Alt bortkasta

Sist veke trente eg 29 timar, og gjekk opp 3,3 kilo. Eg må seie eg syns det er litt deprimerande.

Frå fjellturen lørdag. Tankefull skodar han inn i tåkeheimen: Kvar i all verda kom dei ekstra kiloa frå? (Foto: Aurora Øvretveit)

Sist veke såg treningsdagboka mi slik ut: Tirsdag 2 timar mosjon (1 time tungt, 1 time middels/lav). Eg rangerer intensitet slik:  Puls over 144 : Tungt( over 80 % av makspuls). Puls 122-144: Middels (70 – 80 %). Puls 105-122: Lav (60-70% ). Onsdag 5 timar (4 tung, 1 middels/lav), Torsdag 9 timar (1 tung, 8 middels/lav), Fredag 7 timar, (5 middels/lav, 2 tungt), lørdag 4 timar middels/lav, søndag fri, mandag 2 timar (1 tung, 1 middels/lav). Til saman trente eg 29 timar på ei veke. Då eg gjekk heimefrå tirsdag, vog eg 94,5 kilo. Då eg kom heim fredag, vog eg 95,7 kilo. Lørdag gjekk eg ein fire timars fjelltur med eldste dottra mi, og då eg kom heim, vog eg 97,8. KORLEIS ER DET MULIG???!!!!!

Dette var veka eg gjekk på ekspedisjon med lavvo i høgfjellet og måtte bære to vendingar for å få alt med meg. Skal ein greie slikt, må ein ha mat med seg, så enkelt er det.

Vanlegvis, når eg er heime og alt går i sin vante tralt, er menyen min slik: Ei skål med firkornblanding, valnøtter, ei halv, hakka frukt, lettmelk og dobbelnull vaniljeyoghurt til frokost, og så blanda salat og reinskore kjøt eller fisk resten av dagen. Frokosten gir meg energi til ei dugelig treningsøkt på formiddagen, og resten av dagen får eg protein og næringsstoff til å halde vedlike musklar og kropp generelt. Og eg går ned i vekt. Sakte, men sikkert.

Denne (harde) veka tenkte eg at eg treng nok meir mat enn som så, skal dette gå. Så onsdag, torsdag og fredag spiste eg dette: 4 pakkar Real Turmat, ti posar Cappucino-kaffi, åtte doble grovbrød-skiver med ost, tomat, løk og kyllingfilet, 3 nektariner, 200 g fenalår, 100 g melkesjokolade, 175 g chips, 4 boksar Hansa Lite pils, og 3 dl whisky (til saman, over tre dagar, altså). Okei, det er nokre ting der som ein slankar absolutt ikkje burde unne seg, men eg forbrente då for f.. fem tusen kaloriar for dag? Minst?  Alt dette til saman skal då ikkje summere til ni tusen kaloriar (som = ein kilo kroppsfett) ein gong?

Det har vore nokre tunge dagar, og eg har leita desperat etter forklaringar.  Teori 1: Væskeansamling. Eg tørsta ein del på torsdagen. Hadde ikkje med drikkeflaske i fjellet, og gløymte å drikke når eg passerte bekkar. Fekk nok ikkje i meg meir enn ein liter i løpet av ni timar mosjon, pluss 7-8 dl i kaffi og turmat. Fredagen hadde eg bestemt meg for å gjere noko med det, og drakk tre koppar vatn kvar einaste gong eg passerte ein bekk. Drakk sikkert 3-4 liter vatn i løpet av dagen. Dessutan spekemat og chips, (= mykje salt), og fredag og lørdag var kjølige dagar, lite svetting. Gjekk i same skjorta heile dagen, det gjer eg ellers aldri. Kan kroppen ha overkompensert etter tørstinga torsdag? Eg følte meg dessutan hoven i fjeset og anklane lørdag. Jau, ganske rett: Vekta har  gått tilbake med ca ein kilo for dag, og i går vog eg 94,5 igjen.  ( I dag tidleg og, for den saks skuld. Det talet er nok rett.)

Men eg skulle jo ikkje det! Eg skulle være komt under 93-talet, eg! Etter 29 timar trening på eit kaloriforbruk på (svært forsiktig anslått) 500 kaloriar i timen skulle eg ha forbrent 15 000 kaloriar, tilsvarande halvannan kilo kroppsfett? Eg skulle ha gått ned halvannan kilo, og så går eg ikkje ned eit einaste gram? Eg trur eg berre må innsjå (teori 2:) at det ligg 45 (imaginære/potensielle) kilo med tomme fettceller i kroppen min og berre hungrar etter fett, og i det øyeblikk det kjem eit chipsflak (eller ei dobbel brødskive) forbi, så høgg dei tak i det, fyller på med litt vatn og kva veit eg, og så er det grammet med chips blitt til 2 gram fett. Det er ein litt Donald Duck-aktig teori, men eg trur eg er i nærleiken av noko.

Men kva så med dei lange turane? Korleis skal eg greie å fyre opp kroppen med nok energi til å koste over fjell og vidder i mitt livs form, som er det kjekkaste eg veit, som eg har gleda meg til i eit halvt år? Eg trur eg heretter (teori 3:)

1: Må innsjå at eg treng langt mindre ekstra energi enn eg trur.

2: Innta dagens siste karbohydrat idet (og kanskje helst før) eg passerer toppen (som i 1150 moh.) den dagen. Ned att kjem meg meg alltids.

3: Dimensjonere kaloriinntaket heilt i nedre grense av kva eg trur går, og så heller gå med nokre XL1 energigelepakkar i sekken som eg kan ta viss eg skulle sprekke totalt.

4: Ligge unna Real Turmat (eg har oppdaga at det er 27 % fett), og spare chipsposen oppå kjøkkenskapet til jul. Fenalår er salt og god og mager snacks, og eg kan alltids koke posesuppe.

Så får vi sjå. Eg ser ut vinduet, og konstaterer at ergometersykkelsesongen er nok over oss. Lurar på om eg skal kjøpe meg Blu-ray spelar. Mandag skal du få mi liste over verdens ti beste filmar. Fin å ha, når det regnar vannrett ute.

Praktiske forsøk viser dessutan at skiver pakka ei og ei i plastpose gir eit noko meir ordentlig inntrykk enn sju og sju laust skranglande i isboks.

Kommentarer