Konfir-mosjon

Treninga førre veke vart øydelagt av det faktum at vi skulle ha konfirmasjon her på laurdag. Trudde eg.

Konfirmanten og meg. Mange kommenterer måten eg sit på når eg et.

Konfirmanten og meg. Mange kommenterer måten eg sit på når eg et.

Sist onsdag gjekk eg på Johannesberget for fjerde gang på sju dagar. Harde turar i bratt motbakke, så torsdag måtte eg ta heilt fri. Det passa fint, ettersom vi skulle ha konfirmasjon her på laurdag og 53 gjestar var på veg for å inspisere huset og heimen vår, og gjere seg opp ei meining om korleis det har gått Ole Johannes og kona hans her i livet. Ved slike høve går dei først over fasaden for å sjå kva dei syns om det ytre vedlikehold. Så er det inspeksjon av overflater innandørs, tidmessighet og slitasje, og generelt inntrykk av orden. Ein patrulje fire-fem-åringar finsiktar alt som er av nattbordskuffer og skap. Så et dei og kosar seg, og så takkar dei for seg, set seg i bilane sine, og så seier dei «Såg du det badet?» og så ristar dei på hovudet. Og det er før fire-femåringane kan legge fram sine funn. Det er i alle fall slik eg forestiller meg det. Ein får litt prestasjonsangst av slike tankar.

Langbord i eik. Tung mosjon.

Langbord i eik. Tung mosjon.

Så kona mi og svigermor brukte torsdag og fredag på å gå over alt innandørs, medan eg luka i bed og planta ut kjøpeblomster og heldt på verre. Torsdag kveld meinte eg uteområda såg sånn tåleleg presentable ut. – Ein får fokusere på det positive, sa eg til kona mi, etter kvart som eg gjekk over til å berre skyfle alt rot inn i garasjen og stenge døra. Gruar meg til eg skal opne den igjen.

Fredag begynte eg på maten. (Det var derfor eg ikkje oppdaterte bloggen på fredag). Til forrett skulle vi ha heimelaga bruschetta gnidd med kvitlaukssmør, røykt villaks frå elva med avokado, eggerøre, sitron, salat og balsamico glace. Til hovudrett raspeballar, heimelaga hjortepølse, fleskefett og kålrabistapp. Det var og teke hensyn til ein fraksjon av gjestane som stiller svært spesifikke krav til menyen, krav som i 100 prosent av tilfella kan tilfredsstillast med wienerpølser og potetstapp. Til dessert: Val mellom lausfrosne blåbær med nykokt vaniljesaus eller molter med fløyte og sukker, samt eit titals forskjellige kaker, heldigvis medbragt av gjestane.

Fredag kveld rekna eg ut at eg hadde vore på beina i tretten timar. Det er no litt aktivitet, det og. Laurdag morgon sette eg og stefar min i gang med å dekke på i hagen. Prøv, du, under litt tidspress, å setje opp eit langbord beståande av 13 eikeplankar som veg mellom 15 og 40 kilo, som skal manøvrerast rundt hjørner og opp trapper og stablast på bukkar, halvvegs oppdagar du at mønsteret du har lagt dei i blokkerer for vidare framdrift, og så må du flytte dei vekk og begynne på nytt, før du endeleg er ferdig. 90 minutt tok det, og då var trøya mi ganske svett. Så var det å hente benkar hos ein kamerat, benkar som har plass til sju personar og som eg tippar veg 40 kilo kvar og som skal ned ei låvebru, opp på ein tilhengar, av tilhengaren, over hagemuren og rundt borda, som no sjølvsagt står i veien igjen. Så skal det dekkast på. Ein stabel med 53 middagstallerkar veg ein del.

Imens har ei av døtrene mine og tre gode vener laga forrettar, men 40 minutt før gjestane kjem frå seremonien oppdagar eg at eg har gløymt å setje på raspeballane og pølsene. Ikkje har eg gryter til det heller. No melder panikken seg, og eg kjem i skade for å skrike litt til nokon. Spurtar bort på sjukeheimen,  lånar nokre digre kjelar, heim att, monterer gassprimusen min og set han på full blås og lempar pølsene oppi. Gjestane kom klokka eitt, klokka to var forretten spist opp, og hovudretten var ikkje nær å være klar. Eg løyste problemet ved å halde tale til halv tre, og då fekk vi hovudretten på bordet. Klokka tre måtte eg gå og legge meg, heilt utsleten.  Oppatt klokka fire, akkurat i tide til å få i gang oppvasken etter hovudretten.  Og jauda, der var tid til å kose seg, men alle som har rydda opp etter ein fest med 53 deltakarar veit at dersom ein passar på at oppvaskmaskina går heile tida, så slepp ein kome ned til eit bombenedslag neste dag. Då eg gjekk og la meg, sto fire-fem-årspatruljen og flekte lokket av marsipankaka, så slapp eg no å tenkje meir på det.

Søndag: Alt omatt, men baklengs.  (Eg kasta ikkje rotet frå garasjen utover att i hagen, då:-)

Og alle var einige om at det hadde vore ein strålande konfirmasjon, og eg har lært at neste gang skal vi setje opp borda dagen før, samt leige inn ein kokk og to serverings- og ryddehjelper.

Mandag gjekk eg på vekta: 108,6 kilo. Gjekk ned eit kilo siste veka og, gitt. Heimelaga konfirmasjon er god mosjon.

Kommentarer