Tungtransport

Onsdag bar eg ein sekk på 34 kilo to timar inn i fjellet. Feiringa kan du sjå her på bloggen:

Billig tungtransport

Billig tungtransport

Ein fin måte å variere treninga på, er å sjå på alt som er tungt og fælt som alternativ trening. Eg har i to månader hatt ståande 100 meter vannslange utanfor huset mitt. Den skulle eg opprinneleg få frakta inn til ei hytte som eg lånar no og då, for å legge inn sommarvatn i hytta. Frakta skulle foregå med snøskuter.

Men mens eg planla, kom tre veker med sol og varme, og før eg fekk snudd meg, var snøen smelta så vekk at det gjekk ikkje an å køyre skuter der. Denne veka tenkte eg: – Skal dei kveilane stå der til neste vinter? Skal eg ikkje heller ta og prøve å bære dei inn sjølv? Så eg festa dei på sekken, og heiv han på ryggen. Det var så svintungt at eg for moro skuld gjekk på badevekta for å sjå kva eg vog med sekken på: 140,2 kilo. Legg så til ein kilo skisko, jakke og hatt, pluss at eg stoppa og kjøpte to boksar pils på vegen. OK, dei vog eitt kilo, men det kiloet tenkte eg  på med stor glede kvar meter av vegen.

Så køyrte eg inn der stien byrjar, og så begynte eg å gå. Etter hundre meter tenkte eg at dette går aldri. Berre det å ta av og på seg skia (det var veldig «flekkete») var nesten umogeleg med det digre monsteret på ryggen. – Ok, tenkte eg, slangen skal jo tole både sol og regn, så når eg ikkje greier det meir, så berre legg eg han frå meg, og så tek eg han vidare i morgon og eventuelt ein anna dag. Eg trur ein 25 kilos slangekveil ligg relativt trygt for tjuvar langt inne på fjellet.

For å gjere ei lang historie kort: Det gjekk.  Eg glei og datt på eit berg ein stad, og det var rett og slett såvidt eg greidde å komme meg på beina att, men det gjekk det og. To timar tok det, med puls mellom 140 og 150 heile tida. Då eg kom fram var eg så opphissa at eg kosta på meg ei lita feiring. Den kan du sjå her: Slutten tar heilt av…

Kommentarer