Nordlands trompet

For ein friluftsinteressert vestlending er det å kome til Nordland ei mektig oppleving. Himmelen er så mykje større, fjella så mykje brattare, sjøen og lufta så mykje klarare, stjernene så mykje sterkare, havet så mykje meir yrande av liv, alt er så mykje meir, og så mykje sterkare enn du er vant til frå Vestlandet.  Og så kan du gå ein av dei vakraste fjellturane her i landet: på Stetind, Norges nasjonalfjell.

Stetind, rett før soloppgang. Eg syntest det såg frykteleg høgt ut. Og veldig langt. Og tungt.

 

Bakgrunn: Eg var på rypejakt i Tysfjord i Nordland frå torsdag til mandag med to onklar og min svoger Inge, som kjem derfrå, og som har hytte på Stefjordneset, der vi budde.

Og lat oss no prioritere. Det gjer meg vondt, men vi må hoppe fort over fredag, der eg (pga. vond hæl) måtte la dei andre gå på fjellet og vart sitjande heile dagen og fiske på ein speilblank Stefjord, der storseien kokte så det plaska to meter til værs over eit område på ein kilometer i radius (!!!), der eg drog femten småsei og fire torskar. Vi må hoppe over fredagskvelden, ein orgie i blodfersk, nysteikt torsk og sei, vi må hoppe over lørdagen, der vi mista stien omtrent umiddelbart, og kjempa oss oppover ei stupbratt li i regn og tåke og ti til femti meters sikt, med ryper som kakla og flaksa og smatt  rett utafor synsvidde, lat oss berre fort nemne ein hysterisk knisete lørdagskveld, der min svoger Inge gav til beste sin parodi på bussjåføren som bannar i fargar (Han svarte saatan steike i det rødgrønne hælvete) og som aldri hugsar namna til folk (Jau, hain tok jo bussen her om dan, han.. ehh… haneh…, ja, ka fan e de han heite no igjæn, han heite jo endate det samme så hain dereh…, haineh…., ja, han e jo jift med ho derre, ho derre, ja, eh, han kjør nu endatil samme bil så hain der, hain så bor inni..eh…ja det e jo ein sånn…eh.., jaja nokomdæ.  Hain. ) Lat oss hoppe over alt det, og komme til søndag, då eg gjekk på ein av mitt livs råaste fjellturar: Stetind.

Eg sto søndags morgon og såg på Stetind (og tok bildet over) og hadde ikkje tru på det. Ikkje i det heile tatt. Ikkje etter den blytunge turen vi hadde gått dagen før, og i allfall ikkje etter den relativt knisete og seine kvelden, og ikkje tatt i betraktning at eg seinast fredag såg meg ute av stand til å gå på fjellet fordi eg hadde vondt i foten.  For Stetind er eit digert fjell. Det ruvar 1376 moh, det er bratt og dramatisk, du ser langt borte kor enormt langt og høgt det er, og heile hugen min visste at eg er ikkje ein sånn mann som går på slike fjell. Til det er eg for svak og skrøpelig. Det er slik det er, for det er slik det alltid har vore. Det er vanskeleg å kvitte seg med slike forestillingar.

– Det høgaste fjellet eg har gått på i sommar var på Storehesten (1209 moh), og der køyrte vi bil opp til Stølshaugane (410 moh), så det var ikkje meir enn 800 høgdemeter, og eg var no temmelig sliten berre av det, tenkte eg. Og så skal eg orke 500 høgdemeter på toppen av det? Lite truleg, tenkte eg.

Planen var som følgjer: Vi skulle gå halvvegs opp i fjellsida, i alle fall til Svartvatnet (725 moh) på rypejakt, og så skulle vi ta oss ein lang, god pause, og så skulle vi sjå om vi fekk lyst til å gå dei siste 600 høgdemetrane opp til toppen (og det tenkte eg, at det får eg nok ikkje så veldig lyst til).  Men der vi sto nede ved vegen og såg opp på dette veldige fjellmassivet, så fekk eg plutseleg så lyst til å klare det.  Eg kom i tankar om noko eg pleier å seie: Skal du nå eit mål, så må du sette deg det målet, og så må du berre passe på at absolutt alle beslutningar du tek, peikar i retning av dette målet. Då kjem du dit til slutt.  Og så sa eg til meg sjølv: Ole Johannes, her står du ved foten av Stetind, det er meldt klar himmel og vindstille heile dagen, og du er i ditt livs form. Denne dagen handlar ikkje om rypejakt. Den handlar om Stetind.  Og så fann eg fram den superlette joggesekken min, og så la eg att jaktsekken min, hagla mi, patronbeltet mitt, den tjukke jaktjakka mi, primusen min, alt det der, berre pakka mat, drikkesekk, ei lang superundertrøye, ei ekstra T-skjorte og ei lett overtrekksjakke.

Eg følte at eg vaks to nummer idet eg gjorde det. Plutseleg såg eg meg sjølv: Ein mann som seriøst gjer eit framstøt mot Hall’s fortopp (som er det punktet ein kan nå utan klatreutstyr, og som ligg på 1304 meter. Det er tøft nok i massevis, det.) Eg likte det eg såg.

Vi lunta innover ein vakker dal med lav bjørkeskog, praten gjekk, bussjåføren kunne framleis ikkje komme på kva han heitte, han dereh…, hain..ehh, hain. Så seier onkel Rune: «Der passerte vi to hundre moh.» «Allereie?, tenkte eg , vi har gått ein sjettedel av turen, og eg har jo ikkje løyst ein sveittedrope ein gong?»  Då han annonserte 400 meter over havet og eg framleis ikkje hadde løyst svetten, gjekk det opp for meg: Dette kjem til å gå. Dette kjem vi til å klare. Før dagen er omme, står vi med føtene planta på Hall’s fortopp og skodar utover halve Nord-Norge. Så gjekk vi ut i sola, og så begynte festen. Ved Svartvatnet (som er eit irrgrønt brevatn som er ein attraksjon i seg sjølv) tok vi matpause med primus og Real turmat og kaffi, og så begynte vi på den brattaste delen av turen, som kjem frå 750 til ca 1150 meter. Der er det så bratt, og til tider så kronglete, og ein tre-fire stader så på grensa til umulig å komme seg opp, at det er rett og slett moro. Du surfar opp på ei bølge av meistringsglede, og plutselig kjem du over ein kant, og så flatar det ut, og du har ein timinutts spasertur i behageleg ur fram til toppvarden.

På Hall's fortopp, med Stetind i bakgrunnen. Kroppshaldninga seier det meste om humøret...

Å beskrive turen let seg rett og slett ikkje gjere, men fleire bilder frå turen finn du her: og så vart eg så opphissa på toppen at eg spelte inn ein video sterkt inspirert av den tidligare omtalte bussjåføren, og den finn du her:

Og heilt til slutt: Ja, eg var på radio i helga. Nesten ein time i Naturens verden søndag morgon frå klokka ni. Det kan du høyre her:

Kommentarer