Avkledd på NTNU

Trangaste teltet eg har budd i

Trangaste teltet eg har budd i

Denne veka tok eg forsøkskanin-konseptet heilt ut til yttergrensene. Eg vart med eit TV2-team til NTNU i Trondheim og underla meg ei vitskapleg undersøkjing.TV2 har nemlig funne prosjektet mitt like interessant som svært mange av BT sine lesarar, og no er vi i full gang med opptak til TV2 sitt nye program ”Sporty”, som skal gå åtte kveldar rundt påske. Kveld for kveld skal sjåarane kunne følgje min veg nedover skalaen på badevekta.

Dei har engasjert Siri Marte Hollekim, som er fysioterapeut og treningsfysiolog, no doktorgradsstipendiat med særskilt interesse for ernæring. Siri Marte skal gje meg råd om kosthald og trening i tida framover, og for å få ei vitskapleg talfesting av tilstanden min per i dag, ”FØR”, liksom, tok ho meg med til testlaboratoriet sitt på NTNU i Trondheim.

Først fekk eg beskjed om å legge meg på ein sofa og kvile i tjue minutt. Så trædde ho ein slags hjelm på meg, med side forkle rundt på alle sider, så ho kunne måle forskjellige differansar i inn-og utpusten min, og dermed fastslå kvile-forbrenninga mi. Der måtte eg ligge heilt stille og sjå i taket i ytterligare tjue minutt. Dette var ganske avslappande. Det skulle fort forandre seg. Eg forbrenn forresten 2200 kaloriar i døgeret, berre ved å ligge og sjå i taket.

For så skulle ho måle mitt maksimale O2-opptak. Legg merke til ordet maksimalt. Skal du måle det, så må du presse pasienten (eg heldt på å skrive delinkventen) til det ytterste. Eg vart plassert på ei tredemølle, fekk eit munnstykke i kjeften, klype på nasa, åtte elektrodar festa til kroppen,og ein blodtrykksmansjett på armen. Så ønskte dei meg lukke til, og skrudde faenskapen på full gass.

30 minutt seinare signaliserte eg stopp, og då var eg så gåen at slimet hang ut av kjeften min og nesten heilt ned på golvet.

Det kanskje mest gledelege var at blodtrykket mitt, som til tider har vore litt meir enn vel høgt, heile tida var godt innanfor normalen. Og mitt maksimale O2-opptak er per i dag på 36,7 ml/kg/time. Det er på linje med ei gjennomsnitts 20 år gamal jente, og Siri Marte seier at det viser at eg ikkje bløffar når eg seier at eg har trent jamnt og mykje i over eitt år. Det visste eg, men det var no kjekt å høyre nokon seie det likevel.

Men så kom det som gjorde mest inntrykk på meg: Ei slags scanning av kroppen min, som fortalde kor stor feittprosent dette skroget har.

– Skal tru kor mykje vits det er i at eg har kle på meg, tenkte eg, der eg låg i scanneren, medan alle dei andre i rommet sto bøygde over ein skjerm der røntgenbildet av meg kom fram centimeter for centimeter.

Svaret var: Ingen vits. Biletet var rett og slett grusomt avslørande. Når du ser eit røntgenbilde av deg sjølv, der du anar omrisset av huda di, det grå er musklar, og det gjennomsiktige er feitt, då får du utan omsvøp sjå korleis det står til. Og det står ikkje veldig bra til. Kroppen min består av 27 % fett.  Nesten 33 kilo reint fett slepar eg rundt på. Mellom fem og ti av dei er det visst bra for ein kropp å ha, men eg har uansett minst 20 for mykje.

Når eg no viser deg dette bildet, så tenker du: Er han gal? Eig han ikkje skam? Jau. Eg gjer det. Men eg veit, eg veit så inderlig, at dette er ikkje meg. Det er ikkje slik eg vil være. Og det skal eg sørge for, at om få månader, så skal eg (og du) kunne peike på dette bildet og riste på hovudet og seie: Sjå på det der! Tenk at det var meg? Er det mulig?

Det er i alle fall planen.

Den nakne sannhet

Den nakne sannhet

Kommentarer