Formen er fin

Ti dagars treningspause, og formen er akkurat der han var då eg ga meg. Kanskje endå eit hakk bedre. Du går litt lettare utan eit tonn bekymringar på skuldrane.

Jesus vart tilsnakka av farisearane fordi han reinska korn og snacksa på det i ein kornåker på sabbaten. 2000 år seinare gjorde eg det og. Men eg slapp unna med det.

Har trent hardt dei siste dagane.  Har litt «hjerte-smerte» framleis, men kjenner meg no heilt trygg på at det handlar om noko muskulært, og tek medisin mot det (Meloxicam 15 mg). Den siste veka har dagane sett slik ut: Først ei lett morgon-økt før frokost, så ei middels økt midt på dagen (sykkel/gåing/jogg), og så ei krutt-økt på sykkel om kvelden. Her på Larkollen fins det ein veldig vakker sykkel-runde som vi kallar «rundt Rygge kirke». Den er 18 kilometer, sånn passe flat, men med ein fem-seks motbakkar som er såpass at du må angripe med alt du har, om du ikkje skal havne i første gir.

Første dagen gjorde eg runden på 40,45, og då respekterte eg (stort sett) alarmen på pulsklokka, som var sett på 145.  Det gjorde bra inntrykk på svigermor, som har sykla der mange hundre (kanskje tusen) gangar. Neste dag skjønte eg ikkje før litt for seint at eg kanskje kunne klare å komme under 40 minutt, så det var først dei siste tre kilometrane eg tråkka til skikkeleg, og eg glei inn oppkjørselen på 40,10. Fortærande. Tredje dagen var eg så sliten at eg kom meg ikkje ut før eg hadde lovt meg sjølv at dette skulle berre bli ein heilt rolig rusle-runde. Tida vart 45,45.

Så, mandag, hadde eg droppa midt-på-dagen-økta til fordel for ein harrytur til Strømstad, så eg kjente at eg hadde krefter til å gjere eit rekord-framstøt. Røska til frå første stund, etter følgjande resept: Innled alle flater med ein åtte-ti sekunds full spurt, så du kjem opp i stor fart, og så bruke akkurat nok krefter til å halde den farten. Inn i motbakkar angripe med alt du har, og hald farten høg så lenge du berre greier (Ga meg på puls 159). Aller helst skal dette røsket vare til du er komen over toppen og litt inn i unnabakken, så du får maks fart-uttelling i unnabakken og. Så prøve å halde den farten så langt du greier utover flatene, så gå i spare/kvile-modus (sleppe pulsen ned mot 145), så du har krefter til neste motbakke.

Alt etter tre minutt begynte eg å tvile på om eg ville klare å halde dette heilt ut. Men eg hadde mobil med, og tenkte at «sprekk eg totalt, får eg ringe kona mi og be ho hente meg». Etter ti minutt hadde eg veldig lyst å gi meg, og etter tjue minutt tenkte eg at dette går antakeleg ikkje. Men så fekk eg vinden litt i ryggen, og så vart asfalten litt slettare, og etter ein to minutts 145-puls-kvil reiste eg meg på trøene og innleia ein langspurt heim. Puls over 155 dei siste ti minuttane. Trilla inn oppkjørselen heime på 35,35. Hadde det vore heime hos meg sjølv, ville eg tatt ein kniv og rissa den tida inn i veggen over inngangsdøra mi.  Eg er nok rett og slett i mitt livs form.

Jogga har eg og gjort: Gjekk raskt på grusvei/skogssti i eitt kvarter, og så begynte eg å jogge, i 8-9 km/t. Jogga til pulsen nådde 145, så gjekk eg til han var komen ned i 100, og så jogga eg igjen. På den måten tok eg fem kilometer på 40 minutt, og det er eit tempo som tilsvarer skjema for maraton på 6 timar. Dei neste tre dagane var eg såpass støl at eg heldt meg til sykkelen, men i dag skal eg til igjen.

Og om kvelden? Campingstol, molo, fiskestang, blikk stille Oslo-fjord, glade born, vakker kone, solnedgang, raudvin, ro, fred og lukke. Det er eit fint liv, du.

Det er lukkelege born som kan komme ned til sjøen og ta slike bilder av foreldra sine. (Foto: Ingrid Øvretveit)

 

Kommentarer