Det kostar å være kar

Kva brukar ein mest kaloriar på: Ein dag med trening etter toppidrettsutøvar-program, eller ein aktiv dag fylt av kvardagslege aktivitetar? Det ville eg finne ut, så i helga spente eg på meg pulsklokka, og gjekk med ho frå fredag morgon til søndag morgon.

Maratonmannen i Sværeskaret. Eg gjekk ikkje frå fjorden der nede. Eg gjekk mykje, mykje lenger enn det. (Foto: Rakel Rose Øvretveit)

Eg har ei Polar pulsklokke, som i tillegg til eit drøss funskjonar eg sannsynlegvis aldri kjem til å få bruk for, måler kaloriforbruket mitt. Eg trur det er ganske påliteleg. Eg har lagt inn alder, kjønn, vekt og høgde, og ut frå det, samt sjølvsagt pulsen, bereknar den kor mykje kaloriar eg forbrenn i løpet av ei treningsøkt.

Fredag følgte eg programmet til Siri Marte, i alle fall sånn omtrent: Før frokost gjekk eg ein 40 minutts rask tur, så vart eg sitjande ved PC’en stort sett heile dagen, og så gjekk eg ein tre timars tur i fjellet saman med Rose (11). Vi gjekk inn til Sværeskaret på Gaularfjellet, ein tur som kan anbefalast på det varmaste. Hundre høgdemeter motbakke sånn midtveis, ellers litt opp og litt ned, men ingen bakkar lengre enn at eg greier å storme opp dei. Det er no forresten herleg å kjenne at eg er i slik form at eg kan gå på så fort det let seg gjere utan å begynne å springe, i halvannan time, utan å kjenne blodsmak. Var såpass sliten (og hadde så vondt i ryggen) at det vart ein meget rolig kveld. Beheldt pulsbeltet på til neste morgon.  Klokka 0900 lørdag hadde eg hatt det på i 24 timar (og 11 minutt), og forbrukt 4440 kaloriar. Det tilsvarer 24 rekesmørbrød eller 19 ostesmørbrød eller 1,4 kilo firkornblanding eller 1 pose chips og 17 halvliterar med vanleg pils. Ein mann som trenar etter dette programmet skal med andre ord gå seriøst til verks for å greie å ete så mykje at han erstattar kaloriforbruket.

Lørdag visste eg at det ikkje kom til å bli tid til trening, ettersom eg skulle vere toastmaster i bryllupet til ein kamerat på Åmot Operagard i Gaular. Bryllupet skulle begynne klokka tolv, og eg skal innrømme at eg begynte med litt småspringing allereie klokka 0900, då eg fann fram kvitskjorta mi og plutselig kom på «the rødvin incident» i femtiårsdagen tidlegare i veka. (Eg hadde vaska og stroke den finaste skjorta mi, i siste liten rett før selskapet som alltid, hadde vore der i ti minutt då eg skulle tappe meg eit glas rødvin frå ein kartong. Den hadde ein krane som du skulle skru ut, for så å avdekke holet der vinen kjem ut, og ho som hadde opna den, hadde stilt holet slik at det sto rett opp.  Eg skrudde, det sa splætt, og så fekk eg vinen rett i munnen, gitt. Og forsåvidt utover heile skjortebrystet mitt.) Og der var den framleis. Vaske, vaske, tørke, tørke, dusje, dusje (kor er den dyre shampoen min? Fann den i badstova), pusse finsko (men først leite, leite, jada) , stryke, stusse hår og sjegg, dusje ein gong til (planlegging!!!), okei, klar. Kjøre bil til bryllupet.

Ein relativt aktiv dag 🙂

Dei neste ti timane besto stort sett av følgjande program: Finne og snakke med brudeparet, finne og snakke med hovmesteren, finne og snakke med verten, finne og snakke med foreldra til brudeparet. Omatt og omatt og omatt. Introdusere talarar, og under talane finne hovmesteren og avtale sjenking, rydding og neste servering. Var vel stort sett på beina heile dagen. Hadde to avbrudd: Først fekk eg så vondt i ryggen at eg måtte utnemne ein deputy toast master og køyre heim og få meg ein time i senga og to Ibux, så tilbake i tide til vielse og kaffi, tale, tale, tale, taaaaaaale,  og så endå ein taaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaale, (sa ikkje eg maks fem minutt???) og så utpå kvelden sette eg meg i bilen og køyrte til Førde (30 minutt kvar veg), der eg hadde eit førti minutts underhaldningsoppdrag i ein femtiårsdag. Kom tilbake klokka ti, deltok i feringa, og kom heim og i seng klokka 0200.  Må få smette inn at eg har vore toastmaster i mange bryllup, og alltid tenkt at dette kunne eg arrangert bedre, billegare og koseligare heime hos meg sjølv, men denne gang ei. No talar mykje for at dei fire døtrene mine kan sjå fram til eit bryllup på Operagarden. Er eg litt heldig, kan vi ta alle på ein gong, så sparer eg litt pengar.

Alt i alt var eg i aktivitet så å seie heile den våkne tida, men aldri andpusten, og aldri svett. Dessutan sat eg nok til saman tre timar i bil. Neste morgon viste pulsklokka eit kaloriforbruk på 3784 kaloriar. 600 mindre enn treningsdagen, men likevel: Dette tilsvarer 16 ostesmørbrød, og så mykje åt eg ikkje. Ikkje på langt nær. Eg følgte regelen min i selskap: Er dette så godt at eg er villig til å gå ein halvtime for å forbrenne det? Det var ikkje så veldig mykje som besto den prøven. Potetsneiene på forretten, hjortebiffen i hovedretten (og berre den), og ikkje dessert.  Eit stykke snickers-kake, og ei natronkake. Ikkje rart eg syns eg blir rommare og rommare i skinnet 🙂 (I dag skal eg forresten seriøst prøve å få kjøpt meg ei ny vekt).

Fasit: Den som er oppe og går og er i aktivitet mesteparten av dagen, treng ikkje bekymre seg for om han misser ei treningsøkt eller to.

 

Kommentarer