Mitt livs ti beste bøker

Det er litt tankevekkande at når eg sit her som (mistenkt) hjartepasient og ikkje får lov til å gjere noko som helst, då underheld eg meg med det same som næringslivsfolk har dyrka i Dagens Næringsliv i mange år: Å lage lister. Det seier noko om kor travelt dei har det…

Midlertidig ute av spel - med mistanke om hjartefeil - sit Maratonmannen i i hagen sin og lagar lister. (Foto: Narve Skaar)

Her kjem lista, ikkje over verdens ti beste bøker, for eg har ikkje lest alle, men mine eigne ti beste lesaropplevingar. Lista er rangert etter kvalitet med den beste først, bortsett frå den siste, som står sist av ein heilt anna grunn.

1: J.R. Tolkien: Ringenes herre. Den fekk eg til jul av ein kamerat då eg var 20 år. Låg heile jula i ein sofa og las frå perm til perm. Har sidan lese ho høgt for dei to eldste døtrene mine, over 1000 sider, med rare stemmer og dialektar og alt. Heltane snakka sunnfjording, Gandalv snakka som Herman Friele, og alle dei onde snakka østlending. Sarumann, mørkets fyrste, vart påfallande lik Siv Jensen.

2: Conn Iggulden: Ulven fra steppene (Djengis Khan-trilogien). Historia om Djengis Khan sine krigslister og blodtørst er så ubeskrivelig fantastisk at det må  berre lesast, og du får og ei frykteleg sår historie om kor mislukka han var som far.

3: Victor Hugo: De elendige. Eg meiner å hugse Jean Valjean si gravskrift framleis: «Han sover nå. Hvor tunge kår han enn her nede fristet, han levde dog. Han døde da han sin engel mistet. Så enkel en sak, hver dag det hender, at natten faller på, når dagen ender. »

4: Johan Falkberget: Nattens brød. Falkberget er som Hamsun, men utan humor, mørk og dyster. Språket er gamalmodig, men historia om An-Magritt fer fram med bulder og brak. Eit portrett av mennesker og ei tid i Noreg som heldigvis er over.

5: Jules Verne: En reise til jordens indre. Denne las eg då eg var liten, eg har lese ho om att som vaksen, har til og med sett ein litt mislukka filmversjon. Alle filmversjonar må bli litt mislukka, for bilda Jules Verne skapar i hovudet ditt kan ingen regissør konkurrere med.

6: Anthony Beavor: Stalingrad. Den vanlige nitid korrekte militærhistorien, men krydra med personskildringar som ble uhyggelig liv i ei av dei verste lidingshistoriene nokon gong. 100 000 tyske soldatar overletne til seg sjølv i ei nød så total at til slutt åt dei kvarandre. Kvart skritt på vegen dit blir skildra.  Og heltegjerningar i nauda som er så store at du berre må gråte litt.

7: Daniel Defoe: Robinson Crusoe. Denne boka las eg då eg var åtte år. Den har øydelagt mitt forhold til Menneske-etarar for resten av livet. I mange år skunda eg meg forbi det store gardinet i gangen oppe fordi eg mistenkte at det sto menneske-etarar bak det og venta på meg.

8: Frank Schätzing: Svermen. Den mest fantastiske, gjennomtenkte, logiske, vitenskapeleg-så-du-nesten-trur-på-det, medrivande, pageturner science fiction-boka eg har lest i mitt liv. Sat på ein veranda i Kroatia og las mens dei andre bada og solte seg, intetanande om farene som eg no visste lurte i det krystallklare vatnet…

9: Dan Brown: DaVinci-koden. Eg sat på ein uterestaurant i Leicester Square i London og las i denne boka, med eit glas øl og ein tallerk grilla haloumi-ost, då ei politikortesje kom trillande rett ved sida av meg. Eg sat faktisk med armen mot eit sperreband som var sett opp i gata der. Kjendisar på veg ut frå verdspremieren på «Danny og sjokoladefabrikken» på Odeon kino litt lenger oppe i gata. Eg kika opp frå boka mi, og såg rett inn i ansiktet til Johnny Depp, som sat i ein diger, open Mercedes med ei vakker kvinne under armen, knapt to meter (!) frå meg. Eg møtte blikket hans, eg skotta på bilen og dama hans, og han skotta på ølet og boka mi, og så smilte vi det gode varme «hei, hei, kompis, sola skin og livet smiler og jaggu har vi det fint»-smilet til kvarandre, og så vinka vi til kvarandre, og så var augneblenken forbi.  Eg hadde no uansett ikkje hatt tid til å prate med han. Så spanande er nemlig den boka.

10: Johannes openberring (Bibelen). Då eg var liten fekk eg og bror min vere med besteforeldra mine i Hesjedalen, fjellgarden som morfar min kom frå på Osterøy. Vi gav klar beskjed om at vi ville vere der så lenge det fanst Honni Korn til frokost, og Sjokade å ha på skjevene. I heimen til besteforeldra mine fans det ikkje så mykje anna lesestoff enn Bibelen. Nokre huspostillar og andaktsbøker, kanskje. Kvar kveld truga vi  bestemor mi til å lese for oss frå Johannes’ Openberring, og det gjorde ho med bevande røyst og stor innleving. «Då fekk eg sjå ein gulbleik hest. Han som sat på hesten, bar namnet Døden, og dødsriket fylgde han. (…) Sola vart svart som ein syrgjebunad, heile månen vart som blod, og stjernene på himmelen fall ned på jorda.» Dette var jo bedre enn den verste skrekkfilm.

Frå inner-omslaget på Jules Verne-bøkene mine. Dette var gull for ein tolv år gamal gut.

Kommentarer