Å klare det umulige

– Korleis i heitaste greier du å tilbringe tre stive timar på ein ergometersykkel på ein dag? spurte ein kamerat meg. Og eg forstår at han spør om det. Heilt til for ein månad sidan såg eg på ergometersykkelen som det verst tenkelege som kunne skje meg.

Luksus-varianten. Sykle i ein kinosal:-)

Luksus-varianten. Sykle i ein kinosal:-)

Ergometersykkelen har fått stå i kjellaren, som den siste, grusomme tingen som venta meg, den dagen eg ikkje orka gå ut, fordi veret var for dårleg. Så dårleg har veret aldri blitt.

Men så fekk eg så vondt i foten. Eg kjøpte eit par skisko som var akkurat litt for små, og dei første dagane var det som å gå med foten i ei skruestikke. Tvers gjennom tåballane på høgre fot verkte det som når nokon mosar fingerknokane dine i eit stygt handtrykk – konstant.

– Eg går i ein halvtime, og er det ikkje til å leve med då, så gir eg meg, tenkte eg. Det er no i grunnen det eg alltid seier.

Problemet er – antakeleg – at ein halv time er den tida foten brukar på å bli heilt nummen. Så smertene gav seg, og så peiste eg på. To og tre timars langrennsturar, nesten kvar dag, i ti dagar.

Den ellevte morgonen vakna eg av ein fot som verkte og murra og sitra og banka. Eg kom ikkje ned i skiskoen, ein gong. Foten var for stor. Den dagen var det at eg gjekk ned i kjellaren. Til ergometersykkelen. Men i kjellaren har eg noko anna og: Eit kinolerret, ein dvd-spelar og ein prosjektor. Og så kom dottra mi med ein samleboks med heile andre sesong av serien ”Prison Break”.

Eg vart heilt fullstendig hekta på ”24” ein gong. Prison Break er litt sånn. Kvart tiande minutt kjem det ein liten vignett som eg tippar signaliserer (i USA) at no kjem reklamen. Eg syns dei kjem kvart minutt. Det er så hårreisande spanande at eg trur nesten eg får litt ekstra energi av det. Så det gjer at tida går litt fortare.

Det andre momentet er at når eg går ned i kjellaren, så har eg avtalt med meg sjølv at eg skal sjå ein episode (45 minutt). Ikkje to. Så begynner eg å trakke i eit tempo som eg trur er sannsynleg at eg kan halde i 45 minutt. Høg frekvens, lav belastning. Men du veit korleis det er: Er det veldig spanande akkurat når episoden sluttar? Har du veldig lyst å sjå ein til? Er det kanskje til og med sunt for deg å gjere det? Kan nokon som helst kritisere deg for å sjå ein episode til? Nei.

Så kva gjer du? Et ei banan, og kjører på med ein episode til. Men då er det slutt. Dette er litt som å spele fotball når du var ti år: Du held på til du kryp heim.

Så, nokre dagar, hender det at det kjem eit lite tomrom utpå kvelden. Kona di er på bunadkurs, ungane er på trening eller gjer lekser, og der sit du. Og so kjem tankane lurande: Korleis går det med Sara Tancredi? Vil ho drukne i det badekaret? Vil han der ekle agenten la ho omkomme som ein katt i ein sekk? Og så tenker du: Eg kan sjå ein episode til.

Og hender det at nokon ser berre ein episode av Prison Break? Ikkje så lenge du har krefter til å krype opp trappa etterpå.

Og dermed er det gått tre timar.

Heime i kjellaren går dette fint. Men så var eg på hotell i helga, og kva gjer du då? Med ein gamal, ramponert, bærbar PC, eit headsett og ein rull sølvteip er det utruleg kva ein får til…

Styret på ergometersykkelen på Solstrand Hotell. Det finst ikkje det problem som ikkje kan løysast med sølvteip eller hesjestreng.

Styret på ergometersykkelen på Solstrand Hotell. Det finst ikkje det problem som ikkje kan løysast med sølvteip eller hesjestreng.

Kommentarer