– Det luktar kjempesprekk!

I dag fekk eg sjå korleis Grete Ingeborg Nykkelmo hadde det, den gong Sportsrevy-kommentator Sølve Grotmol kom med sitt legendariske sitat om korleis det lukta då ho kom til syne i TV-ruta.

Den TV-historiske augneblenken først: Dette skjedde ein gong på åttitalet. I eit stort World Cup-renn var Grete Ingeborg Nykkelmo det store norske medaljehåpet. Til passering 19 kilometer eller  deromkring var ho 20 sekund framfor konkurrenten, men ved passering 22,3 hadde ho tapt 30 sekund og låg 10 sekund bak, noko som fekk Sølve Grotmol til å bli veldig bekymra for om Grete Ingeborg kunne ha gått på ein sprekk. Til passering 25 kilometer drygde det veldig lenge før ho kom til passering. Konkurrenten si tid var forlengst passert, sekunda rann ut i eit skjebnesvangert tempo, og først eit minutt eller så etter konkurrenten kom ho sjanglande inn i bildet på råtne bein og med slevet hengande som eit brudeslør frå kjeften. Og då var det Sølve skreik: » Heer kjeem Greete Ingeborg Nykkelmooo, og her luktar det KJEMPESPREKK!» Eg og kameraten min veksla eit lukkeleg blikk der vi sat i sofaen og visste i det samme at denne augneblenken for alltid ville stå for oss i ein stråleglans.

I dag skulle eg og den same kameraten gå 19 kilometer på roten påskesnø (den tidlegare omtala Fauskestølen, som etter GPS-måling og revisjon nok diverre må nedskrivast frå 21,7 til 19 km). Etter hundre meter begynte kameraten min å klage over skia sine, og det begynte å gå opp for meg at dette kanskje var dagen der han skulle måtte be meg roe ned litt. Men eg trur han lurte meg. Eg kunne i alle fall ikkje sjå noko rart med glien hans, og sjølv på full gass på flatene hadde han null problem med å henge på. Eg trur kanskje han tvert imot jaga meg. Etter 45 minutt på bortimot full spreng kjende eg at eg begynte å skjelve.  Blodsukkeret var oppbrukt, og eg var antakeleg alvorleg på væskeunderskot og.  – Eg må ha meg litt mat på benken her, sa eg til kameraten min. – Vi skal ikkje vente til vi kjem fram på toppen, då? spurte han. Han gjer alltid det. Og når vi kjem fram på toppen seier han at «no er det no nesten berre unnabakke fram til Hjelmelandsstølen (3 km til)» og dermed har han fått utsett pausen min med 3 kilometer. Men ikkje i dag.

– Nei, BENKEN! skreik eg. Mista faktisk litt besinnelsen. – Eg må SITTE litt! (Også det med ein dirrande undertone av desperasjon). Det begynte å lukte sprekk.  Eg spiste ein yoghurt og ein energy-gel eg har spart på lenge til krisetilfelle. Det hjalp eit par kilometer framover, men innan vi rakk til Gjøsetstølen (med 6,5 km til mål) låg stanken av kjempesprekk tungt over heile Indre Sunnfjord.  Eg hadde ei appelsin på lager, og då eg hadde fått ete den, sa eg til kameraten min at han kunne berre stikke, eg hadde kontroll.

Det hadde eg ikkje. Så snart eg prøvde å ta ein motbakke i gangarten «gyngande diagonal», tok det fem sekund, så vart armane og låra mine tunge som stein. Eg gjekk over i gangarten «trampande fiskebein», og det gjekk på ein slags måte greit, men det som gjorde meg veldig betenkt, var at eg vart litt svimmel av og til, og at spesielt når eg stoppa opp for å puste, vart eg så svimmel at eg ein gong måtte ned på alle fire. Men etter at eg slo over i gangarten  «nølande museskritt»  gjekk det betydeleg bedre. På denne måten brukte eg over ein time på dei siste fem kilometrane, men eg kom til mål, skjelvande, fullstendig utkjørt og nesten på gråten.

– Dette er god trening til maraton, sa eg til meg sjølv ca 5000 gonger den siste halve mila. Ein gong for kvar meter.

Då eg kom heim, hadde nokon kjørt i seg heile salatbollen som eg hadde gleda meg til, men eg woka 500 gram frosne grønsaker, glefste i meg fem fiskekaker og ein liter skummamelk, og så måtte eg rett og slett gå og legge meg, så kjørt var eg. Dette siste skjedde for akkurat to timar sidan. Men no sit eg her og skriv og smiler, og veit at eg er ein dag nærmare målet. 🙂

I kveld blir det eit ostesmørbrød.

Kommentarer