Hjarte-trøbbel

Det vart ei begivenhetsrik helg. To gode nyheter, og ein litt dårleg:

For å ta det hyggelege først: Eg fekk eit kraftig form-rykk denne veka. Torsdag var eg på den faste sykkelturen min rundt Hestad (21,5 km). Eg følte det var ein tung dag. Heilt til eg kom til første passeringspunkt (midtvegs i to kilometers motbakke), der mi bestetid så langt har vore ni minutt. Eg passerte på 08,45. No beit rekordbasillen meg. På neste passering var tida 11,45, 30 sekund bedre enn personleg rekord. Neste passering, på det høgaste punktet i løypa (Kjelstadbakken), ny rekord. 23,50, 40 sekund bedre enn sist. Og no hadde eg krefter til å køyre ein langspurt dei siste to kilometrane til passering halvvegs, og dit persa eg med eitt minutt og tretti sekund. 27,30 mot 29 blank før. Eit gammalt mål har vore å ta dei to siste motbakkane på heimveg på full spurt heile bakken, det har eg aldri greidd før, no gjekk det som eit skot.

Fredag var det klart for skitur. – Vi tar det litt rolig i dag, sa eg til kameraten min. Jaudå. Du kan jo tru det. Halvvegs rundt løypa Gjøsetstølen kjem Gjøsetbakken, ein bakke eg har greidd på ti minutt ein gong tidlegare. – Skal tru kor fort eg greier å ta denne, sa eg til kameraten min, og peiste i veg opp bakken. Eg hamna nokså fort på 150 i puls (88 % av makspuls), og låg der i fire minutt, så kjørte eg på endå litt hardare, opp til puls 159 (93 % av makspuls), låg der i fire minutt til, så begynte eg å få vondt i brystet. Rett bak og litt til venstre for brystbeinet. – Snart oppe, kjør på heilt fram, tenkte eg. Det gjekk kanskje tretti-førti sekundar, så hadde eg så vondt at eg måtte stoppe. Sto og pusta, smertene ga seg, og etter et par minutt var pulsen komen ned i 132.  Og så gjekk eg mitt livs fem kilometer inn til mål. Peiste på i alle motbakkar og på flatene, og kvilte meg i unnabakkane. Har aldri kjent meg så sterk.

Angina, var eit ord Siri Marte brukte då eg fortalde om dette. Ho vart veldig, veldig betenkt. Det vart tatt eit belastnings-EKG då eg tok O2-testen, og Siri Marte viste det den gongen til ein hjartespesialist som ikkje fann noko unormalt. No kjørte ho likevel rett inn på jobben sin, tok ei ny utskrift og rett av garde til den same hjartespesialisten som såg på det ein gong til. Nei, ikkje noko unormalt.

– Du kan ha ei innsnevring i ei blodåre som gjer at ein del av hjartemuskelen får for lite blod, og derav smertene. Kanskje vi må ta eit nytt belastnings-EKG, meinte Siri Marte. Eg vart litt bekymra.

Så snakka eg med ein bekjent, som har doktorgrad i anestesi, og som har jobba med folk på (og forsåvidt forbi) dødens terskel i mange år. Han er dessutane ein langt kommen treningsnarkoman. Han høyrte på historia mi, og så sa han:

– Og kva har vi lært av dette, Ole Johannes? Jau, at viss du ligg over 88 prosent av makspuls i fire minutt, og så køyrer på med 93 % av makspuls dei neste fire minutta, så får du vondt i brystet. Javel? Det ville skjedd med 95 % av alle menn på din alder, det. Og jau, det kan godt hende at du har ei innsnevring i ei blodåre ein stad i hjartet ditt som er slik at du ikkje bør gjere noko slikt ein gong til. Men det bør ingen gjere, det. Eg ville sagt det var sjølvmord. Og det ser det ut som eg kanskje har rett i. Og kva er alternativet ditt, då? Å la være å trene? Det kjem du i alle fall til å døy av.  Nei, følg treningsprogrammet til Siri Marte, du, men køyr ikkje hardare enn det. Og får du vondt i brystet ein gong til, skal du selvfølgelig avbryte aktiviteten på sekundet.

Så der står vi. Tanken har eg faktisk tenkt mange gonger før, og, under harde treningsøkter: Kan eg rett og slett døy av det her? Og svaret er: Ja, eg kan nok det. Det skjer med folk no og då, det. Men greit: Det kan hende eg kan døy av å trene, men det er heilt sikkert at eg vil døy av å ikkje trene. Så eg trenar vidare. Siri Marte vil ha det skriftleg, og det får ho her:

Ja, eg er klar over risikoen, eg har fått ein lege sitt råd, eg veit kva eg gir meg ut på, og eg gir meg ikkje. Men over puls 150 vil eg ikkje på ei stund.

Kommentarer