Hjarte for maraton

Då er O2-testen gjennomført. Framgangen sidan sist test, i mars, er formidabel, og TV2 sin treningsekspert Siri Marte Hollekim seier at hjarte/lungekondisen min no er god nok til å springe maraton.

Du kan no tenke deg kor lett det er å yte alt (og litt til) med den dingsen der i kjeften.

Du kan no tenke deg kor lett det er å yte alt (og litt til) med den dingsen der i kjeften.

Eg har gjort det før, men eg hadde gløymt kor ille det var: Først limte Siri Marte ein teipbit over naseryggen min, og så sette ho meg på ei tredemølle for å varme opp.  Det første eg registrerte var at på det nivået eg måtte gi meg sist (segneferdig, med 170 i puls), nemlig 4,4 km/t, 20 % stigning, låg eg no jamnt på 137 i puls og kunne holdt på i halvannan time. Formidabelt, berre det.

Men Siri Marte kjører på, aukar tempoet. Opp i seks km/t, eg må jogge. I 15 (ja, femten!) prosent stigning. Pulsen aukar og aukar, O2-opptaket likeeins. No begynner eg å sige inn i ei transe der eg berre ser på eit punkt på veggen og tenker pust iiinnn, pust uuuuuht. Brått ser eg at pulsen min er på 170. Og det er jo makspulsen min? Det var jo der eg heldt på å daue i fjor sommar? Siri Marte kjører på med 18 % stigning. Det brenn i lungene, blodsmaken brer seg. Pulsen stig. 173. Brått får eg kjensla av at bevisstheten min tok seg eit glimt pause, og då gir eg meg.

O2-opptaket er på litt under 45 ml oksygen pr kilo kroppsvekt per minutt. Det er ein framgang på rundt 7,5 ml (eller 25 %) på 16 veker. Siri Marte seier at med optimal trening kan ein rekne med 5 ml framgang på tolv veker, og at deretter går det mykje saktare. Ho seier dette er optimalt, og langt betre enn ho hadde venta seg. Eg hadde håpt eg skulle score høgare, eg skal innrømme det. Men Siri Marte seier at meir kunne eg ikkje drøyme om, og at formen no er god nok til å gjennomføre eit maraton.

Frå no av skal vi vedlikehalde formen, og trene muskulatur. Styrketrening, to intervalløkter i veka

(litt behagelegare enn to per dag :-), og lange turar til fots. Og det skal eg greie. Du skal berre sjå at dette kan gå 🙂

Eg gjorde nokre andre testar og, fett/muskelsamansetning og kvileforbrenning og slikt, men det kjem vi tilbake til på fredag. Eg er sliten, og no skal eg feire. Eg

skal sjå to episodar Prison Break utan å sykle ergometersykkel! Vi snakkar real, real bad boy her.

Eg spring, Siri Marte jagar på. Eg begynner å trivst med å sjp bilder av meg frå sida no. Det er ein framgang.

Eg spring, Siri Marte jagar på. Eg begynner å trivst med å sjå bilder av meg frå sida no. Det er ein framgang.

.

 

Kommentarer