Nye prøvelsar

OK, eg gløymte ein ting  på «ting eg er redd for»-lista mi: Edderkoppar. Men det var fordi eg tok det som sjølvsagt, altså at alle er redde for edderkoppar. Men idet eg skulle fortelje nokon om alt det forferdelege eg hadde opplevd i dag, så sa ho: Er du redd for edderkoppar, Ole Johannes? Og då sa eg: Alle er vel redde for edderkoppar? Og då sa ho: Nei? Det er då ikkje noko å være redd for? Du er hundre tusen gangar større enn dei, og dei aller fleste kan ikkje bite deg?  Og då sa eg Jojo, men det er jo sånt som vi berre seier til ungane våre for at dei ikkje skal skrike og bråke og nekte å ligge på rommet sitt eller hente ting på loftet? Ja, sa ho, men det er jo sant? Og då gjekk det opp for meg at ho trudde på det. Eg sa ikkje meir. Berre jatta med.

Før-frokost-økta mi i går. Okei, dette bildet kan virke litt malplassert her, men les vidare, så handlar det litt om molter og.

Når sant skal seiast, så var torsdagen ein veldig fin dag. Ikkje perfekt, det var enkelte moment som øydela nokså kraftig (og det skal vi komme tilbake til), men stort sett veldig fin.  Eg vakna i stølshuset eg disponerer inne på fjellet, sto opp klokka kvart på ni, fyrte i ovnen i lynfart (5 grader i rommet), stupte tilbake i senga og tilberedte og inntok kaffien min under dyna, mens eg høyrte på Loven & Co og såg på flammane i ovnsvinduet. Ein god start.

Før-frokost-økta mi besto i å gå ut og plukke nesten ein liter perfekt modne molter, brukte 700 kaloriar på det. Så pakka eg sekken og gav meg i veg på ein tur eg har drøymt om å gjere i ti år: Å gå frå hytta og heilt heim. Det er ein tur eg anslår til ca 20 km, opp og ned på ei rad av fjelltoppar, og dessutan ligg det i sakens natur at det finst ikkje nokon sti å følgje. For dei aller fleste går opp på eit fjell, og så går dei ned igjen.  Det inneber at ein kan kome i situasjonar av typen «Å, no har eg gått 200 høgdemeter ned, og her er det eit stubratt stup, og eg orkar ikkje gå opp att, kva skal eg gjere?», og så gir ein seg ut på halsbrekkande, livsfarlege sjansespel. Viss ein då ikkje er i ein slik form at å gå opp igjen 200 høgdemeter (etter fem timar på tur allereie) kostar svært lite. Som eg tilfeldigvis (DET var dagens ironiske) er akkurat no.  Så eg gav meg i vei. Og det vart akkurat som eg hadde drøymt om. Lunta (som er den gangarten som ligg midt mellom gange og småjogg) opp og ned lange, vakre svaberg, spanande urer med ryper og hare, fann molter, og to (!) kilo kantarellar, åt niste og kaffi på eit svaberg i haustsola, storkoste meg. Så kom eg til enden av fjellrekka, og så skulle eg ned ei lang, stupbratt, bjørkekledd li.

Etter som eg kleiv ned denne stubratte lia, tenkte eg at no er det berre ein ting som kan gjere dette verre, og det er at  det begynner å bli skikkelig urete. Og det vart det. Då tenkte eg at det einaste som kan gjere dette verre no, det er at eg kjem inn i eit uendeleg belte av bregner, så eg ikkje ser kor eg skal setje foten. Og slik vart det sjølvsagt og.  Og mens eg gjekk der, eit skritt per tiande sekund, så tenkte eg at no skal du berre sjå at du trakkar på eit kvepsebol, og skal til å flykte med seks steg i minuttet, då er helvete skikkelig laus her. Men det skjedde ikkje. Det skjedde noko mykje, mykje verre enn det.

For i denne lia, der bur det ein uhorvelig hærskare med nokre heilt usannsynleg digre og ubeskrivelig ekle edderkoppar. Desse edderkoppane  har tydelegvis stort utbytte av å spenne opp netta sine mellom bjørkestammane i denne lia, sånn akkurat i ansiktshøgde. For eg tør påstå at det var ikkje eit einaste spenn mellom to bjørker i denne lia som ikkje var opptatt av eit slikt spinn, med ein diger, feit edderkopp hengande midt i, akkurat i munnhøgde.  Basert på kor stor del av denne lia eg gjekk gjennom, og kor mange edderkoppar eg støytte på, og kor stor denne lia var, vil eg anslå at det ca 1000 millionar slike edderkoppar der. Og det er eit nøkternt anslag.

Har du sett noko så usannsynlig ekkelt? Kom ikkje her og fortell meg at du ville like at den der kraup rundt i fjeset ditt. Legg også merke til at for å ta dette bildet, måtte eg ca ein kilometer innafor det eg definerer som sikkerhetssona rundt ein edderkopp. Dette bildet kosta adskillig sjølvkontroll.

Eg trur at dersom du får ein slik edderkopp i fjeset, så vil den, før du rekk å reagere, umiddelbart gje seg til å kravle rundt på fjeset ditt og oversprøyte deg med det heilt usannsynleg klistrete og seige stoffet som dei lagar netta sine av, og så stikke eit eller anna ekkelt inn i huda di, og legge egga sine der utan at du merkar det. Så, ei natt, ei stund seinare, så vaknar du av at du har ein pulserande byll på halsen som plutseleg sprekk, og så veltar det ut ein myriade av små edderkoppungar, som renn utover fjeset ditt som vatn, og kravlar inn i nasa di og munnen din og augene og øyrene dine og kryp inn i hjernen din og legg egga sine der. Eg kan ikkje akkurat bevise at dette har skjedd med nokon, men eg tek alltid høgde for at eg kan bli den første. Eg likar, som du no kanskje allereie har rekna ut,  ikkje å få edderkoppar i fjeset.

Det skjedde ikkje i dag heller, men det var uhyggelig nære på. Ein gong fylte ein av dei faktisk heile synsfeltet mitt, og kroppen reagerte før eg gjorde det, og det var akkurat som om eg vart kasta bakover av eit (smertefritt) elektrisk støt, og eg gjekk rett på ryggen mens beina mine fortsette framover, så eg passerte nettet som ein limbodansar.  Etter det femte tilfellet oppfant eg ein genial ting: Edderkoppnett-eliminatoren. Den består av ein bjørkepinne med vinkel på, som ein held på strak arm ut framfor seg mens ein går, så den riv ned og vekk alt som heng i vegen. Eg prøvde å tenke ut ei forbedring som kunne involvere lommekniv og litt sølvteip, men den var allereie perfekt.

Og slik, etter åtte timar i fjellet, kom eg heim og hadde forbrent 4100 kaloriar. Og her sit eg no. Utan edderkoppegg i fjeset. Som eg veit om, i alle fall.

I morgon skal eg forresten sykle rittet «Den Grøne Sløyfa» som går frå Evanger, gjennom Eksingedalen til Eidslandet. Start klokka tolv. Lot meg overtale, ettersom eg for tretti år sidan var på mange misjonsleirar på Fagertun (eg tullar ikkje), og hadde ein kjærast på Nesheim, ei på Lavik, og ei på Stanghelle. Ikkje samtidig, sjølvsagt. Litt overlapp, kanskje. Bli med, du og, så kan du sjå på bloggen på tirsdag om du syns det same som meg.

 

 

Kommentarer