Fekk superkrefter

I min barndom var det streng justis på kva teikneseriar eg fekk lese. Tarzan var for voldeleg, Fantomet likeså. Men Supermann, det var av ein eller anna merkeleg grunn greit. Eg trur det var fordi far min likte det. – Tenk å ha superkrefter, tenkte eg ofte. Supermann hadde nemleg det. Ei slags forklaring var at han var oppvaksen på ein planet (Krypton) der tyngdekrafta var mykje større enn på jorda, og difor var bygd for mykje tyngre tak enn oss andre. Det forklarer jo ikkje det med røntgensynet, og at han kunne fly, men pytt. Eg har hundrevis av gonger drøymt at eg kunne fly, at eg hadde utvikla ein teknikk der eg hoppa opp og ned, og det gjaldt berre å ta i med alle krefter i kvart opphopp, så kom du litt og litt høgare opp, og så begynte veien å oppføre seg som ei trampoline, og så, plutseleg, hadde tyngdekrafta slept taket, og så kunne eg fly. Eg begynner å lure på om dette var ein profetisk draum.

For i går skjedde det noko. Noko heilt fantastisk. Det var som om eg hadde fått superkrefter.

Litt over halvveis. I den sekken er det minst 25 kilo ved. Turen begynte ved vatnet i bakgrunnen. Du skimtar stien til venstre i bildet.

Eg har tidlegare nemnt hytta vi disponerer i Viksdalsfjellet. Inn dit er det 4,7 kilometer å gå, først på dumpersvei, så på tildels bratt og steinete fjellsti, totalt ca. 200 høgdemeter. Pers så langt er 1 time og 5 minutt, og då var vi på dagstur, så i sekken hadde eg vel ein rett i koppen og eit par tørre T-skjorter, vil eg tru.

Denne veka har det og skjedd noko stort, idet dotter mi på 17, som skal ha eksamen på mandag, fortalde at ho hadde lyst til å gå inn dit fredag ettermiddag og sitje og lese heilt uforstyrra til søndag ettermiddag. 7 km frå næraste hus, åleine i mørket, utan strøm og innlagt vatn. Dette gjorde meg mektig stolt, og eg tok det som eit teikn på at vår oppdragelse har lukkast. Det var berre eitt problem: ved. Under golvet ligg det eit halvt tonn med forskalingsmaterial, men den er av gran, og skal du ha til å fyre i ovnen eit par timar, så må du sage og kløyve i ein halvtime. Det kan være litt surt arbeid om været er dårleg, det tek verdifull lesetid, og det kan øydelegge litt av moroa, den første gong ho er åleine på fjellet.

Okei, tenkte eg, eg skal no ha litt mosjon denne veka og, eg kan no bære inn litt ferdigkløyvd ved til henne. I går lesste eg opp den store ryggsekken min med så mykje rogneved (best there is) som eg kunne greie, og framleis gå nokonlunde normalt. Eg tippar det var mellom 25 og 30 kilo. – Blir det for tungt, kan eg no allltids legge av litt undervegs, tenkte eg.

Den første motbakken (40 høgdemeter) greidde eg å gå full fart, var kraftig andpusten på toppen, men så flata det ut. Så kom ein kilometer flatt der eg kunne gå på så fort det let seg gjere i forhold til å setje foten rett, og det gjekk fint. Så kjem ein lang, 120 høgdemeter motbakke, og midtvegs i den brukar eg å ta pause. Eg kjørte på, så fort det gjekk, kom til pauseplassen, bestemte meg for å droppe den, og heller puste litt på neste, som er 15 minutt før hytta. Fem meter før eg kom dit bestemte eg meg for å droppe den og, og så gjekk eg alt eg berre greidde inn til hytta. Kom inn der, slepte av meg sekken, og såg på klokka: 59 minutt! Med det svinet av ein sekk! Hadde du spurt meg om morgonen ville eg trudd det var umulig, sjølv for min ven Ole Jakob. Og han er sprek, han. Og no hadde eg gjort det. Kva er det som skjer?

Eg åt ei skjeve, drakk to koppar kaffi, saga og kløyvde vedkassen full med forskalingsved (special bonus), og så tok eg på meg den tomme sekken og gjekk heim. Det vil seie, eg flaug. Stien går rundt ei rekke «nes» i terrenget, men eg gjekk raka vegen, luftlinje. Storma opp motbakkane, småjogga på flatene. Det var som når eg flyg i draumane mine:  All moroa, men utan at det kosta krefter. Eg måtte smile og faktisk le litt her og der, det var som den første gong eg køyrte ein Peugeot 205 GTi 1,9, det var berre å røske til når du fekk lyst til det.

Vel komen heim vart eg sitjande, lett euforisk, og sende hysteriske sms’ar til folk. – Akkurat ja, du har vært på en «runner’s high», skreiv TV2 sin treningsekspert Siri Marte Hollekim tilbake. Eg sit og kjenner på at eg blir litt sur av at det finst eit navn på det. Det antydar, på ein litt uforskamma måte, at det fins folk som har opplevd dette før meg. At eg ikkje er den einaste i heile verda som har kjent korleis det er å få superkrefter. At dette fenomenet faktisk er så utbreidd at det fins eit namn på det. Jaja, det spelar inga rolle. No skjønar eg (og kanskje først no) korleis folk kan bli treningsnarkomane.  For dette var fantastisk. Dette går det nok an å bli steinhardt avhengig av. Dei seier om crack at det er så farleg at ein kan bli avhengig etter ein gongs bruk, det tippar eg gjeld dette her og. Eg tippar det var slik hovudpersonen i Limitless hadde det då han fekk ein tablett som gjorde han tusen gonger så intelligent som før: Dette MÅ eg ha meir av! Og det i dag! So no stikk eg. Meir ved.

Omsorg som varmar. Når du kjem fram til noko slikt, veit du at det er nokon som er glad i deg.

 

Kommentarer