Lure tur-tips

– Har du 4-korn? spurte eg dama i butikken. Ho såg rart på meg. – Har du tunfisk i vatn, då? Nei, det hadde ho ikkje heller. – Har du kyllingfiletar då? Nei, det hadde ho heller ikkje. Og salat var ho utseld for. – Men vi har grillpølse på tilbod! Slik kan det gå til, at ein plutselig ein dag sit og et gulrøter og spekeskinke til kveldsmat.

Pakkeløysing. Han blir no forresten lang i maska, den som opnar desse boksane og trur han skal finne sjokoladeflarn:-)

Eg er forresten veldig nøye på kosten no. Med berre 42 dagar igjen til maraton spør eg meg sjølv, når eg for eksempel blir frista av ei grillpølse som ligg og glinsar på grillen: – Kunne eg tenke meg å bære den pølsa i handa under eit heilt maraton? Nei. Pølsa får vente. No er det andre ting som gjeld.

Dermed står eg att med eit kosthald som består av firkorn, skummamelk, lettyoghurt, valnøtter, grønn salat, reinskore kjøt eller fisk, og fint lite anna. Det er litt grått, eg skal innrømme det, men kvart gram eg sparar på kroppen no, betyr mindre å bære på under løpet. Det er faktisk litt lettare å være prinsippfast og, når ein er det absolutt heile tida. Då slepp eg lure på om eg skal unne meg den isen eller ikkje, svaret er ganske enkelt nei.

Men skal du halde deg utelukkande til sunn mat, så må du faktisk få tak i han og. I kvardagens faste mønster er ikkje det noko problem, men du verden så komplisert alt kan bli, i det øyeblikk du bevegar deg litt utanfor det mønsteret.

Ein ting ein fort oppdagar når ein er ute på tur og må handle i butikkar ein ikkje er vant med, er at i nokre bygder er det nok ikkje ein einaste person som spør etter lett-produkt. Skal du vere på farten og halde eit prikkfritt kosthald, er du rett og slett nødt til å planlegge, og det nøye. Med ein kjølebag, fire isboksar, ein kniv og ei skjerefjøl kjem du veldig langt.

Ein fredag i sommar skulle eg ha forestilling i Eivindvik. Eg veit ikkje mykje om Eivindvik, men eg hadde ei kjensle av at det kanskje ikkje var verdas navle. Det siste eg gjorde før eg stakk var derfor å pakke kjølebagen. To isboksar vart fylte med ferdig kutta salat beståande av isbergsalat, tomat, agurk, paprika, raud lauk og småhakka marinerte, soltørka tomatar (5 % fett). I den eine isboksen la eg ei Bendit-flaske med heimelaga salatdressing ( 1 boks hakka tomatar, 1/2 dl soyasaus, 1 dl sesamolje, 1 stor ss knust chili på glas, 2 pk fransk salatdressingpulver) og tre kokte egg. Eitt komplett, stort måltid. I den andre boksen like mykje salat, samt eit egg, ein boks tunfisk i vatn og ein kniv (til å opne tunfisken med, samt kutte ny salat neste dag).

I ein kjølebag med eit fryst kjøleelement held desse porsjonane seg i to dagar. Er du då påpasseleg med å sjå etter sunn mat der sjansane byr seg, og supplerer med frukt, lettyoghurt og gulrøter, kan du være trygg på å leve sunt på tur i kanskje tre dagar.

Og neste dag vakna eg saman med ei vakker kvinne i eit lyst, kvitt rom på Eivindvik hotell. Eg spanderte frisk salat til frokost, og så fant vi det høgaste fjellet vi kunne finne (Høgefjellet), og så sprang vi opp der. Sånn er det å være sprek. Det kan anbefalast på det varmaste.

Ja, slik har dei spreke det. I vakre landskap, med ei vakker kvinne under armen. Sjekk forresten føtene mine. Sokkelesta. Det er fordi kameraet står på sjølvutløysar - i skoen min.

 

Kommentarer