Himmelriket ventar

To gamle rypejaktvener, Viggo og Dag. Hurrungane i bakgrunnen. I morgon begynner det...

To gamle rypejaktvener, Viggo og Dag. Hurrungane i bakgrunnen. I morgon begynner det...

For meg, og veldig mange andre, er det vesle julafta i dag. For i morgon opnar dørene til himmelriket.No kjem fleire månader der mange timars økter med tung, hard mosjon kjem utan at du merkar det. Du gliser frå øyre til øyre og held på som ein guttunge med ein fotball: Til du knapt greier å krype over dørstokken heime. For i morgon er det den 10. september, og då begynner RYPEJAKTA!!!!!! JIHAAA, HURRAAAA!

Eg trur mange av tinga menneska held på med, kan forklarast ut frå eit steinalderperspektiv: Menneskearten har brukt 100 000 år på å utvikle seg, og i ca. 95 000 av dei åra budde vi i steinholer. I 99 950 av dei åra hadde dei aller, aller fleste av oss arbeidet vårt utandørs. Det er først dei siste femti år vi har begynt å tilbringe dagane våre inne, i kunstig belysning. Det er ikkje dette vi er skapt til. Menneskearten er skapt til å sitte i ei steinhole og varme seg ved eit knitrande bål, spreie genene sine når sjansen måtte by seg, jakte, fiske, plukke bær og sopp.

Det er difor du kan sitje ein time og sjå inn i eit knitrande bål og kjenne at det varmar ikkje berre kroppen din, men noko djupt inne i deg og. Urmennesket. Og urmennesket i meg vaknar når eg ser ei velskapt kvinnerumpe og eit par bryst som ser ut som dei kan mjølke godt og, eg må innrømme det. Dei er ei urdrift vi kontrollerer, dei fleste av oss, men poenget mitt er at den er der. Og har du opplevd å komme til deg sjølv (det er faktisk slik det kjennest) og oppdage at du står midt i ei moltemyr der det er raudgult så langt auget kan sjå, og miste tanke for klokke og tid på dagen og alt som er, å bli heilt oppslukt av ein einaste tanke: Å sanke så mykje som mogeleg? Det har i alle fall eg. Og eg har sett dottra mi på elleve år få ein makrell på kroken, og forvandle seg frå ei søt, lita jente som sminkar seg og teiknar og spelar gitar, til ein Natural Born Killer, som skrik og hoiar og ler avsindig mens ho sveivar inn makrellen, kastar seg over han på kaien og stønnar av vellyst idet eg køyrer kniven gjennom gjellene på han så blodet sprutar.  Det var urmennesket i ho som vakna.  Og eg trur at kor lukkelege vi er, har nøye samanheng med i kor stor grad vi forar naturdriftene våre.

Men i våre dagar er ikkje det så heilt enkelt. Det er dei færraste som bur slik at dei kan fyre seg eit bål når dei får lyst til det, veldig mange stader er det faktisk og forbudt. Fisking likeeins. I dagens moderne samfunn, med telefonforbindelse og MMS-foto og slikt er det sjølvsagt ikkje så lurt å befrukte alle kvinner som ser ut som dei kan mjølke godt. Dei siste par hundre år har det jo og komt reglar som seier at ein må innhente den aktuelle kvinna sitt samtykke før slik befruktning finn stad, og det begrensar jo mulighetane ein del. Alt i alt er det vel blitt slik at det viser seg veldig lurt å halde seg til berre ei. Eg syns faktisk det er litt trist å sjå dei som ikkje greier det. Trist er det og å sjå samle- og-sanke- til-vinteren-instinktet slå ut i perversjonar som shopping og ekstrem overvekt (eg trur det er noko der). Nei, det er ikkje lett å være urmenneske i dag.

Men i helga, og i fleire månader framover, skal eg sleppe ein del av urmennesket i meg fullstendig fri: Jegeren. Når eg ruslar rundt i huset og garasjen og leitar opp primusen, kaffikjelen, soveposen, teltet, liggeunderlaget, gps’en, jaktradioen, kartmappa, solkrem(!), hagla, patroner, fiksar fjellskoa mine, pussar dei og hatten min så dei skin og regndropane sprett av som gummiballar, då kjenner eg at urmennesket i meg mel som ein katt.

Fekk du lyst å gå på tur no?

No skal eg gjere noko som eg ellers aldri gjer: Eg skal fortelje kor eg går. Eg skal kampere på Turtagrø med seks vener, og så skal vi jakte i Luster Austre Statsalmenning. Eg fortel ikkje kor eg går lørdag, for om morgonen første jaktdagen går eg på det aller beste rypefjellet eg veit om, og det fortel eg ikkje kor er. Men søndag, då skal eg køyre bil inn på Sognefjellet, og så stoppar eg litt før Sognefjellshytta, og så går eg sørover. Sør forbi Rundhaugan, kryssar Utladalen langs høgdekote 1300 meter, går søraustover på hylla (rundt 1400 moh) ved foten av Storoksle og Gravdalstinden, og så gir eg meg ikkje før eg ser ned i Storutledalen. Då er eg så langt ute i audemarka som eg aldri har vore før. Fordi eg ikkje har orka det. Der skal eg fyre opp primusen min og koke meg ein Real turmat og avslutte med ein nektarin, kaffi og ein liten middagslur i lyngen.  Det ser ut til å være ein omlag fem timars tur, DNT-fart. Og fem timar tilbake. Pluss to timar rast og skyting, viss eg finn ryper.  Tolv timar. Eg blir nøydd å stoppe annakvar time og stappe meg med brødskiver med karbonade og ost, og endå kjem eg til å ta av ein halv kilo i løpet av dagen.  Dette har eg drøymt om i mange, mange år. Og no er det min minste kunst. Eg må seie det er herleg å være tynn og sprek.

Og forresten: Sprang mi første motbakke-intervall-økt på fire veker i går. Det vart mykje gruing (3 timar) og lite pine (i grunnen ingen ting). Kom lenger opp i bakken enn nokon gong før.

Kommentarer