5 kilo musklar borte

Eg har mista 4643 gram muskelmasse sidan testen i mars. Tv2 sin treningsekspert Siri Marte Hollekim putta meg inn i ein science-fiction-maskin på NTNU, som scanna heile kroppen min for bein, fett og «anna». Det er 4,6 kilo mindre «anna» no enn det var då.  Og det er musklar som er borte.

Røntgenbildet avslører at eg er i slekt med Michael Jackson 🙂

DXA, heiter maskina. Det virkar utrulig at ein maskin berre ved hjelp av ein laserstråle skal kunne sjå gjennom kroppen din og berekne kvart gram av den heilt nøyaktig, men no skal du få eit bevis på kor nøyaktig den er:

Før testen vog eg meg på ei vanleg (men sikkert super-dyr) badevekt. 106,3 kilo.  DXA-maskina lyser gjennom kroppen min og analyserer rett og slett volumet av masse identifisert som fett, bereknar vekta ut frå tettheten, og kalkulerer på grunnlag av det ei totalvekt fett. Det same med musklar og bein. Eit slags røntgen-augemål. Så summerer maskina desse tala, (som utelukkande er basert på optiske registreringar og reknestykke ut frå det) og kjem til ei totalvekt. Denne vekta er 106,6 kilo. Mot 106,3 på badevekta. Er ikkje det bra treffsikkert, so veit ikkje eg. Det gjer at eg trur hundre prosent (97,8 prosent, faktisk)på tala ho oppgir.

Og tallenes tale er klar: Mengden fett har gått ned frå 32,8 kilo til 24,8 kilo. 8 kilo smelta vekk.  Dei ligg att i skiløypene, sykkelstien, og motbakkane bak huset mitt. Men der ligg og 4,6 kilo muskelmasse. Siri Marte seier at det er naturleg, at når ein går i månadsvis på kaloriunderskot, så må det nødvendigvis gå med litt muskelmasse og. Ho er i grunnen flink til å tenke positivt, ho der Siri Marte.

Men det er klart, etter kvart som kroppen har mindre fett å drasse rundt på, så treng ein mindre musklar og. Det er meir kjøt på ein feit gris, enn ein mager.Verd å merke seg er det og at vekta av skjelettet mitt har gått opp med 62 gram. Auka belastning har styrka skjelettet. Eller kanskje eg berre er blitt tettare i pappen.

Tallenes udiskutable tale.

Den observante lesar vil sjå at vekta er høgare enn det eg har feira her på bloggen for kort tid sidan. Eg har observert vekta mi lenge nok til å ikkje bry meg om det. Den går opp og ned 2-3 kilo, alt etter kva eg har ete og kor mykje væske eg har i kroppen. Denne dagen hadde eg drukke meg godt opp til testen, ete salt mat for å halde på væska, og proppa meg med karbohydrat om føremiddagen. Eg vog 105 kilo (lavaste måling) i førre veke, eg har ete det eg pleiar og trent hardt, og eg er eit kilo lettare denne veka, det veit eg. Neste dag vog eg meg att (denne gong med TV-kamera til stades), og då var vekta 104.  Slik er det.

O2-opptaket var som nevnt veldig bra, og kvilepulsen min vart målt til 48 slag i minuttet. – Du har formen inne til eit maraton, seier Siri Marte. Og det gjer meg litt betenkt. For eg veit kor tungt det er for meg å jogge ein kilometer. Og så gange det med 42? Huff.

– Du må bli sterkare i beina, så blir kvart steg lettare, seier Siri Marte. Så no skal eg i treningsstudio. Det har eg ikkje mykje lyst til. Gå der og vralte rundt med alle supesprekingane. Men, men. Eg har ein resept på å klare dette, og det er å alltid gjere som Siri Marte seier. Det virkar som ho veit kva ho gjer.  Mandag blir det ny episode her på bloggen:  «Slappe-puddingen som skulle leike med fotomodell-sprekasane».

Kommentarer