Musa som brølte

Eit anstrengt smil

Det var ein gong ein lita mus som skulle springe Maraton i medoc 10. september. Den vesle musa hadde trent hardt og lenge, men ein dag sa trenaren til musa: – Du er for svak i beina! Du må gå i treningsstudio! – Javel, sa musa, og so begynte ho å skjelve.For den vesle musa hadde ein gong vore i eit treningsstudio, og dessutan hadde ho henta dottra si der fleire gonger, så ho visste kva slag skapningar som befolkar slike studio:  Kattar. Kattedyr. Der fanst mjuke, smidige panterar, der fanst lynraske gepardar, der fanst digre, muskuløse tigrar med musklar så harde at dei gjekk heilt kantete.  Kattar. Kattar med klør så kvasse som barberblad. Og den vesle musa visste at alle desse sterke, smidige kattane ville komme til å le høgt og lenge når den vesle musa sette seg i treningsapparata, og så kom dei til å ete ho til frokost.

Men musa hadde gitt eit løfte, og ho visste at om ikkje ho heldt det, så kom heile verda til å le av ho, så ein dag pakka ho treningsbagen sin, og så stilte ho seg opp framfor døra til Spenst i Førde, og så sparka ho opp døra med eit lite musebrak.-

– OKEI, KATTEJÆVLAR!» brølte musa, «GIVE IT TO ME! AND GIVE IT ALL YOU’VE GOT!»  Dei kan no ikkje drepe meg, tenkte musa.

Den vesle musa var som du kanskje skjønar meg, og om ikkje eg akkurat sa det der med «kattejævlar» og dei greiene der, så var det i alle fall slik eg følte det.

Sist fredag var eg på Spenst. Ein fysioterapeut der hadde fått eit treningsprogram av Siri Marte, og han viste meg rundt i apparata og korleis eg skulle stille dei inn og legge på vekter og sånn. Så skulle eg ta ein runde sjølv. 10 øvelsar, ti repetisjonar, tre seriar. (Altså 3 x 10 øvelsar). Han sa eg var både flink og sterk, men då eg kom på eiga hand begynte eg jo snart å sjå kva vekter dei andre der la på, når dei brukte dei same apparata som meg. Det var jenter på 20 år der som brukte tyngre vekter enn meg. Til alt overmål traff eg på min gamle ven Per Martin, som eg av og til har gått på fjellet med. Han sat i beinpressmaskina og sparka frå seg ei vekt på 220 (to hundre og tjue, ja) kilo. Eg greidde 140 (ja, det stavast eitt hundre og førti). Per er 70 kilo, han veg altså ca 2/3 av det eg gjer, og han er nesten dobbelt så sterk i låra som eg er. Tenk kor mykje lettare kvart steg er for han, enn for meg? Trur du han nokon gong kan forstå kor tungt det er for meg, når vi går på fjellet i lag?

Så fortalde eg dette til min Vidar, som eg av og til syklar med. – Åja, sa Vidar, eg pleier no å ta 3 ganger 15, 165 kilo, sa Vidar då. Er det rart han flisar meg når han vil? Tenk kor mykje lettare han trør rundt trøene enn meg?

– Eg er ein svak og puslete pudding, sa eg til kona mi då eg kom heim.  Og eg kunne følge opp påstanden med knusande fakta.

Det tok fleire timar før eg kom på følgande tanke: – Du har sjølv sett korleis det er, når ein begynner med eit fryktelig svakt utgangspunkt: Det er den første forbedringa som kjem lettast. Og den kjem gjerne raskt, og. Kanskje var ikkje dette så dumt. Kanskje, viss du gjer dette to gonger i veka dei ni vekene som er att til Medoc, kanskje du blir enormt mykje sterkare i beina? Kanskje kvart steg faktisk blir veldig mykje lettare? Kanskje du faktisk kan klare dette her?

Og den vesle musa kjende noko vekse ut på potane sine. Små klør. Kvasse som barberblad. Kattane skulle berre passe seg.

Sjekk gepard-kvinnen bak meg. Slikt lokkar dei med. For meg fungerer det omvendt :-/

Kommentarer