Arkiv | august, 2011

Det kostar å være kar

Kva brukar ein mest kaloriar på: Ein dag med trening etter toppidrettsutøvar-program, eller ein aktiv dag fylt av kvardagslege aktivitetar? Det ville eg finne ut, så i helga spente eg på meg pulsklokka, og gjekk med ho frå fredag morgon til søndag morgon.

Les mer

Full panikk

– Har du hatt ein fin dag, då, spurte ein kamerat meg. Eg måtte berre le. Før eg fortel denne historia, skal du få ei liste over dei tinga eg er aller, aller reddast for i heile verda.

Les mer

Heisar handduken

«Kaster inn håndkledet», sto det på bt.no her om dagen, rett ved sida av eit bilete av meg. Eg fann ikkje ut kven som hadde kasta inn handduken, men det var i alle fall ikkje meg. Eg har ikkje kasta handduken min verken inn eller ut, eller bak eller fram, eg har derimot heist han […]

Les mer

Formen er fin

Ti dagars treningspause, og formen er akkurat der han var då eg ga meg. Kanskje endå eit hakk bedre. Du går litt lettare utan eit tonn bekymringar på skuldrane.

Les mer

Slit meg ut av tungsinnet

Eg slit med humøret. Ein skulle tru at hjerte-friskmeldinga skulle skape halleluja-stemning, men skal eg være heilt ærlig, så er det litt grått og trist. Eg lurar nesten på om desse vekene med bekymring og treningsforbud har påført meg eit mini-posttraumatisk stressyndrom. Det som gjer det litt vanskeleg å være bloggar, er at du må […]

Les mer

Eit hjarte av gull

Saka er klar: Skal du ha noka glede av bekymringane, må du ta dei på forskot. For dei blir som regel ikkje noko av. No har eg gått gjennom nokre skremmande timar, men enden var god: Brystsmertene mine skriv seg ikkje frå hjartet, for det er det absolutt ingen ting i vegen med.

Les mer

Sterk gruing pågår

Kjedsomheten er stor no. Gjorde ingen ting i går heller, var nesten smertefri, men berre nesten. Det er noko der. På venstre side av brystet mitt. Eg går no faktisk berre og ventar. Ingen ting skjer, ingen planar kan leggast, ingen ting i livet mitt flyttar seg ein millimeter før eg har vore gjennom denne […]

Les mer

Fem beste og fem verste ferie-opplevingane

I går gjorde eg ingen ting, og var også så å seie smertefri. I dag skal eg feste fire fiskestenger til brua ved Hestad kapell, og setje meg i ein hagestol med ei god bok og vente på at fisken nappar. Lav-puls kos. Dagens liste: Dei fem beste, og dei fem verste ferie-opplevingane eg har […]

Les mer

Mitt livs ti beste bøker

Det er litt tankevekkande at når eg sit her som (mistenkt) hjartepasient og ikkje får lov til å gjere noko som helst, då underheld eg meg med det same som næringslivsfolk har dyrka i Dagens Næringsliv i mange år: Å lage lister. Det seier noko om kor travelt dei har det…

Les mer

Ute på prøve

Aller først: Takk til alle som bryr seg, og alle fine kommentarar. Det varma. Eg lever og har det greit. Alle prøvane dei kunne ta på Sentralsjukehuset i Førde var fine, men smertene i brystet er der framleis og set ein stoppar for all trening. No er eg heime på permisjon, men mandag skal eg […]

Les mer