Ned 35 kilo

No har eg gått ned 20 kilo sidan bildet oppe til høgre på denne sida vart teke i februar. 35 kilo på halvanna år. I dag skal eg feire.

Eg syns eg begynner å få litt slappe puppar. (Foto: Marita Aarekol)

I dag morges gjekk eg på vekta: 105,4 kilo. Men i dag er det den 20. juni, og målet mitt var 105 kilo den 10. juni. Så det gjekk ikkje. Men eg syns det er nær nok.  Eit anna poeng er at eg no har passert 20 kilo vektnedgang sidan 10. februar, altså på 4 månader.  Med klede på ser eg no faktisk ganske sprek ut. I bar overkropp kan du sjå to ting: 1: Det er enno eit stykke att. Eg svelt ikkje i hel med det første. Og 2: at magen min er ganske vansira av ein operasjon eg gjennomgjekk då eg var eitt år gamal. Eg vart nok rett og slett sløygd som ein fisk, idet arret strekkjer seg frå gattet til ribbeina. Lite å gjere med det, anna enn å smile og være så sjarmerande som ein kan.  Eg kapra no den penaste jenta på NHH, og meir enn det ventar eg ikkje av livet.

Spøk til side: Trufaste lesarar har sett at vekttapet har bremsa ganske kraftig opp. But, but, and so then? som ein kjent rallykøyrar sikkert ville sagt. Pila peikar rett veg, og som ein gamal studiekamerat skreiv i ein mail her om dagen:  «Snart har du samme vekt som meg. Jeg er 95 kilo nå, og det er ikke noe problem å løpe maraton når du kommer under 100. Jeg har jo løpt noen maraton opp igjennom både i New York og London og jeg lurte på om jeg skulle ta turen til Frankrike og bidra når du skal igang». Og ned i 95 skal eg greie å komme. Det trur eg. Det er no tre månader igjen. Jau, det skal gå.

Neste tirsdag skal eg til Trondheim og besøke Siri Marte, TV2 Sporty sin treningsekspert. I laboratoriet på NTNU skal vi teste O2-opptaket og fett/muskelsamansetning og litt diverse, for å sjå kva tre månader med trening etter toppidretts-program har gjort med kroppen og formen. Denne veka blir det ei intervalløkt og ein  rolig langtur på minst ein time kvar dag, for å spissse formen inn mot O2-testen. Dette blir spanande.

Dagen feirar eg med å vise degtullevideoen Teipen frå isødet,  som eg laga til eit one-man-show for fem år sidan.  Eg har 11 episodar til, dei kjem etter kvart. 🙂

Og forresten: Eg kjenner meg ti år yngre no, enn eg var då. 

Kommentarer