Sterk gruing pågår

Kjedsomheten er stor no. Gjorde ingen ting i går heller, var nesten smertefri, men berre nesten. Det er noko der. På venstre side av brystet mitt. Eg går no faktisk berre og ventar. Ingen ting skjer, ingen planar kan leggast, ingen ting i livet mitt flyttar seg ein millimeter før eg har vore gjennom denne kransåre-undersøkinga på tirsdag. Eg tenker ein del på den. Og det er ikkje så veldig hyggelege tankar.

Sit og lagar lister, og så kjem eg på det: Undersøkinga. Huff.

Slik skal det skje: Ein lege stikk ei sonde inn i ei blodåre i lysken, fører den langs hovudpulsåra opp til hjartet, og så, idet tuppen kjem til inntaket til kransarteriene (som ligg utanpå hjartet og forsyner hjartemuskelen med blod) slepper dei litt kontrastvæske i blodet. Dermed kan ein tydeleg på ein røntgenskjerm sjå blodårene, og om det er innsnevringar på dei som gjer at muskelen får for dårleg blodtilførsel. Viss det er det, kan dei (i samme operasjon) setje inn ein eller fleire såkalte stentar, som blokkar ut årene og eliminerer problemet (enkel sak), eller dei kan finne ut at her må det til ein bypass-operasjon (som er ei stor affære), eller kanskje det til og med ikkje kan opererast, og eg må gå på medisin og begrense mosjonen kraftig resten av livet (som i så fall kanskje ikkje blir så veldig lenge uansett).

Eg har funne på ei internettside at dei fleste opplever denne undersøkinga som overraskande smertefri, men at ein del kan oppleve rytmeforstyrringar, og at dødeligheten er på under 1 %, og at dei som døyr, er dei aller sjukaste pasientane.

Rytmeforstyrringar? Hallo? Eg vil seie det slik at hjartet mitt slår, og så har vi to alternativ: Anten kjem det eit slag til, eller så gjer det ikkje det. Og det andre alternativet framstår for meg som svært uhyggelig. Snakkar vi om at eg kan risikere å sitje og høyre pip, pip, pip og så plutseleg berre piiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiip? At forte, alvorlege blikk blir veksla, mens nokon riv opp eit skap og skrur på ein brytar og det kjem ein summande, elektrisk lyd, og så tek nokon fram to strykejern og kjem mot meg? At dei set desse jerna på meg og gir meg eit støt så kroppen spenner seg som ein buestreng? Kvar gong eg begynner å tenke på dette, held eg på å begynne å grine, og så tvingar eg meg til å lage ei liste over dei ti beste filmane eg har sett.

Og det er greit at under 1 % døyr, og at det er stort sett dei sjukaste pasientane, men kven seier at ikkje eg er blant dei? Det er jo det eg kjem dit for å finne ut?

Eg har kome fram til at eg no har to alternativ: Det eine er å feige ut, trekke meg frå undersøkinga, droppe maratonet og begrense mosjonen til eit nivå der eg ikkje får vondt i brystet. Satse på at det er noko muskulært og håpe på at det går over.  Problemet er at no får eg vondt i brystet av å legge klede i vaskemaskina. Du treng ikkje forklare meg at dette er eit veldig dumt og dårleg alternativ.

Dermed gjenstår det andre alternativet: Bite tenna saman, legge meg på ein benk, sprike med beina (berre det!), og la nokon spidde meg frå skrittet og heilt inn i hjartet, og satse på at det går bra.

Tannlegen her på Sande lærte meg ei lekse om mot ein gong. Det var Gaularmarknad, eg var konferansier, tannlegen var konferansier-assistent, og han hadde vore med min gamle ven Frank opp ei ein krane og sett på at Frank hoppa i strikk.

– Fy fader så redd han var før han kasta seg utfor, sa tannlegen til meg etterpå.

– Frank? Var Frank redd? Han som har drive med skihopping? Har ikkje han hoppa i ein syttimetersbakke?  (Frank hadde det, og tannlegen visste det godt. Han var nemleg trenaren hans.)

– Pøh, han var no livredd den gongen og. Kvar einaste gong før han slapp seg utfor, heilt kvit i fjeset, sa tannlegen.

– Frank? Var Frank redd? Eg trudde han var så modig, eg?

– Modig? Det finst ikkje modigare kar enn Frank. Du skjønar visst ikkje kva modig er, du, sa tannlegen til meg.

– Viss du ikkje er redd, då har du ikkje skjønt at det er farlig, og då er du ikkje modig. Då er du berre dum. Men viss du skjønar at det er farlig, og du er redd, men du gjer det likevel, då er du modig. Det er det som er mot, sa tannlegen.

Og dermed er vi tilbake til mine to alternativ. Eg vel det siste, og eg føler meg svært modig.

 

Kommentarer