Skuffelse

Tann-operasjonen vart ein stor skuffelse. Skal du ha noka glede av bekymringane, må du som regel ta dei på forskudd.  Eg burde tatt bilder, men det gløymte eg, det soste eg rett og slett vekk i Sobril- og Paralgin Forte-tåka.Maratonmann (Dentist view).

Sobril er, etter det eg kunne finne ut på Internett, ein farleg medisin. Farleg god. Ein lege eg kjenner sa at eg burde ikkje ta dei i det heile tatt, for det er det alle endar på, som blir avhengige av legemidlar. Sobril er rett og slett den beste rusen du kan få i pilleform, visstnok. Og på alle internettsider står det grundige advarslar om fare for tilvenning, og at folk som er «disponert for rusmisbruk» (= «tar ein fest av og til», som det står i kontaktannonsene), ikkje burde ta Sobril.

Eg hugsar at eg googla «dosering Sobril» i går morges og fann ut at vanleg dosering var 15 milligram før tannoperasjonar, eg hugsar veldig godt at eg ringte bort på sjukehuset for å høyre kor mange av desse tre 15 mg tablettane eg skulle ta, og eg spurte oppatt to gonger for å være heilt sikker på at dama sa «alle tre». Ja, på ein gong. Ja, til saman 45 milligram. Ja, det var det ho hadde sagt, ja. – Men blir ikkje eg kraftig dopa då? – Tjah, det kan vel hende. Ta alle tre, du, og så kjem du hit og får ein fin opplevelse, sa dama med smil i stemma. Okei. Eg googla ein gong til og fann at ved premedisinering før operasjonar kunne ein gi opp til 50 milligram, så farleg kunne det i alle fall ikkje være.

– Okei, tenkte eg, let’s GO FOR A RIIIIDE! og så heiv eg innpå dei tre tablettane. Eg har lest min «Frykt og avsky i Las Vegas», og no var eg klar for ein berg- og dalbane på benzodiazepin. Kven veit, kanskje ville det stå eit romvesen og haike på Myrmel? Party, party, PARTYYYY!

Det vart ein stor skuffelse.  Eg hugsar at stefar min køyrte meg bort til sjukehuset, eg hugsar at det sat ei dame der som hadde tur før meg, og at ho var inne veldig kort tid, eg hugsar at tannlegen var veldig blid, og at han gjorde akkurat som eg sa når det gjaldt bedøvelsen (først eit lite stikk, så bedøvelsen får virke, og så hoved-dosen etter to-tre minutt), eg hugsar at det var ei dame i grøn frakk og hette der, eg har eit tåkete inntrykk av at ho heldt hovudet mitt i eit spenntak så tannlegen fekk bryte skikkeleg på tanna, og så trur eg muligens det var ein heil masse boring, og plutseleg var det ein fyr som sa at dett var dett. Eg har og eit bilde (desverre berre inni hovudet mitt) av ei grøn dame med ei brun tann som eg ba ho kaste i bosset.

Det neste eg hugsar var at eg sat på i ein bil, og at det var «SALG» på Plantasjen, og så, plutseleg sto eg på kjøkkengolvet heime. Eg oppdaga at eg hadde ein stor bomullsdott med masse spytt og litt blod i munnen, og den spytta eg i bosset, og dermed vart det plass i munnen min til seks kalde fiskebollar som sto i kjøleskapet, og så sa stefar min noko om Paralgin Forte. Eg studerte den venstre handa mi litt nærare, og i den fann eg ein pakke med 20 Paralgin Forte. Den hadde eg altså vore innom apoteket og fått ut.  Jasså.

Det seier litt om kva makt som bur i ein resept, når ein mann som er så omtåka at han etterpå ikkje hugsar eit kvidder av det, kan få ut nok dop til å drepe i alle fall to menneske, heilt utan problem.  Så toppa eg fiskebollane med ein Paralgin Forte, og så gjekk eg og la meg. Våkna tre timar seinare, med ei påfallande kjensle av utsovenhet. På kjøkkenet fann eg ei rekning som det visstnok var meininga at eg skulle ha betalt på vegen ut av sjukehuset.  Javel. Eg begynner å skjønne at det var bra eg hadde med meg stefar min.  Utan han kunne eg like godt ha våkna opp gift med ein pakistansk drosjesjåfør og med heile huslånet mitt i utanlandsk valuta. Skjønt, det siste har eg visst allereie.

Og det er vel i grunnen det eg hugsar av dei greiene der. Tok ein PF då eg sto opp i går ettermiddag, etter det har eg ikkje hatt nevneverdige smerter.  Og konklusjonen? Som rusmiddel er Sobril sterkt oppskrytt. Det måtte i tilfelle være om du skulle ynskje å forsvinne lengst mulig ut av denne verda. Og det er det vel desverre ein del som vil. Men spør du meg, så vil ei intervalløkt og ei rask halvflaske vin være å foretrekke når som helst. Men angst, det hadde eg ikkje. Ikkje i det heile tatt, faktisk. Og det var vel hovedhensikten, tross alt.

Og a propos det: Eg fann i lomma mi eit ark der det sto alt mulig om forsiktighetsreglar dei neste dagane, og der sto det blant anna at eg burde unngå anstrengelsar i ei veke framover. Det synes eg høyrest rart ut. Kanskje det har med puls og blodtrykk og smerter i «gro-området» å gjere. Eg skal no gå ein frisk totimars tur i dag, så får vi sjå.

Kommentarer