Kjem som eit ekspresstog

Formen kjem som eit ekspresstog no. Sist helg vart ein kondis-opptur av dimensjonar.  Eg føler det som kroppen min har fått større motor.

1250 trinn på 26 minutt. Løyste svetten. (Foto: Jostein Øvrestrand)

Det er akkurat som den gongen eg hadde levert Caravellen min på verkstad og fekk låne ein bil for å gjere nokre ærend. Bilen eg har, har ein motor på 102 hestar. Den eg fekk låne, var ein Caravelle med 174 hestar. _ Jeeezes, kor det går, tenkte eg, då eg ga bånn gass ut av ei rundkøyring. Same bil(type), same vegane, men alt skjedde med ein sprut av krefter som eg ikkje hadde opplevd før. Akkurat slik har eg det no.

Sist fredag kom eg heim frå gravferd i Bergen, var litt sliten, litt nedpå, og litt pjusk ettersom eg hadde neglerotsbetennelse og gjekk på penicillin. Men eg hadde ikkje fått trent på to dagar, og no følte eg at eg måtte ut, uansett kor lite fristande det var. Tok på meg pulsbeltet og sat fem minutt i godstolen og prata med fruen. Såg plutseleg at pulsen låg på 60 slag i minuttet. Det er ganske respektabelt. Sette meg til å puste sakte ut og inn, konsentrerte meg om å slappe av i heile kroppen. Pulsen sank til 54, og var nokre sekundar heilt nede på 52.

Så var det klart for 4 x 4 minutt intervall. Det gjer eg for tida på den måten at eg går raskt opp til Birkeflet, ein grusveg med først slak, så stadig brattare motbakke, opp ca. 100 høgdemeter. Så ruslar eg halvvegs ned att, og så joggar eg opppover bakken til pulsklokka pip (på puls 150 – 88 % av maks), og så går eg over i rask stavgang resten av intervallet. Dei siste tre vekene har det skjedd 10-20 meter før ei bestemt ferist,  ca. 1 min 45 sek ut i intervallet.

I første intervall kjem eg heilt fram til ferista, kjenner at muskulaturen i låra nærmar seg stivning av melkesyre, men pulsklokka pip ikkje. Eg joggar vidare, skal sjå om eg greier det utan å stivne. Først etter 2,31 pip klokka, og eg går over til rask gange. I andre intervallet kjem eg 2,55 av garde før klokka pip, i tredje og fjerde intervall joggar eg heile dei fire minutta.  Idet det fjerde intervallet er over, slår eg over i rask jogg oppover bratta, vil køyre opp pulsen litt. Stoppar idet eg kjenner gjelda melde seg (det som skjer når du gir absolutt alt du har i ti-femten sekund og så plutselig får betale for at du har gitt meir enn du hadde), pulsen er 158. Nøyaktig to minutt seinare er pulsen 100, altså eit pulsfall på 58 slag på to minutt. Ein treningsnarkoman eg traff i skiløypa i vinter fortalde meg at det er ein veldig grei måte å måle kondisen på: Pulsfall på 50 slag/to minutt tilsvarer elitemosjonist (maratonløparar osv.), mens topputøvarar kan ha pulsfall på heilt opp i 80 slag.

Det spelar sjølvsagt ei rolle kor lang treningsøkta har vore. Etter min sju timars skitur på Johannesberget gjekk det over ein time før pulsen min kom under 100, og då sat eg i bilen mesteparten av tida.

Eg har vore på nokre fjellturar dei siste dagane, og eg er eit nytt menneske, det er ikkje tvil om det: Sjølv med tung sekk kostar motbakkane meg ganske lite, og på flatene kan eg småspringe og hoppe frå stein til stein. Og då er det kjekt å gå på fjellet! FOR ein sommar dette skal bli 🙂

I går gjekk eg trappeløpet i Høyanger: 1250 trappetrinn rett opp i fjellet på 26 minutt. Kunne gått fortare, men lydde pulsklokka, som peip på 150.

 

Kommentarer