Som ein hund

For eit par år sidan var eg på ferie i Sverige med eit par eg kjenner.  Midt ute på eit jorde i Skåne stoppa dei bilen og slapp dei to vorsteh-hundane sine laus. Og dei la på sprang! Som to olja lyn fauk dei over markene, ein kilometer var unnagjort på sekundar, hit og dit, heilt ville. Med jammne mellomrom kom dei tilbake, og så låg dei og pusta med ein frekvens eg anslår til rundt 300 innpust per minutt. Og så avgårde igjen.  Og eg tenkte med meg: Tenk å ha ei sånn glede av berre det å springe? Men det er klart, når det unna på den måten der, då er det jo antakeleg litt moro og. Omtrent som dei hundane kjenner eg meg no.

Skodda låg tjukk, og sikta var dårleg. Men kva gjer det, når Elementenes Herre er på tur?

Mandag gjekk det opp for meg at eg ikkje hadde nokon (veldig viktige) avtalar tirsdag og onsdag. Eg pakka sekken (blytungt) og la i veg inn til hytta vi disponerer i Viksdalsfjellet. Det blir litt meir schwung over fjellturane, når du ikkje treng tenke på at det er tungt å bære. PC, så eg kan sjå ein film om kvelden? Sjølvsagt. Speilreflekskamera med 300 mm zoom? (i staden for hagle, eg har ryper nok.) Oppi sekken med det. Tunfiskboksar, tomat, salat, agurk og løk? Ei glasflaske, like godt, med salatdressing? Kom igjen. Til og med melk, som eg alltid før har savna på fjellturar, to liter, tok eg med. To bøker ( i tilfelle den første eg begynner på viser seg å være kjedeleg.)

Eg svetta godt på turen inn, men kva gjer det, når ein kan sløkke torsten med ein halvliter Cola Light? Kosekveld de luxe på hytta, tidleg i seng, og tirsdag morgon sat eg klar og trippa då det lysna, som ein av dei før nemnte hundane, idet dei skjøna at no vart det springing.

Eg har kanskje nemnt det før, men gleda over å kunne gå 400 høgdemeter motbakke med sju kilos sekk i vanleg frisk gangfart utan at det blir ubehageleg slitsomt, den er enorm. Og når du så kjem opp i høgfjellet, skiftar av deg svett tøy, og så kan begynne å luntetrave innover fjellet, time etter time, du verden for ei verdsmeisterkjensle som sitrar i kroppen og sjela.

Det er rart kor ofte ein har gått på det første fjellet, og kor sjeldan ein har gått på det neste, litt innafor. Eg har vore på Snøheia i Viksdalen sikkert femti gonger i mitt liv. Under ein times gange lenger inne i fjellet ligg Jemdalsnova, men der har eg aldri vore. Ikkje før i går. Eg la i veg innover, heilt åleine, hadde ein rypeflokk for meg som eg prøvde å snike innpå og få eit godt nærbilde, men rypejakt med fotoapparat er vanskelegare enn med hagle.  3-400 meter før toppvarden kom ei sky glidande inn frå høgre. Litt under meg, rett på meg, og litt over meg. Plutseleg var alt grått. Eg såg det skje, og merka meg vegen opp til varden: Det var i grunnen berre å følgje ryggen eg gjekk på, og passe på at eg fekk vinden inn rett frå høgre heile vegen.   Kom opp til varden, markerte det med ein enkel, men verdig seremoni (banka to gonger på varden, det har eg lært av teatersjefen i Sogn og Fjordane. Ein skulle tru han ville valgt noko litt meir teatralsk, men i fjellet er det verdigheten som tel), og så snudde eg nasa heimover. Sikta var no tjue meter. Eg hadde GPSen i lomma, men eg hadde lyst å sjå om eg kunne greie dette utan. Det skulle jo i teorien berre være å følgje ryggen og få vinden inn frå venstre, så skulle eg gå rett tilbake same veg.

Etter eitt kvarter gjekk eg rett på staden der eg hadde for meg rypeflokken på veg opp. Eg hadde altså holdt kursen som ei snor, i den ertesuppe-skodda. Neimen ikkje dårleg. Kom regn, kom vind, kom snø, kom skodde, men Maratonmannen blir ikkje redd, fordi om han er åleine på fjellet. Eg kjende meg som Elementenes Herre. No fann eg fram GPSen. Eg ville til Rypevatnet, som ifølgje GPSen skulle ligge 450 meter unna. Det burde ein kunne gå på litt over fem minutt.  Alt i alt brukte eg nesten ein time. Eg gjekk hardt på i begynnelsen, og kom nokså snart opp på ein rygg der eg meinte at Rypevatnet skulle dukke opp nede til høgre. Men så ser eg plutseleg noko kvitt i skodda langt under meg, nede til venstre???. Eg stoppa for å tisse og tenke litt på valutakursar og Euro-krise, og denne distraksjonen var akkurat nok til at idet eg begynte å gå igjen, så tenkte det enkle, lille hodet mitt at «No skal vi sjå, der har vi Rypevatnet nede på høgre side, då er det berre å kjøre på framover her, så kjem eg nok snart ned til det.» Hadde heilt gløymt at eg eigentleg skulle ha det på høgre side, men at det viste seg å være på venstre side. Og at når eg no hadde det det på høgre side, så var ikkje det fordi alt var rett, men fordi det første var feil, og så gjorde eg ein feil til, og det betyr desverre ikkje alltid at det blir rett igjen. Er det rart ein blir forvirra, når ein tenker slike tankar? Etter ei stund kom eg fram til… Staden der eg hadde for meg rypeflokken????? No tok eg fram GPSen. Eg hadde gått ein stor, fin sirkel, og var komen tilbake til utgangspunktet.

No snudde eg igjen, gjekk vidare med gpsen i handa, sjekka av og til, men det var utruleg vanskeleg å styre beina i ein kurs som gjorde at prikken på skjermen nærma seg Rypevatnet. Og plutselig hadde eg det på venstre side igjen. – Nei, gpsen tar feil, tenkte eg, det er sikkert skodda som forvirrar han, og så snudde eg, så eg hadde vatnet på høgre sida, og akkurat idet eg trudde eg skulle komme til nedstigninga, så kom eg fram til…. PLASSEN DER EG HADDE FOR MEG RYPEFLOKKEN!!!!

Han skulle eigentleg rett fram. (Som i "ein rett strek tvers over skjermen"). I staden valgte Elementenes Herre å navigere slik.

Eg hadde no gått sirkelen to gonger, den andre gongen med gpsen i handa. Er det mulig. No gjekk eg til drastiske skritt. Eg sette målpunkt på Rypevatnet, trykte «Gå til», og då dukkar det opp ein lilla strek på skjermen, som eg berre skal følgje, og då skal eg i teorien komme fram. Eg begynte å gå etter streken, mens eg heile tida tenkte at «dette er berre nødt til å være feil», men eg bora nasa ned i GPSen, gjekk på, og plutseleg sto eg ved… – Rypevatnet. Skulle du ha sett.  Kom trygt heim etter sju timar i fjellet, og runda av dagen med ei halvtimes ved-økt, tørt, langt ullundertøy, peis-eld, ti stearinlys, ei god bok og eit herleg måltid. Ahh, Livet. Fins ikkje noko bedre enn det.

Ps.: Mange som lurar på vekta no. Badevekta mi gjekk bananas for fjorten dagar sidan (billig drit). Brått viste den nemleg 72 kilo, og det fann eg så oppsiktsvekkande at eg prøvde ein gong til, og då raste den opp og ned frå 112 til 26, før den stabiliserte seg på 39 kilo. Eg bestemte meg for ikkje å stole på dette resultatet. Og sidan det er litt trangt om dagen (slik det gjerne blir når ein ikkje har vore i skikkeleg arbeid på snart eitt år), så har eg ikkje kjøpt noka ny vekt. Men den nye dongeribuksa mi er rommelegare enn ho var då eg kjøpte ho, og då vog eg 92 kilo. Tippar eg nærmar meg ein magisk milepæl no, og snart kan skrive vekta mi med eit tal som begynner med eit åttetal. Men det får vi altså sjå, viss eg kjem over litt pengar i neste veke.

Kommentarer