– Vart du skræmt no?

Ja, eg vart det. Eg var med familien på Oslo Maraton i helga, og det vart ei tankevekkande oppleving.

Kona mi vart flankert av døtrene våre dei siste tre kilometrane inn til mål. Det er så idyllisk at ein skulle tru det var oppdikta.

Det er rart å tenke på at det fins folk som set seg framfor ein skjerm for å sjå sminka menneske i klede dei ikkje eig, late som om dei har følelsar overfor folk dei ikkje kjenner, som later som om det betyr noko for dei. Altså å sjå på film. (Eller Skavlan, for den saks skuld.) Når du i staden, for eksempel, kan stille deg opp ved innspurten til eit maraton og sjå høgst ekte menneske av kjøt og blod komme forbi, struttande av absolutt heile registeret av menneskelege kjensler, ærleg, nakent og ekte.

For ved innspurten til Oslo maraton, søndag på Akershus festning, sto eg og såg folka komme i mål.  Vi var der nesten heile familien. Dottra mi (14)  sprang 10 kilometer (på 1,14,55), dottra mi (19) sprang halvmaraton (på 1,49,03) og kona mi sprang halvmaraton (på 2,43,38). Eg spring ikkje før eg er komen ned i nitti kilo (reknar med at det skjer i løpet av november), så eg var støtteapparat og sekkehjul.

Mens vi sto og venta på starten på halvmaraton, oppdaga eg at det skjedde noko i veien rett bortafor meg. Det kom folk springande. Folk som sprang heilmaraton. Eg kjenner ein som har sagt at han skal gjere det. No fekk eg sjå korleis det var. For her kom dei. Og det var alle slags typar. Det var dei kalvbeinte, dei inntilbeinte, dei stivbeinte, dei openberrt helsefarleg bevimelsesklare, dei spenstig sprettande, og dei som sprang så breibeint at ein skulle tru deira edlare delar var som glødande kol (eller skulle vi kanskje seie Blødande kol). Og det var dei nok. Eg såg folk med ansikta dratt i smerte, mens dei kjempa seg oppover brusteinen som om dei hang i sirup, eg såg ein som stolpra seg oppover med krampe i begge lår og begge leggar, som beina brått svikta under, og i kampen for å kreke seg vidare heldt han på å smelle pannebrasken i brusteinen så publikum til slutt greip inn og støtta han fram over målstreken, eg såg i det heile tatt ein del som var slik at eg fekk lyst til å springe bort til dei og seie at «heiheihei, du treng ikkje utsette deg for det der! Bli med meg bort her og sett deg og få deg ei brus!». Men eg trur ikkje dei ville høyrt på meg. Ikkje hundre meter før mål.

Men så hadde du dei som kom slitne, men tindrande glade, slentrande bortover plenen til ungane sine og kjærestane sine, som la seg på bakken og leska seg med vatn og smilte opp i himmelen og kjente med heile seg at «Eg KLARTE det»!, som smilte og lo og gjekk litt rart, ja da, men dei gjekk, og mange av dei såg ut som dei gjekk på ei rosa sky, og det gjorde dei nok og.

Den eg hugsar best, var ei skikkelig dundre, ei temmelig dryg ung dame som sikkert var ein meter i diameter i hoftehøgde, som med friske skritt kom vandrande inn til mål midt i maratonstimen – på sin ti kilometer. Ho må ha brukt litt over to timar. – Jaja, tenkte eg. Då har du gått med fem kilometer i timen, og det er frisk gåing, det, og det har du gjort i to timar, det er neimen ikkje verst, det! Der var eg for eit halvt år sidan, og du er i gang, det er heilt tydeleg! (Skjønar no kva kameraten min meinte med tjukkas-sprek (sjå forrige blogg-innlegg). Men det er jo det sprekaste som er, det.  Det er slik det begynner. Før eit halvt år er gått, spring ein opppover fjellsidene.  Eg skulle gått bort og sagt det til henne.

Kona mi var temmeleg tøff og. Ho begynte antakeleg litt for hardt, gjekk for ei sluttid på 2,05, men fekk krampe i eine leggen etter fem kilometer. Då ho passerte oss etter 10,5 km var leggen stiv som ein stokk, og eg tenkte med meg at det der går aldri, men på den annen side, så er ho jo ein stabeis av dimensjonar, så ho kjem nok til mål. Det spørs vel eigentleg berre kor stygt det blir. Basert på farten så langt ved 10,5 rekna vi ut at ho ville passere 19 km (opp Karl Johan) på 2, 16, men ho kom ikkje. Til slutt fann døtrene mine ut at dei ville springe mot strømmen og sjå etter henne.  Vi snakkar altså om to jenter som akkurat hadde sprunge 10 og 21 kilometer, samt gått til fots i alle fall ti kilometer i løpet av dagen. Dei fann ho, krampa hadde gitt seg, og dei sprang saman dei siste tre kilometrane inn til mål. Dei siste 500 metrane var eg med og, med stor, tung ryggsekk og ein bag. Lukka var stor.  Etterpå gjekk vi på restaurant og der sat vi i ein lykkerus og fniste og lo i mange timar, og eg veit ikkje kva rekninga kom på, og eg vil aldri vite det heller.

Men tilbake til maratonløparane: Eg veit kven av desse eg vil være, den dagen eg spring maraton. Då vil eg ikkje være ein som kjem inn med gnagsår på ballane (if you pardon my french) fordi eg aldri har prøvd kva det er å springe så langt på ein dag før, eg vil ikkje være ein som kjem inn med krampe i beina fordi eg begynte for hardt fordi eg ikkje kjende min eigen kapasitet, eg vil ikkje være ein som besvimer og hallusinerer fordi han ikkje er dreven nok til å få i seg nok væske, eg vil ikkje være ein som spyr og gret etter mål fordi dette var langt, langt over kva han var i stand til, og eg vil ikkje springe på meg ein skade som eg kanskje slit med i månader og år etterpå.  Nei, eg vil være ein av dei som kjem inn sliten, men fornøgd, vel vitande om at dette var godt innanfor det eg kan forvente at kroppen min tåler.

Eg skal med andre ord være lett, veltrent og ha prøvd å springe både to og tre mil mange gonger før eg stiller på startstreken. Det var godt eg var der og såg korleis det er.

 

Kommentarer