Fjellets konge

Johannesberget (1446 moh.) er ein av dei flottaste vårskiturane eg veit om. Før denne sesongen hadde eg vore der to gonger i mitt liv. No har eg vore der fem gonger på ti dagar. For nokre år sidan gjekk min ven Ole Jakob på Floren (ca 900 moh.), det høgaste fjellet ein kan sjå her frå bygda (Sande, 85 moh) og rende ned att.  Han tok fjellsida i fem-seks vide, elegante svingar. Du kunne sjå sporet heilt nede frå bygda. I tre veker etterpå. Eg såg mykje på dei svingane. Tenk å leike seg ned eit slikt fjell. Kor tøff er du då?

Litt seinare det året traff eg han att i sporet inn til Johannesberget (1446 moh), som er ein av dei flottaste vårskiturane du kan gå heromkring. Det er ein seks timars tur. Haken med Johannesberget er at du 20 minutt ut i turen står ansikt til ansikt med ein 530 høgdemeters, veldig bratt motbakke. Det er ein lang og bratt bakke, det.  Men det kan du og greie, berre du tek tida til hjelp. Første gong eg gjekk opp der, var det saman med ein kamerat som heile tida låg bak meg og kvart tiande sekund minte meg på: – Husk: Lusk!.  Sakte luskefart er det som får deg opp bakken. Kvar rørsle skal gå utstudert sakte. Så kjem du opp til slutt.

Denne bakken fins det folk som køyrer ned på ski.

Denne bakken fins det folk som køyrer ned på ski.

Det som er ganske mykje vanskeligare, er å komme seg ned den bakken på smale fjellski. Når snøen er passe roten, eller, aller verst: Når det er akkurat sånn skare at du skjer igjennom og står pinn fast i det same sporet, (og du veit at på begge sider av bakken er det veldig høge stup), då skjer det at døtre begynner å grine og kallar pappaen sin ein helvetes idiot som lokka ho med i denne dødsfella. Og det må dei faktisk få lov til. Sjølv gjekk eg så kraftig på trynet der for nokre år sidan, at solbrillene skrella ut omtrent ei teskei kjøt og blod or toppen av naseryggen min, og merket etter det kan du sjå framleis.

I den bakken var det eg traff Ole Jakob og far hans, som då var på veg ned att, og som kom feiande ned bakken med ein vegg av snøsprut bak seg, i vide, flotte svingar – på randonneski. Aha, tenkte eg. Det er det som skal til. Randonneski. Ein kan kjøpe seg denne evnen. Randonneski er nemleg ein slags slalomski som du kan løyse hælen på bak. Så kan du gå som på vanlege ski flatt og motbakke, og så, i unnabakken, festar du hælen og køyrer som på slalomski.

Til jul kjøpte eg meg randonneski. Skulle bli med ungane og køyre slalom. – Så kan de ta trekket opp, mens eg går, sa eg. Det skjedde to gonger. Og det var berre første gangen eg gjekk opp. Og då berre halve bakken. I grunnen berre barnebakken.  For det er blytungt å gå med. Eg anslår utstyret mitt til å vege rundt 13 kilo. På flatene blir du alvorlig hemma av at støvlane er stive og ikkje let deg flekse bakover. I motbakkane kan du trass alt gå rett opp pga den enorme kontaktflata fellane får mot snøen (skia er ganske breie), men det fasktum gjenstår framleis, at du har festa ein sju kilos klamp om kvar fot. Og den kostar å slite med seg opp ein motbakke. Men i unnabakkane, då festar du hælane, og så svingar du deg ned dei verste fjellsider som den reinaste Ingemar Stenmark. Viss lårmusklane held, då. Mine heldt ikkje.

I tre månader vart skia ståande i gangen.  Men i påska, då hadde eg gløymt kor tungt det var, og så let eg meg lokke med av svogeren min til å gå på Johannesberget.  Eg tjuvstarta fredag ettermiddag, gjekk halvvegs opp den lange bakken, fekk gnagsår, snudde, måtte stoppe fem gonger undervegs i bakken med lårmusklar som skolv og verka, men eg kom ned. Og det var ikkje fælt. Og god trening.

Dagen etter gjekk eg med svogeren min heile vegen. Hadde vanlege fjellski i sekken, som eg tok på meg etter den lange bakken, og så gjekk vi dei fire kilometrane inn til toppen og heim att. Brukte sju timar.

Den neste veka gjekk eg turen to gangar til, men denne gongen berre opp den lange bakken. To timar blodslit er trening nok, det. Og den siste gongen feidde eg ned heile fjellsida utan å måtte ta pause ein einaste gong.  Og å svinge seg ned ei slik fjellside, det kan eg avsløre er akkurat like moro som det ser ut som.

I fint driv. Dette har eg svetta mykje for:-)

I fint driv. Dette har eg svetta mykje for:-)

Denne veka kjende eg meg klar for Den store utfordringa: Å gå på Johannesberget med Ole Jakob og far hans. Korleis det gjekk, kan du lese i papir-BT på søndag. Vi åtvarer mot sterke scener:-)

 

Kommentarer