Krisepsykiatri

På ergometersykkelen. Sjekk svett T-skjorte:-)

Furet, rødsprengt

Den siste veka har vore tung. Til tross for ingen dag med mindre enn halvannan time på ergometersykkelen, og fire dagar med styrkeøvelsar, er det liten framgang å spore. Eg har vore fryktelig matt nokre ettermiddagar, eg har frose mykje, og humøret har svinga veldig.Ein dag eksploderte eg i raseri og sat og furta i fleire timar fordi ingen takka for maten etter middag. Ille. Kosthaldet har eg heller ikkje greidd å halde, lørdag kveld sklei eg heilt ut og kjørte i meg 400 gram pølse- og makaronigrateng, pluss to røkte kjøttpølser til nattmat.

Så går eg på vekta, og den syner 118 kilo. Frå førre tirsdag til denne tirsdagen gjekk eg faktisk opp eitt kilo. Eitt kilo!!! Tusen gram! Det tilsvarer ikkje totalvekta på alt eg har ete som har vore ut over kosthaldsprogrammet, ein gong! Er kroppen min blitt eit trekkpapir for kaloriar? Må eg beite granskudd og lyng for å gå ned i vekt?

Ord som mislykka, veik, utskjemt, latterliggjort og uforbederlig kverna rundt i det stakkars hovudet mitt.

Siri Marte Hollekim, trenings- og kosthaldseksperten som TV2 har engasjert til meg, seier at det er mange grunnar til at folk går på ein smell når dei har gått ned nokre kilo:

Etter nokre kilos samanhengande vekttap går kroppen i forsvarsposisjon mot denne ”sultkatastrofa” som har ramma meg. Det første som skjer er at kvileforbrenninga går ned (frysing). Sidan det er den som regjerer mesteparten av døgnets timar, har det veldig mykje å seie. Dette kan og medføre hormonforandringar i kroppen, som kan forklare det ustadige humøret. Konsekvens: Lavare forbrenning.

For det andre: Den som er slapp og sliten, engasjerer seg ikkje i meir kvardagsaktivitet enn han må. Så den går og ned. Konsekvens: Lavare forbrenning.

For det tredje: Ettersom kroppen blir lettare, kostar både kvardagsaktiviteten og mosjonen mindre krefter enn før. Konsekvens: Lavare forbrenning.

For det fjerde: Ettersom all treninga dei siste vekene har gjort meg sterkare, kostar kvar rørsle mindre krefter enn før. Konsekvens: Lavare forbrenning.

Alle krefter verkar altså mot meg. Akkurat som eg har hatt ei kjensle av heile siste veka.

Dette løyser vi no på følgjande måte: Vi aukar aktivitetsnivået. Pulsmåling og styrkeøvelsar gjer at treninga kan kvantifiserast, og både antal timar og kor harde treningsøktene er, skal auke.

Dessutan: Meir mat. Åtte måltid om dagen står det på kosthaldsprogrammet eg har fått frå Siri Marte. I går rakk eg ikkje meir enn seks.

Siri Marte Hollekim. TV2-ekspert og krisepsykiater:-)

TV2-eksperten: Siri Marte Hollekim

Så får vi sjå. Eg bit tenna saman. Vi kan ikkje gi oss så lett.

Kommentarer