Arkiv | september, 2011

– Vart du skræmt no?

Ja, eg vart det. Eg var med familien på Oslo Maraton i helga, og det vart ei tankevekkande oppleving. Det er rart å tenke på at det fins folk som set seg framfor ein skjerm for å sjå sminka menneske i klede dei ikkje eig, late som om dei har følelsar overfor folk dei ikkje […]

Les mer

Ikkje berre «tjukkas-sprek»

– No går det verkeleg framover med deg, sa ein kamerat til meg i førre veke. No gjer du ikkje lenger berre slike ting som er tjukkas-spreke, no gjer du ting som er verkeleg spreke. Han meinte nok å seie noko pent. Men av dette forstår eg at tidlegare har altså folk rost meg for […]

Les mer

Nordlands trompet

For ein friluftsinteressert vestlending er det å kome til Nordland ei mektig oppleving. Himmelen er så mykje større, fjella så mykje brattare, sjøen og lufta så mykje klarare, stjernene så mykje sterkare, havet så mykje meir yrande av liv, alt er så mykje meir, og så mykje sterkare enn du er vant til frå Vestlandet.  […]

Les mer

Gjekk halvmaraton i steinur

Lørdag 10. september skulle eg ha sprunge maraton i Medoc. Eg gjorde noko mykje kjekkare: Eg brukte omtrent dei same kreftene på å gå 25 km i steinete fjellterreng. Eg vart veldig sur, nokså sliten og til slutt litt blid igjen.

Les mer

Himmelriket ventar

For meg, og veldig mange andre, er det vesle julafta i dag. For i morgon opnar dørene til himmelriket.No kjem fleire månader der mange timars økter med tung, hard mosjon kjem utan at du merkar det. Du gliser frå øyre til øyre og held på som ein guttunge med ein fotball: Til du knapt greier […]

Les mer

På gjengrodde stiar

Eg orka ikkje sykle rittet Den Grøne sløyfa i helga. Stikkord: 11 grader, ausregn, holete asfalt. Så eg tok meg ein biltur i staden. Eksingedalen er ein av dei vakraste stadane eg veit om. Eit sykkel-eldorado kunne det vore, om berre Vegvesenet kunne halde asfalten på noko litt betre enn månelandskap-nivå. På vegen køyrte eg […]

Les mer

Nye prøvelsar

OK, eg gløymte ein ting  på «ting eg er redd for»-lista mi: Edderkoppar. Men det var fordi eg tok det som sjølvsagt, altså at alle er redde for edderkoppar. Men idet eg skulle fortelje nokon om alt det forferdelege eg hadde opplevd i dag, så sa ho: Er du redd for edderkoppar, Ole Johannes? Og […]

Les mer