Slit med vekta

Prosjektet mitt står litt i fare no. 10. mai vog eg 108,6 kilo. Sist mandag gjekk eg på vekta: 108,8 kilo. Tre veker utan eit gram vektreduksjon. Kva har skjedd?

Det er framleis litt for mykje som dissar 🙂

Eg som låg på eit kaloriunderskot på 15 000 kaloriar i veka? Korleis i all verden kan mine synder ha ete opp (!) heile det forspranget eg hadde på døden?

For det første: Det var ikkje berre mandag eg vog 108,8. Det var den lavaste målinga av sikkert ti over tre dagar. Det er slik eg definerer kva eg veg: Det lavaste talet eg har sett dei siste dagane. Ein eller anna regel må ein ha, og dette er min.

Men kva skjer?Det har gått fint ei lang stund, men plutselig skjedde det noko. Såg det først i ansiktet, litt chubby i kjakane, liksom. Vart litt redd for å vege meg. For å gjere ei lang historie kort: Dette held ikkje. Noko må gjerast. Men kva? Det har eg tenkt veldig hardt på dei siste dagane.

For det første: Kva har endra seg, kva har eg gjort annleis dei siste vekene?

Jau, eg har nok i alt for stor grad latt meg friste til å seie at «i dag har eg vore så aktiv at i dag treng eg ikkje noka ettermiddagsøkt». Enten har formiddagsøkta vore så lang (ein fjelltur tek gjerne tre timar), eller eg har vore såpass mykje på beina resten av dagen, at eg har følt at det vog opp for ein time på puls 105-120 (som Siri Marte helst vil at eg skal ha fem ettermiddagar i veka).

Dessutan har eg blitt for slepphendt med maten. Unner meg ein liten neve nøtter når andre har, seier til meg sjølv at «ein pose popcorn veg jo nesten ingen ting». Det faktum at eg til slutt åt opp ei halv gryte med fiskebollar i fløytesaus som hadde stått i kjøleskapet i fire dagar, seier jo alt. Når ein gjer slikt, då er ein ute å kjøre. For to månader sidan ville eg kasta den første dagen, når eg såg at ingen andre hadde interesse av den.  Og så har eg spist veldig mykje fiskekaker. Rett og slett fordi at First price kyllingfilet har vore utselt veldig lenge, påleggsfileten er dyr og andre et han opp for meg (eg kan ikkje godt seie at «heiheihei, den dyre maten er til pappa, du får ete feit fårepølse»). Men fiskekakene får eg ha i fred. Men fiskekaker er mykje karbohydrat, og når du et ti stykker om dagen, så blir det litt av det. Men no har eg smakt tunfisk i vatn (på boks), som dottra mi et store mengder av. Og det er faktisk (litt) godt. Og (veldig) billig.

Og så kjem det, at fordi formen er blitt så bra, og musklane så sterke (stadig sjokkerande målingar, kjem tilbake til det på fredag), så kostar ei treningsøkt meg mykje mindre anstrengelse enn før. Kor lenge er det sidan eg var så sliten som eg var etter dei verste turane på langrennski? Jau, det er vel akkurat så lenge sidan, det. Ikkje sidan skisesongen har eg tatt meg ut så eg låg som eit slakt i ein stol resten av kvelden.  Til og med då eg bar ein 34 kilos sekk i to timar, var eg i stand til å danse og tulle etterpå.  Eg har gått i den fella eg har snakka om heile tida: Eg har tatt gevinsten ved forbedra form ut i makeligare treningsøkter. I går gjekk eg ei ettermiddagsøkt (ein time på puls 105-120) med pulsklokke for første gong på fleire veker, og det vart eit sjokk: Ved rask gange får eg ikkje pulsen over 95. Skal eg opp i 105, må eg rett og slett småjogge. Eg er altså no i såpass god form at det som skal være ei lett ettermiddagsøkt krev at eg småjoggar i ein heil time. Eg trur det nesten ikkje mens eg sit her og skriv det. Ved kjøkkenbordet med dotter mi i går kveld kjende eg att ei kjensle eg ikkje har hatt på lange tider: Kjensla av å være heilt tom for krefter. Pumpa.

Det begynner å bli mange faktorar som virkar same veg: Aukar kaloriinntaket, og reduserer forbruket. Ved umerkelege små endringar snik inntaket seg opp, og forbruket ned. Summen av alle småting blir 7500 kaloriar eine vegen og 7500 kaloriar andre vegen, og til saman går eg glipp av eit vekttap på halvannan kilo i veka.

Lærdomen er at så snart eg tillet meg å modifisere på programmet, bur det mekanismar i hovudet mitt som utløyser eit ras av alle desse småtinga. Så no er det to tiltak:

1: Følgje treningsprogrammet slavisk. Eg skal framleis la langturane bli fjellturar på både tre og fire timar, men eg skal aldri bruke det som påskot til å droppe ettermiddagsøkta. Og rydding, vasking og hagearbeid kan aldri erstatte ein time småjogging.

2: Følgje kostprogrammet slavisk. Konsekvent unngå karbohydratbomber etter formiddagsøkta. Firkornblanding og pære til frokost (så eg har energi til formiddagstreninga), etter det berre salat, lettyoghurt, gulrøter, reinskore kjøt eller fisk.

Så får vi sjå.

Kommentarer