverte slankarar forstår: Vi må tenke scenario. Tenkelege måtar situasjonen kan utvikle seg på.

Gjekk vedkommande ned 30 kilo, så tippar eg han var 140 kilo då han begynte, og at han dei siste tre åra hadde lagt på seg 15 kilo. Slik var det i alle fall med meg. Ei vekstrate på fem kilo i året. Lat oss seie at dette var i november 2010. Viss denne mannen hadde halde fram som han stevna, ville han altså i dag ha vege ca 147 kilo. Men det gjer han ikkje. Han veg 119.6 kilo. (vog meg i går:-). Er det positivt, eller er det ikkje positivt? Svaret er: Posititivt. Hald kjeft.

Lat oss så tenke oss at denne mannen i november i år er komt ned i 90 kilo. Eg trur det er mogeleg. I ”la det skure-scenarioet” ville denne mannen vore komt opp i 150 kilo. No er han 90. Er det positivt? Ja. Hald kjeft.

OK, lat oss så tenke oss at denne mannen sprekk fullstendig, og fell tilbake til sine gamle vanar, der han tek inn så mykje meir kaloriar enn han forbrenn, at han legg på seg fem kilo i året.

For det første: Kor sannsynleg er det? Når han først har lært kor dei mest openberre kalorifellene ligg, og oppdagar at det kostar han svært lite å unngå akkurat dei, så kan det vel hende at han bremsar forfallet litt, berre ved å unngå dei? Og: Åleine det faktum at han er seksti kilo lettare enn han ellers ville vore, skulle ein vel tru at vil medføre at han rører seg litt meir enn tjukkevarianten ville gjere? At han hentar ting sjølv i staden for å be ungane gjere det, at han blir med kameratane på jakt, at han kvart sekund på dagen oppfører seg annleis og meir aktivt enn han ville gjere om han var seksti kilo tyngre?

Sjølvsagt.

Men OK, lat oss no, for diskusjonens skuld, seie at han sprekk totalt, legg på seg fem kilo i året, og etter ti år er tilbake i 140 kilosklassen, der han begynte. Kva trur du pessimistane ville seie då?

–         Det var det eg visste, ville dei sagt. Men det var ikkje det dei visste. For det er ikkje 140 kilo om ti år som er alternativet. Det er seksti kilo meir. Kanskje døden.

3. Knusarane

Den tredje varianten, det er supersprekingane. Dei som smiler bredt når dei fortel om ein dei knuste. Eg kjente ein (legg merke til at verbet står i fortid) som alltid spurte meg:

–         Kor gjekk du i går, då?

–         Jau, eg var rundt Fauskestølen (20 km på ski)

–         Åja, kor lang tid brukte du, då?

–         Rundt to og ein halv time, svarte eg.

–         Åja, ja eg har no gått det på ein time og to, kunne han seie då.

(her må eg få skyte inn: Når han har flytta seksti kilo rundt i ein time og ti minutt, og eg har flytta 120 kilo rundt i to og ein halv time, kven har utført mest arbeid då?)

Slik var det alltid.

Til slutt ein dag sprakk eg og sa til han:

– Høyr her, det kjem veldig lite positivt ut av at vi snakkar om slikt. For vi har heilt forskjellige mål. For deg er tydelegvis om å gjere å vere kortast mogeleg tid ute i naturen, for meg er det om å gjere å vere der lengst mogeleg.

Sidan det har vi ikkje snakkast så mykje. Og det gjer meg ingenting. For slike folk må du ikkje snakke med. Dei er farlege.

Dette er folk som er oppfostra med at det gjevaste du kan gjere, det er å utkonkurrere andre, jo meir knusande, jo bedre. I mange tilfelle er det også det einaste dei har å hevde seg med, og dermed det einaste dei likar å snakke om. Og einkvar samtale mellom deg og dei, den vil bryte deg ned.

Så slike folk snakkar eg ikkje med. Eg let dei pruste seg forbi og storme til mål, og så smiler eg godt og tørkar svetten og skiftar til tørt tøy når eg kjem inn ein time etter dei. For eg var ein time lenger ute enn dei. Og i mitt spel, der er det slik at den som kjem sist inn, vinn til slutt.

Du må aldri, aldri, aldri akseptere samtale-emnet ”Kor fort har du gått?”. For oss som skal ned i vekt er det berre ein ting som tel, og det er kor lenge du har gått.

Stå på. Det gjer i alle fall eg:-)

Kommentarer