Ferie-utfordringane

- Ich bin der Maratonmann, seier turisten som stormar opp og ned trappene i Siegessäule i Berlin til skrekkslagne turistar.

Å halde seg til eit trenings- og kosthaldsprogram går greitt så lenge du er heime og livet går i sin vante tralt. Men så befinn du deg plutselig på hotell, i ein framand by, og kanskje til og med utan joggeskoa dine. Kva gjer du då? Det problemet fekk eg rett i fleisen søndag.

Eg har lenge visst at eg burde ta meg ein tur til Berlin. Kvifor? Jau: Eg har skrive ein roman som kjem ut til hausten. Den har fått mange lovord av dei som har lese han, men ein ting har to av tre fagkonsulentar påpeikt: Det er noko rart med det kapitlet som utspelar seg på ein flyplass i Berlin.  Og eg veit nøyaktig kva som er årsaka til det: Eg har nemleg aldri vore i Berlin. Manuset skal leverast fiks ferdig til forlaget 10. juli, og eg har i seks veker visst at eg burde ta meg ein tur til Berlin og skrive opp att det kapitlet. Men så har eg ikkje hatt tid, og når eg har hatt tid, så har eg ikkje hatt pengar. Laurdag ettermiddag gjekk det opp for meg at no hadde eg begge delar på ein gong, så eg heiv meg på eit fly søndag 1345 frå Flesland.

Eg fekk med meg pulsklokka og nokre treningstrøyer, men dett var dett. Ikkje joggesko, og ikkje sikringskost i det heile tatt. Nokre boksar med tunfisk og eit par salathovud ville gjort mykje, kanskje nokre isboksar med ferdig kutta blanda salat, men nei.

Eg sat som femtenåring og hutra meg storøygd og gjennomrysta gjennom boka «Christiane F.: Å være ung er for jævlig», så det første eg gjorde i Berlin, var å ta toget rett til Bahnhof Zoo, der mykje av handlinga utspelar seg. Eg såg ikkje Christiane F (det kan hende eg gjorde det, men eg veit ikkje korleis ho ser ut), men eg såg mange unge som såg ut til å meir eller mindre bu der, og dei såg ut til å ha det forskjellige grader av for jævlig. Men det blir liksom ikkje så eksotisk når du har sett det same på Bystasjonen, eller Firda Billag, for den saks skuld.

Så begynte eg å tenke på kvar eg skulle bu. Det var heldigvis like i nærleiken. Og så måtte eg få meg litt sunn mat. Ha ha ha. Det dei ser ut til å ete i denne byen er: Karry-pølser (35 % fett, anslår eg), Svineknoke (Eisbein) (same fettprosent) og Døner Kebab (ein klump med uidentifiserbare kjøtslintrer. Det som på etikettane i Noreg heiter kjøttråvarer. Det mistenker eg å omfatte alt som ikkje er bein eller auger.) På den tiande restauranten fann eg ein salat med det som skulle være kyllingfilet til. Det såg slik ut:

Etter ein times leiting, var dette det sunnaste eg fann.

Kyllingen var frityrsteikt. Den coatingen der er ei salig blanding av karbohydrat og feitt, og ei kaloribombe. Eg åt salaten, men på vegen heim braut eg fullstendig saman, kjøpte to karrypølser og skylte dei ned med ein liter melk som eg fekk i resepsjonen. Eg trur kanskje det var melka (langtidshaldbar til september, men eg fekk ikkje med meg om det var i år eller i fjor), det kan sjølvsagt ha vore pølsene og, men to timar etter at eg la meg, eksploderte kroppen min og kvitta seg med alt mageinnhald på brutalt vis. Det er lenge sidan eg har kasta opp, så eg hadde gløymt kor fælt det er. Vil ikkje snakke meir om det.

Det var i alle fall ein lett om enn noko matt mann som vakna klokka åtte i dag tidleg, og skulle sjå om han kunne få seg litt mosjon. Det er (for meg) den hyggelege delen av å være ein ny plass: Du får aldri sett deg så godt og rolig om, som viss du går deg ein fire timars tur. Så det gjorde eg. Spesielt Siegessäule er det ikkje mange turistar som har sett så grundig som meg. Opp til toppen der går det ei spiraltrapp på innsida, og den er på 285 trinn. Det kan hende det var 385 og, eg skal innrømme at eg kom ut av tellinga kvar gong eg gjekk opp der, endå eg gjorde det fire gangar. Vel komen opp første gang gjekk det nemleg opp for meg at dette var den perfekte åstad for ei 4 x 4 minutt intervalløkt. Så eg gjekk ned, og så storma eg opp att. Tre gonger.

Trur du ikkje på meg, så sjekk videoen her:  Eg framstår rett nok på den filmen som noko forvirra kva gjeld kven som er arbeidsgivaren min, men det skjer, som eg tidlegare har vore inne på, noko med tenke-evna mi når eg kjem over 130 i puls. (Det forklarer jo forresten ein del kva gjeld t.d. Petter Northug sine uttalelsar til pressa.) I tillegg til det gjekk eg altså heile gatene Kurfürstendamm, 17.juni-gata forbi Brandenburger Tor og heile Unter den Linden. Hadde tenkt å få med Karl Marx Alle og, men då hadde eg så vondt i eine foten at eg gav meg. Men ikkje før eg hadde vore innom eit apotek og kjøpt Voltaren, som er reseptfritt her i Tyskland (god knark for treningsnarkomane) og på eit supermarked og sikra eit sunt næringsinntak det neste døgnet.  Sju timar på farten i dag, fem av dei til fots, det må være bra.

Dagens innkjøp: To pk ferdig salat, tomatar, 400 gram reinskore kjøt (maks 3 % fett), lett salatdressing, soyasaus, rugbrødskiver (til frokost), to flasker vatn, ein liter lettmelk (1,5 % fett var det magraste eg fann) og ein pakke Voltaren. Det sunne livet er berga ein dag til.

I morgon skal eg prøve noko eg har hatt lyst til lenge: 10 (Ja, ti!) x 4 minutt intervall opp og ned i Siegessäule. Eg har spurt Siri Marte, og ho meiner at det ikkje kan være skadeleg. Det vil seie, ho svarte at 6 gonger 4 minutt på 90 % puls er rikeleg, og at viss eg tek ti, bør eg kanskje gå ned litt på pulsnivået. Men ho sa ikkje at eg kom til å døy av ti økter. Så då prøver eg det 🙂

Kommentarer