Arkiv | mars, 2011

Ti kilo mindre

Den 29. mars, klokka 0745 viste badevekta mi 115,8 kilo. Det betyr at eg har gått ned ti kilo sidan eg begynte denne bloggen 4. februar.  Det er ti kilo på sju veker, eller ca. 1,4 kilo i veka.

Les mer

Kreftene sprutar

I går fekk eg ein kraftig motivasjons-dytt: Eg sykla ei av mitt livs sykkel-intervall-økter.  Slitet betaler seg.

Les mer

Fråtsar i mat

Eg ser mange er bekymra for om eg får nok mat. No har eg fått eit nytt kosthaldsopplegg, og eg et så det tyt ut or øyrene på meg. Det har ikkje hendt at eg har greidd å ete alt som står på lista.

Les mer

Krisepsykiatri

Den siste veka har vore tung. Til tross for ingen dag med mindre enn halvannan time på ergometersykkelen, og fire dagar med styrkeøvelsar, er det liten framgang å spore. Eg har vore fryktelig matt nokre ettermiddagar, eg har frose mykje, og humøret har svinga veldig.

Les mer

Å klare det umulige

– Korleis i heitaste greier du å tilbringe tre stive timar på ein ergometersykkel på ein dag? spurte ein kamerat meg. Og eg forstår at han spør om det. Heilt til for ein månad sidan såg eg på ergometersykkelen som det verst tenkelege som kunne skje meg.

Les mer

Avkledd på NTNU

Denne veka tok eg forsøkskanin-konseptet heilt ut til yttergrensene. Eg vart med eit TV2-team til NTNU i Trondheim og underla meg ei vitskapleg undersøkjing.

Les mer

Finn feiten

I dag blir det litt alvor her: Kor lenge har du att å leve, trur du? Då eg bestemte meg for å ta tak i livet mitt, vog eg 140 kilo. På den tid var eg begynt å leike ein liten selskapsleik med meg sjølv: Studer ei menneskemengde, kor som helst, og sjå om du […]

Les mer

Har du nokon gong angra

…på at du kom deg ut? Det lurar eg ofte på. Har det nokon gong hendt at du – etter å ha kasta vekk mykje tid med gruing og luring – har komt deg ut døra, og komt deg på gå/ski/sykkel/fjelltur, og så, etter ti minutt, så tenkte du: – Nei, dette var ein idiotisk […]

Les mer