Mental motbakke

Den siste veka vart ein mental motbakke. Eg er ikkje fullt så fanatisk på det med trening som eg var i sommar, derfor kom ei veke utan trening litt bakpå meg. Eg har hatt slik medgang dei siste vekene, at eg var rett og slett ikkje budd på litt motgang.

Eg trur nok, etter kvart, at eg må tenke på å kjøpe meg nokre litt meir passande klær. Men hekken er no fin.

Onsdag for tolv dagar sidan trente eg skikkeleg, det vil seie 35 min spasertur før frokost, så 4 x 4 minutt intervall i motbakke midt på dagen, og så på ettermiddag 25 min tredemølle og full runde med styrketrening på Spenst i Førde.

Torsdag vart eg operert i ei tann, og der fekk eg beskjed om å ta det med ro i ei veke. Mandag følte eg at det var gått omtrent ei veke, så eg la ut på min faste kort-sykkeltur, rundt Hestad (21,5 km). Det var blytungt. Pers der er 46 minutt, no brukte eg 53.  – Oioioi, tenkte eg, meir skal det altså ikkje til. Du har trent intervall berre ein gong i veka siste månaden, rypejakt-turane dine er nok litt for slappe i frasparket, du har ramla skikkeleg nedpå i det siste, no har du det stelt det fint til.

Tirsdag skulle eg ut og trene så snart kona mi drog på jobb,, men eg var så uopplagt. Alle rundt meg var skikkeleg forkjøla. Eg var berre litt snørrete, men kjende meg ikkje heilt god likevel. Antydning til feber. Lurte på å gå og legge meg igjen, men så kom sola fram, og så vart eg sitjande og sjå på hekken på hagemuren. Det er ein bøkehekk som eg pleiar å halde heilt firkantklipt. Men om våren plantar eg blomkarse i han, som så i løpet av sommaren blir til eit ugjennomtrengeleg virvar av blomsterrankar. Det er ganske fint, men det er ein stor jobb å renske det vekk att når vinteren kjem. Spesielt hvis ein ventar så lenge at rankane frys, då råtnar dei veldig fort, og så står ein der med bare nevar og slit og drar i frossent slim som slitnar som strikk og sprett i fjeset på deg så slimet sprutar. Så det er om å gjere å ta dei før frosten kjem.

– Kanskje eg kan gå ut og ta litt av blomkarsen, tenkte eg. To timar seinare hadde eg renska ut ein haug som var høgare enn meg sjølv. Sjuk var eg, men i roleg tempo var det ganske fint å stå ute i sola.  – Kanskje eg skal trimme hekken litt og, tenkte eg. – Kan no ta framsida, i alle fall. To timar  seinare hadde eg trimma heile hekken. Begge desse tinga har vore slikt som eg tidlegare har gjort det eine ein dag, og så det andre ein anna dag. Og då helst med hjelparar.  Og i frisk tilstand.  No såg det veldig rotete ut rundt hagemuren. Hekk-klipp låg og flaut over alt.  – Kan no alltids koste saman litt, tenkte eg.  Tre timar seinare begynte det å mørkne, og då hadde eg kosta saman alt, skrapt foten av hagemuren for grastuer, og feid skikkeleg heile vegen. Også dette eit passeleg lørdagsprosjekt for eitt år sidan.  Til slutt, etter at det mørkna og gatelyset kom på (som avslører den minste ujevnhet i klippinga), gjekk eg ut og heldt på ein time med papirsaks og tok eitt lauv her, og eitt lauv der. Vi snakkar petimeter-frisyre-hekk no.  Alt dette, på ein halvsjuk dag. Slik er det å være i god form.

Men det er slikt som eg ser no. Trur du eg tenkte på det då? Nei. Sanninga er at eg har aldri vore lengre unna maraton enn dei første to dagane etter sykkelturen som var så tung (fordi eg var sjuk, jada, eg ser det og – no.) Heile denne hekk-tirsdagen og heile onsdag gjekk eg og tenkte desse tankane:

– Du kjem aldri til å greie å springe eit maraton. Kvifor skal du springe maraton? Du hatar å springe. Springe er kjedeleg. Kvifor skal du springe maraton, som kan springe på fjellet og jakte ryper like lett som andre ryddar i bestikk-skuffa si? Skal du springe maraton, må du ned i 80 kilo, altså tolv kilo til, eller sknuser du den vonde hælen din. Fins det tolv kilo overflødig fett på kroppen din? Nei. Altså må du miste muskelmasse. Kor lurt er det? Det er plenty kult nok med eit halvmaraton. Du kjem aldri til å greie å springe maraton. Hestad på 52 minutt? Det fins damer i femtiåra som syklar det fortare enn deg. Du hatar å springe. Du kjem aldri til å greie det. Du er tynn nok. Dessutan kjem du til å bli feit igjen. Du som ikkje greidde å motstå kremosten i kjøleskapet i går igjen.

Dette tenkte eg, omatt og omatt, og det er grunnen til at eg ikkje oppdaterte bloggen i førre veke. Det er ikkje lett å skrive noko positivt og morosamt, når hovudet ditt er fullt av slike tankar. Dei seier at intet nytt er godt nytt. Det gjeld ikkje denne bloggen, det kan eg i alle fall seie deg.  Så, onsdag, tenkte eg at eg får no ta ein tur på Fosstølen. Ringte alle eg kjenner som pleiar å gjere slikt, men ingen hadde tid. Til slutt la eg i veg åleine.  Det er ein skogsveg halvvegs opp på fjellet her, 290 høgdemeter på 2,5 kilometer. Pers så langt er 35 minutt. Halvvegs oppe traff eg eit vennepar og vart ståande og prate litt med dei, og så gjekk eg vidare. Då eg kom opp, hadde eg brukt 35 minutt. Inkludert prate-pause. Hm. Kunne eg ha persa kraftig, viss ikkje eg hadde treft dei?

Torsdag gjekk eg for rekord. La ut litt friskare enn eg egentlig trudde eg kunne halde heilt fram, men skal du perse, så må du nesten gjere det slik. Gjekk så fort som det let seg gjere utan å slå over i jogg. Heldt det tempoet, sjølv opp bakkar som nærmar seg 20 % stigning (Ja, 20 %. Du kjem ikkje opp der utan firehjulstrekk). Kom opp i puls 144 pluss (mi nedre intervallgrense) etter ca 10 minutt, og idet eg såg husa på stølen slo eg over i jogg, og heldt puls 160 pluss dei siste tre minutta. Kom opp på 28,20. Det kallar eg SOLID PERSING!!!!!

Så no er eg begynt å tenke på maraton igjen. Det vil seie, eg er tilbake der eg har vore dei siste par månadane: No trenar vi godt og grundig dag etter dag, og et det vi skal (og kallar ei utskeiing for ei utskeiing), og så vil formen gå rette vegen, og så vil vekta gå rette vegen, og så tek vi beslutningane  etter kvart. Torsdag er det meldt sol, regnet i det siste har vaska snøen av fjella, og rypene trippar rundt kvite og trur dei er usynlege. But NOT! Og eg er i mitt livs form. Juhu!

 

SISTE: Vekta kl. 11,18, mandag: 92,0 kilo. Utan undik, sokkar og to store koppar kaffi ville eg vore langt nede på 91-talet. Hah!

 

 

Kommentarer