Trenar det kroppen tolar

-Er du ikkje plaga med belastningsskadar? Var det ein som spurte i ein kommentar her. Jau, heile tida. Å trene hardt er å alltid ha vondt ein eller annan stad. Smerte er noko ein venner seg til.

Når nokon gjer slik, har han det vondt inni seg. Inni fingeren sin.

Det første som skjedde, var at eg gjekk heile vinterferien med litt for trange skisko.  Spesielt tvers gjennom tåballane i høgre fot gjorde det skikkeleg vondt. – Okei, eg går ein halvtime, og er det like ille då, gir eg meg, tenkte eg. Men ein halvtime er omtrent den tida det tar å bli heilt nummen, så dermed gjekk eg ein tre timars tur. Kvar dag. Det gjekk i ti dagar, så våkna eg klokka fem ein morgon med ein fot som var varm, klødde og sitra, og verkte. I takt med pulsslaga. Banking. Eg tok ein voltaren og to ibux og kryssa fingrane, og jammen gjekk det over.  Dermed var det rett på ergometersykkelen i tre veker.  Ergometersykkel er den einaste treninga eg kan drive som er fullstendig skadefri. Men det er litt kjedeleg og.

Så snart eg kunne gå på beina, bar det av garde på ein saltime på Spenst. Boot Camp. Det er det same som sirkeltrening i trippelt tempo. Eg har ein mistanke om at det var der eg fekk vondt i ryggen. Det har eg no hatt i snart to månader.  To-tre timar etter at eg sto opp om dagen, begynte heile ryggtavla å verke som om det låg sand i hinnene mellom musklane. Slikt blir ein i dårlig humør av. I påska kom bror min og familien hans på besøk, og ein time etter at dei var komne, slo eg fast at skulle eg kunne oppføre meg slik at dei ville få lyst til å komme att ein anna gong, fans det berre ei løysing, og den heiter Paralgin Forte.  Eg hadde ti tablettar liggande frå eit rotfyllingsprosjekt for nokre år sidan. Dei varte i ti dagar. Sidan det har eg tatt ein Voltaren (og til tider to Ibux) kvar dag. Eg har fått eit sett rygg-øvelsar frå Siri Marte som eg skal gjere, og dei hjelp godt, men det ser nok ut til å bli ein tremånaedersskade, det her. No er det ein og anna dag eg ikkje kjenner ryggen, men heilt god er eg framleis ikkje.

Og ellers? Gnagsår, blødande sår på tærne av tåneglar som blir for lange, gnagsår på handbakane av reimene på gåstavane, anklar som murrar når det blir for mykje gåing (over på sykkel igjen), rygg som verker når det blir for mykje sykling (over på ergometer), lår som verker når eg har gått for mykje unnabakke, det er alltid eitt eller anna.

Det siste, heilt latterlige, er følgjande lærdom: Du bør ikkje bite neglar så langt inn at du får eit lite sår, og så ta på deg eit par hanskar som er så gamle og svette at det fins fleire bakteriar inni der enn sandkorn i Sahara, og så gå deg varm og sveitt. Då våknar du klokka halv fem om morgonen med ein langfinger som ser ut som fingeren til Donald Duck, når han akkurat har smelt til han med ein hammar, som bankar i takt med pulsen og gjer så vondt at det kjennest som om han skal sprekke.

Eg tok tre Apocillintablettar som eg hadde liggande, skylte ned med tre Dispril, gjekk og la meg og tenkte på kjøttetande stafylokokkar og korvidt eg ville måtte amputere ved handleddet eller i albogen, før eg døste av eit par timar og vakna av bankande smerte.  Fant ut at viss eg rette armen rett opp (liggande Hitler-helsing), rant blodet litt ned og smerta vart mindre. Prøvde i ein time å få sove på denne måten, men det trur eg ikkje Hitlerjugend fekk til ein gong. Til slutt gav eg opp og sto opp. No knaskar eg penicillin, har lagt saltomslag på fingeren og sit i ein stol med handa inn mot veggen så ingen skal komme borti den.  I dag blir det berre ein liten tur. Halvanna time på puls 105-120.  Eg tullar ikkje.

Sjølv nynazistar ville fått problem med å sove slik.

Og a propos Hitler-helsing: No skal du få sjå verkeleg kvalitetstull. Denne snutten går som ein farsott blant venene mine om dagen. Det har ingen ting med trening å gjere, det er berre ustyrtelig morosamt: Sogn og Fjordane, sett frå bunkeren:

 

 

Kommentarer