Varpet i garderoben

Eg i butikk-trøya mi. Når eg har den på meg, fell damene som floger:-)

Eg har rydda på klerommet mitt for første gong på ti år.  Etter å ha gått ned nesten førti kilo, har eg no klede for ti år framover. Minst. ADVARSEL: For folk som alltid har alle ting i ordentlige bunkar og veit kor dei har alle ting, og alltid held det ryddig og reint i alle rom i huset sitt, vil denne artikkelen by på svært sterke scener. Du kan få sinnbilder på netthinna som kanskje aldri går bort. Som min ven læraren seier: «Vær forsiktig med skrekkfilmer. Det du slipper inn i ditt sinn kan du ikke så lett viske ut igjen.»

Når du gjennom tjue år sakte men sikkert har blitt tjukkare og tjukkare, avleirar det seg sedimentære lag på klerommet ditt.  For det som skjer, er at plagg etter plagg blir for lite, og blir liggande i ei skuff, eller på ein klehengar.   Når det gjeld klede, er det to ting eg hatar: Å gå i klebutikkar (eg blir varm og svett, og dei har ingen ting som passar (kanskje hadde no er riktig tid av verbet?), og å rydde på klerommet. Så det har eg ikkje gjort på ti år.

Fram til i går hadde eg tre t-skjorter, to skjorter, to shortsar, ei dressjakke og ei langbukse som hang som ein sekk rundt meg. Eg hadde ei langbukse til, men den såg ut som om eg skulle på campingtur, og hadde slengt lavvoen rundt livet.  Så den tel ikkje. Eg må få skyte inn at den eine shortsen hadde den litt leie eigenskap at smekken heile tida glei ned, så den tel vel ikkje som ein heil shorts. Lat oss seie at eg hadde halvannan shorts.  Så det var litt tynt. Så sat eg saman med kona mi søndag morgon og lurte på kva vi skulle finne på.

– Vi skal ikkje ta og rydde gjennom heile klerommet, foreslo kona mi. – Jau, kvifor ikkje, sa eg. – Du fekk med deg kva eg sa? spurte kona mi. Jaudå, sa eg. Og så sette vi i gang. Velta bunke etter bunke med gamle klede utover soveromsgolvet, og eg sette i gang å prøve og sortere.

Det blir nokre sentimentale augneblenkar av slikt. Som då eg tok på meg skjorta eg hadde vi møtte kvarandre, eller revygenseren frå Uken -90 på NHH, eller ei T-skjorte som eg arva etter far min (som gjekk bort for 13 år sidan) og ALT PASSA SOM STØYPT!!! Det var nesten så kona mi lot seg distrahere vekk frå prosjektet vi heldt på med ( vi befant oss jo på eit soverom). Skjønar du? Då snakkar vi om distraksjonsmoment i atombombe-klassen.

Artig er det og å sjå at det har funnest ei tid då det ikkje spelt nokon rolle korleis ei trøye såg ut, kva farge det var på den (spygrøn), eller den hadde noko mønster, berre det sto LaCoste på den, så kosta den 500 kroner (om ikkje meir). Og at eg dessutan hadde ei mamma som gav meg nokre spinndyre seilar-Tennis-skjorter, som faktisk aldri har vore i ei vaskemaskin. Trumfa dei på meg då eg fekk dei, heldt magen inne og pusta med underlivet til ho var gått, og så heiv eg dei inn i klesskapet.

Frå den noko usle tilstanden på klefronten for to dagar sidan, er status per i dag denne (og alt dette er klede som passar): Eg er den stolte eigar av

56 T-skjorter

10 skjorter, derav tre tusenkroners smokingskjorter i super-kvalitet.

4 langbukser (som passar)

4 shortsar (utan blottar-risiko)

48 truser

1 grå dress som eg arva etter ein slektning, og som skreik av angst så snart eg nærma meg. Før.

Ei tettsittande svart og kvit trøye som eg brukar berre på butikken, for då får folk heilt sjokk når dei ser meg, og damer kjem bort og må kjenne på magen min. Det er heilt sant.

Den gamle smokingen min (med rosa magebelte. Totalt 80-talls.)

Og best av alt: Den gamle kjole-og-kvitt’en min, som var kjøpt på Moss Brothers i London i høve haustballet på NHH i 1987 (Ja, vi snakkar totalt bortskjemt lege-unge her), er berre nokre få centimeter frå å sitte perfekt. Og i den er eg tøff. Eg gledar meg til eg får den på meg. Då skal du få sjå.

Og aller, aller best av alt: Eg har ei kone som seier at ho blir yr og glad berre ho set sine bein på soverommet. Og det er alltid ein god ting.

56 t-skjorter og ein glad mann. Sjekk livkjolen midt i bildet og ikkje minst revygensaren bak meg.

 

Kommentarer