Mental trening

Eg trur at skal ein greie eit maraton, må ein trene på å ikkje gi seg. Av og til må ein gje seg ut på turar ein ikkje anar omfanget av. Det greidde eg veldig fint i helga…

Om det regnar eller bles: Ikkje gi deg.

Om det regnar eller bles: Ikkje gi deg.

– Nei, Aurlandsdalen er ikkje Noregs svar på Grand Canyon, skreiv ein kommentar på NRK-bloggen min i fjor. – Det er det Råsdalen i Lærdal som er, skreiv han.  Sidan det har eg planlagt ein tur dit. I helga  hadde eg eit oppdrag i Lærdal fredag kveld, og fruen og eg låg på ei hytte på Lærdalsøyri Camping. Eg hadde sykkelen med, og lørdag formiddag skulle eg sykle inn Råsdalen så langt vegen gjekk. 

– Ja du skal no få slite i morgon opp Råsdalen, sa min gamle ven Jan, som eg traff på jobben om kvelden.

– Opp? På kartet ser det no meir ut som det går ganske flatt innover, sa eg.

– Njaa, sa Jan.

Lørdag kl. 0930 la eg av garde på racersykkel frå Lærdalsøyri camping. Det eg var førebudd på, var dette:  Etter mitt minne skulle det vere ca 8 kilometer (asfalt) frå Lærdal inn til Ljøsne, der Råsdalen begynner. Sjølve dalen hadde eg anslått til ca. 10 km. For meg såg det ut som vegen gjekk ganske flatt innover eit stykke, og så kom ein stigning på kanskje 50 høgdemeter, og så flatt innover eit langt stykke til, og så 50 høgdemeter til, og så flatt eit langt stykke igjen, og så skulle eg vere komt til enden av vegen. Eg var med andre ord budd på totalt 36 kilometer, og kanskje 150 høgdemeter stigning.

Inn til Ljøsne (80 moh) var det 17 kilometer. Og godt merkbar motvind. Ein time brukte eg på det, og då eg kom fram der grusvegen inn Råsdalen begynte, var eg ganske sliten.

– Eg peisar inn den første flata av grusvegen, og så tar eg ein pause, tenkte eg. Men så gjekk det så tungt. Racerdekk på grus er tungt, men dette var då veldig tungt? Jau, GPSen synte at eg var komen opp ti høgdemeter. Eg var ikkje på ei lang flate, men i ein veldig lang, slak motbakke. Eg bestemte meg for å ta ein pause.

– Det flatar sikkert ut rundt svingen der framme, tenkte eg. Men der kom det endå ein motbakke, noko brattare denne gongen. 20 høgdemeter på kanskje 300 meter. No begynte eg å bli ganske varm i trøya. Og rundt svingen, kva fekk eg sjå? Ein like lang motbakke til.

– OK, eg får sykle ganske seint, så skal eg no greie den og. No flatar det nok ut, tenkte eg. Rundt svingen, kva fekk eg sjå? Ein lang og endå litt brattare motbakke. Midtvegs i den måtte eg gå av sykkelen og leie han.

– Skal stige på når eg kjem opp i svingen der og det flatar ut litt, tenkte eg. Men trur du det flata ut? Nei. Endå ein bakke. På rundt 250 høgdemeter kom eg rundt eit hjørne i dalen, og kunne fint sjå at den slutta lenger framme. Men det gjorde den sjølvsagt ikkje. Svinga litt mot høgre, og så eit nytt dalføre. Bakkar, bakkar, bakkar.

– Du skal sjå eg kjem opp i 450 høgdemeter før eg er inne der, tenkte eg. Sykla og gjekk, sykla og gjekk. Ein eller anna plass her begynte eg å tenke negative tankar. Dette begynte å ta tid. Eg tenkte på kona mi som låg att i hytta, og kanskje no var våken og lurte på kor eg var. Sjekka telefonen. Null dekning. Framdekket mitt var ganskje mjukt og, så i frykt for å punktere måtte eg styre utanom alle steinar større enn erter.

Ein anna ting er at den forventa overveldande naturskjønnhet rett og slett uteblei. Opp til ca. 500 meter er vegen kanta av ein fem meter høg mur av lauvskog, så det er ikkje så mykje du ser. Noko å ta bilde av til bloggen fant eg i alle fall ikkje. Sliten begynte eg å bli, og. Å sykle racersykkel på grusveg i motbakke, det er ganske tungt. Bakdekket spinn, og framdekket finn furer og spor som det vil følgje, så du må passe på heile tida.

På 460 meter var eg sprengt. Ga opp all sykling, leidde sykkelen. – Skal eg måtte snu no, utan å ha komt opp, og utan å ha sett noko vakkert? Ikkje kan eg skrive at det var stygt, for eg har ikkje sett heile dalen, og ikkje har eg fått sett det vakre som kanskje fins der inne tross alt?

Men no såg dalen endeleg ut til å slutte i ei rund skål lenger framme.

– Inn dit skal eg greie, tenkte eg. Nesten inne, ser eg at det begynner å bli ganske idyllisk. Ein foss kjem veltande nedover ei trang skor, til høgre for den ei vakker, skogkledd li, og… OG…. OG!!!!!

Der går det jaggu ein veg opp heile lia.

Min veg.

Denne vegen.

Det sluttar ikkje her heller. Klokka var no blitt over halv tolv, og fruen garantert stått opp og kanskje litt bekymra.

– Nei, det får berre være, tenkte eg. Kona ventar, eg er sliten, framdekket er litt mjukt og eg kan punktere, og her er ikkje dekning. Denne dalen tek jo aldri slutt. Og det er sikkert ikkje noko fint der inne likevel. Eg snur, tenkte eg. Sette meg i vegkanten ved ei bru, tok eit bilete av sykkelen min og åt eit eple mens eg såg på bakken opp lia.

I lia til høgre for fossen kan du skimte ein veg. Inn dit skulle eg. På racersykkel. Galskap.

I lia til høgre for fossen kan du skimte ein veg. Inn dit skulle eg. På racersykkel. Galskap.

– Den er no ikkje so lang, tenkte eg. Eg brukar no kanskje ikkje meir enn eit kvarter opp der? Eg la i veg. Og godt var det, for idet eg kjem rundt dalsnuen og ser innover, skjønar eg at no er eg framme. 680 høgdemeter , syner GPSen. Eg trillar heim. Ned heile dalen må eg trø tre ganger, ellers er det berre trilling. Det seier noko om motbakken eg har tatt. Veldig, veldig sliten. Ved Ljøsne prøver eg å ringe fruen så ho kan hente meg og eg slepp dei siste 17 kilometrane heim, men ho har telefonen på lydløs. Set meg på sykkelen, heilt utkjørt, og kjenner at sjølv om eg trudde eg var heilt tom, så har eg krefter til å halde ganske bra tempo dei 45 minutta eg brukar ned til Lærdal.

Nesten fire timar brukte eg. Sykla 56 kilometer, 22 av dei på grus, og tok alt i alt over 700 høgdemeter. Grusen tatt i betraktning, så sykla eg eit ritt verre enn Gaularfjellrittet. Ein lørdags formiddag mens mange andre låg og drog seg.

«It’s a mind game», heitte det i ein reklame for klokker som fokuserte på toppidrettsutøvarar for nokre år sidan. Og så kom det ein tullete tekst om presisjon i alle ledd og sånt som skulle prøve å forklare oss kva klokker hadde med hekkeløp å gjere. Men overskrifta hugsar eg. For er det det er. A mind game. På eitt eller anna tidspunkt begynner hjernen din å berre finne forklaringar på kvifor du skal gi opp. For eksempel tenkte eg heile tida at det ville bli eit mareritt om eg punkterte, for då måtte eg bære sykkelen heile vegen ned. Først i dag kjem eg på at eg kunne jo berre sett han att, og så køyrt opp med bil etterpå og henta han.

Å greie eit karsstykke handlar like mykje om kva du har i hovudet ditt, som kva du har i beina. Å greie å gjennomføre, sjølv om det regnar og bles og det blir lenger og lenger, og du verker og frys, det trur eg er like viktig å trene på, som kondisjon og intervall. Kan du ikkje sykle, så gå. Kan du ikkje leie sykkelen, så set han att, kan du ikkje gå, så kryp. Men, det er klart: Det ville vore lurast å gjere det ein plass det var mobildekning:-)

Men det tipset skal du få: Reis til Lærdal, bu på campingen (kjempefin),  lat Råsdalen ligge i fred, og hald deg heller i sjølve Lærdalsdalen som er naturskjønn så det held, og du kan sykle 38 fredelege og nesten bilfrie kilometer på (stort sett) utrafikkert gamleveg heilt opp til Borlaug. Det såg så fint ut, at det skal eg gjere alt neste helg.

Vekta i dag: 107,2 kilo. Ned 1,4 dei siste to vekene 🙂

 

Kommentarer